 |
| Kong Haakon VII går i land i
Norge 25. november 1905. Dronning Maud fylgjer
like etter og vi skimtar kronprins Olav på armen
til einkvan heilt til høgre. Krigsskipet Heimdal
la til kai med kongefylgjet ved Vippetangen
bryggje ved Akershus festning. Kristiania by hadde
sett opp ein mottakshall der ordføraren,
vegdirektør Skougaard, ynskte kongen velkomen til
hovudstaden. |
1905 - Den nye kongen og kongefamilienI 1905
vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen
med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7.
juni. Den 18. november valde Stortinget prins Carl av
Danmark til Norges konge. Denne artikkelen handlar om
den nye kongen og kongefamilien.
Bakgrunn 7. juni 1905: "Norges trone
ledig." var ei av overskriftene i Florø-avisa Nordre
Bergenhus Amtstidende same dagen som 7. juni-vedtaket i
Stortinget. Den norsk-svenske unionskongen Oscar 2. var
ikkje lenger Norges konge. Stortinget hadde gjeve
regjeringa mynde til mellombels å utøva den makta som
etter Grunnlova låg til Kongen.
To spørsmål dukka straks opp. Det fyrste: Kven skulle
verta ny konge i landet? Det andre: Var det sjølvsagt at
landet skulle halda fram som kongedømme? Burde ein ikkje
heller innføra republikk som statsform?
Meiningsskilnaden kom klårt til syne då Stortinget 7.
juni også vedtok å senda ei "adresse" (brev) til den
"avsette" kong Oscar med tilbod om at ein svensk prins
kunne verta den nye kongen. I brevet understreka
Stortinget at arbeidet og kampen for fullt norsk
sjølvstende ikkje var "begrunnet" i uvilje mot
kongehuset eller det svenske folket.
Arbeidarpartiet sine fem representantar røysta mot å
senda ei slikt tilbod. Dei mest overtydde
republikanarane sa straks tydeleg frå om at dei ikkje
såg på spørsmålet om framtidig statsform som avklart.
Dei sende ut eit flygeblad der det var formulert ein
kraftig "Protest mod ethvert Skridt fra Regjerings og
Stortings Side, som gaar ud paa at tilsidesætte Folkets
Vilje eller binde dets Selvbestemmelseseret i valget af
ny Regjeringsform!"
Ei tid seinare vart det frå styresmaktene også teke
meir uoffisiell kontakt med det danske kongehuset. Den
33 år gamle prins Carl var ein aktuell tronkandidat. Han
var gift og prinseparet hadde ein to år gamal son.
Etter Karlstadsemja i september - det endelege
skilsmålet mellom Norge og Sverige som unionspartar -
takka det svenske kongehuset formelt nei til tilbodet om
å stilla ein svensk prins som kongekandidat. Den danske
prins Carl var no det einaste alternativet. Stortinget
vedtok 31.10 med 87 mot 29 røyster å be regjeringa ta
opp forhandlingar med prins Carl om han var villeg til å
la seg velja til Norges konge.
Resultatet vart at prins Carl sa seg villeg til å la
seg velja til norsk konge, men berre på vilkår av at
folket gav si tilslutning gjennom folkerøysting. Ved
folkerøystinga 12. og 13. november svara ca 80% ja til
kongeval. I røynda var denne folkerøystinga eit val om
statsform, kongedømme eller republikk
Stortinget kåra konge 18. november Den 18.
november gjorde Stortinget samrøystes fylgjande
vedtak: "Norges storting kaarer til Norges konge:
Hans kongelige høihet prins Carl af Danmark." I same
møtet valde Stortinget ein deputasjon til å reisa til
Danmark for å bera fram bodskapen til Kongen av Danmark
og for å ta imot kongens samtykke til at prins Carl
mottok valet.
