Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) stifta i 1896 Norske Kvinders Sanitetsforening og Landskvinnestemmeretsforeningen saman med Gina Krog i 1898. Det var Landskvinnestemmeretsforeningen og Fredrikke Marie Qvam som stod bak aksjonen med underskriftskampanje for kvinner i 1905.
Dette fellesoppropet vart sendt ut over heile landet og fortel at det var mange og ulike kvinnegrupperingar som støtta aksjonen.
Denne oversikta stammar frå Landskvindestemmerettsforeningen og er det samla talet på underskrifter som dei overleverte Stortinget 22. august 1905.
Kvinnene ynskte å delta i folkerøystinga 13. august om oppløysinga av unionen. Dette kravet vart avvist og kvinnene vart oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla si.

1905 - Kvinneunderskriftsaksjonen for unionsoppløysing

I 1905 vart Norge ein fri og heilt sjølvstendig nasjon. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om korleis 280 000 kvinner fekk sagt eit rungande ja til unionsoppløysinga utan å ha stemmerett.

Landsomfattande underskriftskampanje med fleire motiv
Då det norske folk 13. august 1905 skulle gå til urnene for å røyste ja eller nei til unionsoppløysinga, var det berre menn som fekk røyste. Kvinnene hadde ikkje stemmerett, men leiande kvinnesakskvinner stilte krav om å få delta i folkerøystinga likevel. Det førte ikkje fram, men dei gav seg ikkje. No ville dei ikkje lenger stå på sidelina, men vise at dei var fullt og heilt i stand til å ta ansvar for nasjonale spørsmål på lik line med mennene ved å slå ring om 7. juni-vedtaket. Middelet vart ein landsomfattande underskriftskampanje for unionsoppløysing.

Primærmålet var å støtte saka, men mange av dei leiande kvinnesakskvinnene såg på kampanjen som svært viktig i det strategiske arbeidet for allmenn kvinneleg stemmerett. I ettertid vert nettopp aksjonen halden fram som ei av årsakene til at Norge vart den første suverene stat i verda med allmenn stemmerett for kvinner ved stortingsval.

Det var eit slag for den norske kvinnerørsla at dei ikkje fekk allmenn statsborgarleg røysterett til liks med mennene i 1898. Eitt argument var at kravet om røysterett ikkje kom frå kvinner frå det "ganske" land, berre frå ein snever krins i byane. Kvinnerørsla var dessutan splitta i strategien for å oppnå full stemmerett. Saka handla ikkje berre om jamstelling og kvinnesyn, men også om politikk og klassekamp.

Ikkje tid for furting, men full innsats
"Lad ikke den 13. august finde os "furtende" hjemme. Selv om våre stemmer ikke tælles, saa kan de "veies", var oppmodinga frå styret i Landskvinnestemmeretsforeningen med Marie Qvam i spissen. Det vart mobilisert frå alle kantar av landet, og eit svært arbeid vart sett i gang. Startskotet gjekk 4.-5. august og fristen for å levere inn lister var 19. august. Den 22. august skulle listene overrekkjast Stortinget.

Kvinnenettverk og kreative løysingar
Det fanst ikkje noko manntal å gå ut frå, og det var ikkje tid til å byggje opp noko eige aksjonsapparat. Etter nederlaget om stemmerett i 1898 hadde røysterettsorganisasjonane agitert over heile landet, og saka hadde spreidd seg til mange ulike kvinneforeiningar, ikkje berre kvinnesaksforeiningar. Aksjonistane hadde difor eit visst nettverk, men tida var kort og måtte brukast effektivt og kreativt. Det kom framlegg om "dør til døraksjonar", det vart lagt ut lister i avisredaksjonane, på butikkar og andre stader der det var lett å nå dei. I Leikanger vart dei endatil lagt ut i kyrkja (sakristiet) på sjølvaste røystedagen. Der aksjonistane ikkje hadde medlemmer eller mangla kvinnekontaktar, vart listene sende til prestar, lensmenn og ordførarar, i følgje initiativtakaren Marie Qvam.

Eit imponerande resultat på rekordtid
Resultatet var over all forventning og Marie Qvam kunne stolt skrive:
" Efter 3 Ugers Arbeide Nat og Dag kunde jeg sammen med mine medarbeidere overrekke Stortingets Præsident de norske Kvinders Ja til 7de junibeslutningen, med cirka 300 000 Underskrifter!" Dette var eit imponerande tal og stortingsmennene reiste seg og klappa då underskriftene vart overleverte. Heile 53% av landets kvinner hadde skrive under på denne spontanaksjonen! Talet på underskrifter blir ikkje mindre imponerande når vi veit at det ved sjølve folkerøystinga vart avgitt 368 392 mannsrøyster og at styresmaktene mobiliserte kraftig for at mennene skulle kome seg til stemmelokala denne dagen.

Mot alle odds
Det var ikkje gitt at denne underskriftsaksjonen skulle bli så vellukka, og i starten vart det frå ymse hald, m.a. ein del stortingspolitikarar, åtvara mot å setje i gong ein slik aksjon. Kvinnene vart i staden oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla si. Kvinneunderskriftsaksjonen hadde heller ikkje noko offisielt apparat i ryggen, og aksjonen måtte i stor grad marknadsførast gjennom "jungeltelegrafen". Sjølvsagt fekk dei svært god drahjelp av den nasjonale stemningsbylgja , men dette var både opprør- og støtteaksjon. Det la aksjonistane heller ikkje skjul på i oppropa sine.

Breitt samansett aksjon
Aksjonen var breitt samansett av ulike kvinneorganisasjonar som Sanitetsforeningen, Norske Kvinners sanitetsforbund, Norsk kvinnesaksforening, Arbeiderkvindestemmeretsforeningen, Landskvinnestemmeretsforeningen, organisasjonen "Hjemmenes Vel", ulike kvinnegrupper/kvinnelege medlemmer i fråhaldslag, og "sedelighetsforeninger" gav aksjonen ein legitimitet i kretsar der kvinnesak elles ikkje var noko fanesak. Talet på underskrifter viser at aksjonen må ha hatt brei støtte uavhengig av tradisjonelle skiljeliner. Det er vel grunn til å tru at målet om størst mogeleg oppslutnad om 7. juni vedtaket var viktigare enn at det var ein del kvasse og sikkert ikkje like populære røysterettaktivistar som fronta aksjonen.


Artikkelnummer:
KAL/SFF-390.1400
 
Forfattar og datering:
Kjerstin Risnes, 2005.
 
Prenta kjelder:
Heiberg, J.V: Unionens opløsning i 1905. Kristiania 1906.
Avisa Sogningen. 18.08.1905.
Avisa Klassekampen. 08.03.2005.
Dagbladet. 08. 03.2005.
 
Nasjonalbiblioteket:

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no