 |
| 'Sildesalaten'. Noreg sitt
handelsflagg 1844-1898. |
|
 |
| Dette julemotivet frå 1896 seier
at det norske flagget må visast fram! Bilete og
tekst syner også motstanden mot å bere
'Sildesalaten' på norske handels- og orlogsfarty.
Artig at kunstnaren er svensk. Ho heitte Anna
Diriks, f. Westerberg, og var gift med ein
nordmann). Dette er eit av motiva ho teikna til
sonen Dyre i tidsrommet 1896 til
1910. |
|
 |
| To små born på skitur med det
reine norske flagget. |
|
 |
| Elevar ved Innvik folkeskule 1905
med nasjonalflagget i bakgrunn. |
|
 |
| Andre bryllaupsdagen til Jens
Jenson Stafsnes og Johanne Bertea Lorense
Askevold. Der var 100 gjester i bryllaupet, også
borna var med. Biletet er teke på Øvre Askevold
der Johanne voks opp. Biletet syner at det norske
flagget stod sentralt i ei slik
feiring. |
|
 |
| Bilete av medlemmer i
skyttarlaget på skytebana i Eivaldgjerde på
Leikanger i 1905. Skyttarlaga var sentrale i
kampen for norsk sjølvstende. |
| |
|
 |
| Det norske handels- og
orlogsflagg 1821 til 1844 og Noreg sitt flagg frå
1898. |
1905 - FlaggsakaI 1905 vart Noreg eit fritt
og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst
ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen
handlar om flaggsaka - vegen fram mot det reine, norske
flagg. Kampen for eit eige norsk flagg er eit symbol på
Noreg sin kamp for sjølvstende frå unionen med Sverige.
Flagget av 1821 Då Noreg gjekk ut av
unionen med Danmark i 1814, kom med eiga grunnlov også
ynskjet om eit eige norsk flagg. Våren 1821, sju år
etter denne unionsoppløysinga, vart det i Stortinget
vedteke at Noreg skulle ha sitt eige flagg, og det er
det same som det me har i dag.
Det var stortingsmann konsul Fredrik Meltzer frå
Bergen som kom med flaggframlegget som vart vedteke.
Historia fortel at det var son til Meltzer som ved
mistak hadde teikna over det danske flagget (Danebrogen)
med blått på det kvite, og at Meltzer sr. såleis hadde
fått ideen om flagget me i dag kjenner så godt. Om dette
er tilfelle herskar det usemje om, men det er ei
kjensgjerning at fargekombinasjonen, raudt, kvitt og
blått, var kjent som "Frihetens farger" og såleis
attraktivt. Samstundes kunne det nye flagget vere ei
mellomløysing mellom den gamle tilknytinga til Danmark
og den nye til Sverige.
Dette flagget var Noreg sitt handelsflagg frå 13.
juli 1821 til 20. juni 1844 og vart nytta av skip på
kortare distansar. Flagget vart ikkje brukt under
segling i Middelhavet fordi Noreg ikkje betalte
sjørøvarskatt til "piratstatane" Marokko, Algerie, Tunis
og Tripoli. Under reise i Middelhavet segla norske skip
difor under svensk flagg, mot at Noreg betalte ein del
av skatten Sverige allereie betalte piratstatane for å
unngå sjørøvarangrep. Dette flagget vart også brukt
etter 10.desember 1898 då det vart vedteke i Stortinget
at Noreg skulle ha sitt eige, reine flagg.
"Sildesalaten" I 1844 bestemte kong Oscar I
at eit unionsmerke skulle setjast inn i både norske og
svenske handels- og orlogsflagg. Dette merket skulle
plasserast i det inste, øvste hjørnet av flagget. Oscar
meinte at dette synte Noreg sitt likeverd i unionen, men
det vart ikkje særleg populært hjå det norske folk.
Flagget fekk tilnamnet "Sildesalaten" og var Noreg sitt
handelsflagg fram til 10. desember 1898.
Det reine norske flagget frå 1898 Utover
1800-talet vart ynskjet om eit eige norsk flagg stadig
sterkare. Flaggspørsmålet vart reist første gong i
Stortinget i 1879 og seinare med jamne mellomrom der
partiet Venstre var forkjemparen for å fjerne
unionsmerket og såleis få eit reint norsk flagg. I 1893
vart det i Stortinget bestemt at flagget av 1821 skulle
vere Noreg sitt nasjonalflagg, men kong Oscar II var
sterkt i mot dette. Han brukte vetoretten sin to gonger,
men etter at tre storting hadde sanksjonert lova måtte
han gi tapt, og Noreg kunne heise det reine norske
flagget den 10. desember 1898. På festningar og
orlogsfarty vart dette flagget først heist etter
unionsoppløysinga i 1905.
Flaggsaka vert rekna som ei av sakene som danna
slutten på den konstitusjonelle drakampen mellom det
norske Stortinget og den svenske personlege kongemakta.
Eit eige norsk flagg var kanskje også det sterkaste
symbolet for norsk sjølvstende. Det var viktig for det
norske folk å vise nasjonalkjensle gjennom bruk av
flagget. Det skal skje straks! Ei notis i
Sogn Tidend frå 1935 fortel om det reine norske flagget,
og tydinga av det, i åra rundt unionsoppløysinga. Det
vert fortalt at dei aller fleste klypte ut or
unionsmerket av det norske flagget, då Noreg hadde gått
ut av unionen med Sverige. Slik var det også med
ordførar Endre Offerdal frå Ofredalen i Årdalsfjorden.
Han minnest at "Straks unionen den 7.juni var løyst, kom
han til ei dotter med flagget og sa at no skulde den
gulfarga ruta klippast ut og den raude setjast inn. Då
ho sa at ho var i ansemt arbeid og at det fekk vera til
dagen etter, svara han: Dette arbeidet med flagget skal
gjerast straks. Det toler ikkje utsetjing. Og få
minuttar etter var det reine norske flagget kome til
topps på flaggstongi i Ofredalen"
|
| Artikkelnummer:
|
| KAL/SFF-383.1400 |
| |
| Forfattar og datering:
|
| Kari Johanne Bondevik,
2005. |
| |
| Prenta kjelder:
|
| Christensen og Lund:
Familieboka. Oslo. 1950. |
| |
|
|
|
|
Tilleggsinformasjon: Me
ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du
utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre
fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no |
|