Melding om kåringa nådde likevel fram til Danmark
lenge før deputasjonen. Det vart straks sendt telegram
til prins Carl, og svaret kom same dagen. Det vart sett
nytt stortingsmøte kl. 20.45. Svar-telegrammet frå prins
Carl til stortingspresidenten hadde denne ordlyden:
"Med Hans majestæt kongens, min høie bedstefaders,
tilladelse agter jeg at modtage valget til Norges konge,
idet jeg antager navnet Haakon den syvende og tillægger
min søn navnet Olav. Guds rige velsignelse nedbeder
min hustru og jeg over det norske folk. Dets ære og
lykke vil vi vie hele vort fremtidige liv. Carl."
Deputasjonen på Amalienborg slott Den 20.
november tok kong Christian IX imot den norske
deputasjonen i tronsalen på Amalienborg slott.
Formannen, stortingspresident Christian Berner, bar i
ein kort tale fram spørsmålet om kong Christian gav sitt
samtykke til at prins Carl let seg velja til konge i
Norge, Kong Christian svara med eit fast ja, og sa
mellom anna desse orda:
"Du min kjære sønnesønn, har tjænt dit fædreland og
din konge med troskab, og derfor er jeg vis paa, at du
vil gaa ind til dit nye, ansvarsfulde hverv med god
vilje til å fylde din plads. Din far og mor, din hele
slægt, det danske folk og jeg, din gamle konge og
bedstefader, alle føler vi varmt for dig i denne
høitidelige stund. Gaa med Gud, mit kjære barnebarn, du
fra det land og den slægt, der har fostret Eder, og op
til det land og det folk, som har kaldt Eder, og tag
Eders gamle konges velsignelse for Eders, Eders slægt og
Eders gjerning med Eder nu og bestandig. Hermed Gud
befalet."
"Alt for Norge" Same dag var deputasjonen i
audiens hjå Kong Haakon og Dronning Maud. I den fyrste
offisielle talen sin som norsk konge sa kongen noko om
kvifor det hadde vore avgjerande for han med
folkerøysting: "Jeg vilde have sikkerhed for, at det
var et folk og ikke et parti, som ønsket mig til konge,
da min opgave fremfor alt bør være at samle, ikke
splitte. Mit liv vil jeg hellige Norges vel, og det er
min hustrus og mit inderlige ønske, at det folk der har
valgt os, vil enigt samarbeide og stræbe frem imod dette
store maal, og med fuld fortrøstning kan jeg da som mit
valgsprog tage: Alt for Norge.
Til Norge I sekstida om kvelden den 24.
november kom den nye kongefamilien til Horten om bord på
den danske kongeyachten "Dannebrog" som var eskortert av
eit par danske, eit tysk og eit engelsk krigsskip. Neste
morgon, laurdag 25. november, segla flåten, som no hadde
fått tilslutning av fleire norske orlogsskip, inn
Oslofjorden. Utanfor Oscarsborg gjekk kongefamilien over
i det norske krigsskipet "Heimdal" som venta der med den
norske regjeringa om bord. Då kongen med kronprins Olav
på armen saman med dronninga kom om bord i "Heimdal",
heldt statsminister Michelsen ein kort velkomsttale:
"Herre konge! Paa Den norske regjerings vegne og i
det norske folks navn bringer jeg vort unge kongepar den
første hilsen på "Heimdals" dæk under det frie Norges
trefarvede flag. I snart 600 aar har det norske folk
ikke havt sin egen konge. Aldrig har han helt været vor
egen. Altid har vi maattet dele ham med andre. Aldrig
har han havt sit hjem iblandt os. Men der hvor hjemmet
er, der bliver ogsaa fædrelandet. (..) Det norske folk
elsker sin frihed og uafhænhengighed, sit selvvundne
selvstyre over alt andet. Sammen med folket selv at
verne og hegne herom vil være kongens ære og største
glæde. Derfor vil i dag det norske folk i jublende glæde
hilse eder velkommen i det hjerteligste ønske: Leve
Norges konge og dronning!
Kongen takka for den hjartelege helsinga og
sa: "Kaldet ved dette folks tillid til at være Norges
konge, vil jeg sætte al min vilje og alle mine evner ind
paa arbeidet for at befordre Norges velfærd og lykke.
Men forudsetningen for, at dette mit arbeide skal
lykkes, er, at jeg tør regne paa det norske folks tillid
og støtte. (..) Lad os alle samle os i et L e v e N o r
g e!
Kongeinntoget i hovudstaden "Heimdal" la
til ved bryggja på Vippetangen ved Akershus festning.
Tusenvis av glade og forventningsfulle menneske var møtt
fram, trass surt og kaldt novemberver. Etter at
kongefamilien hadde gått i land på norsk jord, heldt
ordføraren i Kristiania, vegdirektør Skougaard
velkomsttale. Seinare heldt stortingspresident Berner
velkomsttale på slottet.
Kongeleg eid og fyrste statsråd Måndag 27.
november avla kongen denne eiden i Stortinget: "Jeg
lover og sværger at ville regjere kongeriget Norge i
overensstemmelse med dets konstitution og love, saasandt
hjelpe mig Gud og hans hellige ord! Same dag vart det
fyrste statsrådet med kong Haakon VII halde på
Kristiania slott. Berre ei sak var føre: Utnemning av
regjering. Regjeringa Michelsen si mellombelse
regjeringstid etter fullmakt frå Stortinget av 7. juni
var no komen til ende. Kongen utnemnde heile regjeringa
til å halda fram.
Helsingstelegram frå heile landet I dagane
frå kongevalet til inntoget i Kristiania strøymde det
inn helsingstelegram til kongeparet frå heile landet.
Kongeparet svara med takketelegram. Den store hendinga
vart også markert på andre måtar, ved flagging,
saluttering og folkefestar. Nedanfor fylgjer fem døme
frå Sogn og Fjordane.
Republikanarane tapte valet om republikk ved
folkerøystinga i november. Men når slaget var tapt på
demokratisk måte, valde dei fleste å helsa den nye
kongen velkomen framfor å surmula. Fjordenes Blad på
Nordfjordeid som hadde agitert sterkt for republikk,
uttrykte seg svært kongevennleg i ein leiar 22.11.
Bladet skreiv: "Kongefamilie vil lørdag holde sit
indtog i Norges hovudstad. Hele det norske folk vil
hilse den med et opriktig: V e l k o m m e n! Uanseet
politisk opfatning af spørgsmaalet kongedømme eller
republikk, bøier vi os i et levende ønske om at det
trufne valg maa bli til fædrelandets hæder og
gavn! Leve det frie, selvstændige Norges konge og
dronning! Leve kong Haakon VII og dronning Maud!"
Amtmann Utheim, ein overtydd republikanar som i
skrift og tale hadde agitert for republikk, sende
fylgjande telegram på inntogsdagen: "Paa egne og
Folkets vegne i Sogn og Fjordene sender jeg Deres
Majestæt min ærbødigste Hilsen med Ønske om, at Gud vil
signe denne Dag og Lykke til for Kongehus, for Folk og
Fædreland."
I Balestrand heldt dei folkefest på Hotel Balestrand
og sende telegram til kongen: "Indbyggerne i
Balestrand samlet til Fest bringer herved i Tak til Gud
og dybfølt Glæde Norges Konge og Dronning sin varme og
hjerteligste Hyldest med Ønske om en lang og lykkelig
Regjering." Det var fyrt av kongesalutt og om kvelden
eit "smukt" fyrverkeri.
I Askvoll feira dei kongeinntoget med flagging og
salutt. Også amtsskipa "Alden" og "Stavenes" som begge
hadde ruter framom midt på dagen, hadde flagga på full
mast og salutterte. Dagen etter kunne det høyrast salutt
frå fleire stader i høve dronninga sin fødselsdag.
Ein stad i Indre Nordfjord var ein gamal mann på
mellom 60 og 70 år tidleg oppe på inntogsdagen og fekk
hjelp med seg til å få i stand tre "saftige mineskot"
for å heidra den nye kongen. Det var hans von og tru at
det no ville komme ei ny tid med hell og lukke for det
norske folket.
Kongevennleg keisar Vilhelm Den nye
kongefamilien fekk fleire helsingar frå utlandet. Den
tyske keisaren, Vilhelm II, Norgesvenn og flittig gjest
i dei norske fjordane gjennom mange år, synte den nye
kongen heider og ære ved fleire høve. Fyrst sende han
bror sin, prins Henrich. med eit av dei beste skipa i
den tyske orlogsflåten til å eksortera kongen frå
Danmark til Norge. Etterpå ynskte han Norge lukke til
ved opninga av den tyske riksdagen. "Jeg lykønsker den
norske regjering og det norske folk med valget af det
ophøiede kongepar, med hvem jeg er forbundet i
venskabeligt sindelag." Dessutan sende keisaren eit
privat helsingstelegram til kong Haakon i København og
seinare eit offisielt på inntogsdagen, 25. november. (I
1913 inviterte han kongen til avdukinga av gigantstatua
av Fritjov den Frøkne på Vangsnes.)
Kongeleg flyttegods med jernbanen Avisa
Sogningen melde 15.12. at flyttegodset til kongefamilien
var kome til Kristiania. Tre av dei fjorten
jernbanevognene var lasta med ymse slag køyrety. Notisen
hadde med at svenskane hadde sendt rekning til kong
Haakon på kr. 2160 for transporten gjennom Sverige.
Avisa Sogningen melde óg at det var ventande ein del
hestar til kongehuset, - "angivelig 6". Og i ei notis
litt seinare at kong Edward i England hadde sendt kong
Haakon to hestar og seks "udmærkede" premiekyr.
Dronninga var tilgodesett med "nogle prægtige
Hunde."
Biografiske opplysningar Kong Haakon 7.
vart fødd 3. august 1872 og fekk namna Carl Georg
Waldemar Axel. Han var den nesteldste sonen til den
danske kronprins Fredrik og kronprinsesse Lovise, dotter
til den svensk-norske kongen Carl XV (i Norge den IV).
Kong Haakon vart utdanna som sjøoffiser og sommaren 1905
utnemnt til kaptein i den danske marinen.
Dronning Maud (Mathilde) vart fødd 26. november 1869.
Ho var dotter til kong Edward og dronning Alexandra av
Storbritannia og Irland. Bryllaupet deira vart halde i
Buckingham Palace 22. juli 1896.
Kronprins Olav vart fødd 2. juli 1903 og fekk namna
Alexander Edward Christian Fredrik. Då prins Carl vart
vald til konge i Norge tok han namnet Haakon 7, og prins
Alexander fekk som kronprins av Norge namnet Olav.
Den sjuande Haakon i kongerekkja Prins Carl
tok kongsnamnet Haakon 7. Dei seks kongane før han i den
norske kongerekkja var: 1. Haakon Adalsteinfostre,
den gode, 935-961 2. Haakon Sigurdsson Herdebrei,
1157-1162. 3. Haakon Sverreson, 1202-1204. 4.
Haakon Haakonsson, den gamle, 1217-1263. 5. Haakon
Magnusson, 1299-1319. 6. Haakon Magnusson, den unge,
1355-1380.
|
| Artikkelnummer:
|
| KAL/SFF-453.1400 |
| |
| Forfattar og datering:
|
| Hermund Kleppa, 2005.
|
| |
| Prenta kjelder:
|
Heiberg, J.V.: Unionens
oplsøing i 1905. Kristiania 1906. Avisa
Sogningen. 08.12.1905. Fjordenes
Blad. 22.11., 02.12.1905. Nordre
Bergenhus Amtstidende.
07.06.1905.
|
| |
|
Tilleggsinformasjon: Me
ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du
utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre
fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no |
|