Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905.
Kart som viser Bremanger kommune slik grensene var i 1905.
Kalvåg i Bremanger, om lag 1900. Biletet er teke i fiskesesongen. I 1900 deltok 227 lag i fisket i Kalvåg, dei fleste frå Sogn og Fjordane, men også 2 frå Nordland og 4 frå Hordaland. Dette året skal det ha vore over 300 båtar som deltok i fisket.
Davik, om lag 1910. Vi kan sjå dampskipet som ligg til kai.
Struen på Bremangerlandet omlag 1904-1905.
Apollonius Liljedahl Rosunlund (1862-1934) var ordførar i Davik frå 1899 til 1916. Frå 1912 til 1918 sat han som representant på Stortinget. Rosenlund var utdanna lærar, og arbeida både som lærar og kyrkjesongar i Davik.
Ingvald Eide (1850-1927) var sokneprest i Davik frå 1898-1923. Om Eide er det sagt at han var ein '..framifrå dugande prest, hadde sterke hugmål, var djupttenkjande, men fredsam og med eit skyn på folk sin tenkjemåte og åtferd som var sjeldsynt'. (Nordfjord frå gamle dagar til no, band 4 Davik. s. 95.)
Norsk folkekultur og norsk natur ble sentrale element i oppfatninga av kva som var det eigentlig norske. Den norske bonden fekk ein særlig sentral posisjon i dette biletet, ikkje minst slik han her er framstilt omgitt av norske fjell og fjordar.
Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905.

1905 - Bremanger kommune

I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Bremanger kommune.

Bremanger kommune i 1905
Det som i dag er Bremanger kommune besto i 1905 av kommunane Bremanger og Davik. Bremanger kommune vart eigen kommune i 1866, då dei vart skilt ut frå Kinn kommune. Kommunen var identisk med Bremanger prestegjeld som omfatta kyrkjesokna Bremanger og Midtgulen. Davik kommune vart oppretta i 1837 og var identisk med Davik prestegjeld som omfatta kyrkjesokna Davik og Rugsund, samt Ålfoten kapellsokn. Davik kommune hadde område som i dag høyrer til kommunane Vågsøy og Eid.

I 1964 vart gardane Husefest og Breivik overført frå Bremanger til Flora. Året etter vart Bremanger kommune utvida med store delar av Davik kommune. Alt på sørsida av Nordfjorden, med unntak av øyane Risøy, Gangsøy, Grindøy, Husevågøy og Klovningen vart slått saman med Bremanger. Nordsida av Rugsund sokn vart lagt til Vågsøy kommune, og nordsida av Davik sokn til Eid kommune.

I 1900 var folketalet i Bremanger kommune 2330 og i Davik kommune 3382. Fiskeri var den viktigaste næringa, men i Davik var det også noko jordbruk. Dei viktigaste handelsstadane var Kalvåg, Davik og Rugsund. Båe kommunane hadde sparebank (Bremanger sparebank og Davik sparebank).

Det som i dag er Bremanger kommune hadde 10 postopneri (Kjelkenes, Botnane, Bremanger, Bremangerpollen, Berle, Rugsund, Davik, Isane og Ålfoten), telegrafstasjon i Kalvåg og rikstelefonstasjon i Kalvåg, Bremanger, Kjelkenes, Botnane, Rugsund, Botnane og Davik. Det var anløpsstad i Kalvåg, Bremangerpollen, Botnane, Kjelkenes, Berle, Hennøy, Skatestraumen, Rugsund, Davik, Isane og Ålfoten. (Davik kommune hadde også anløpsstad ved Almenning, Bryggja og Haus som i dag høyrer til Vågsøy og Eid.)

Vegnettet var dårleg utbygd. Den einaste køyrevegen i dåverande Bremanger kommune, 1,2 km gjekk frå Kalvåg til Frøya kyrkje. Frå Bryggja som då låg i Davik kommune gjekk det hovudveg nordover til Sunnmøre. Det var ein køyreveg frå garden Vik i Ålfoten forbi Sigdestad til garden Førde (5,7 km). Som elles i fylket var det dei mange fjordane som var den viktigaste ferdsleåra.

"en sterk national stemning"
Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Noreg og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember.

Fjordenes Blad kunne 8. mars fortelje om "en sterk national stemning" som kom til uttrykk på ein fest som ungdomslaget i Kalvåg og logen "Frøya" heldt. Avisa kunne fortelje at det vart halde foredrag om Noreg i 1814. På festen deltok fleire tilreisande fiskarar frå heile kysten opp til Nordland. "Der raaded paa hele festen en sterk national stemning. Man kunde høre mænd fra de forskjelligste kanter af landet og med de forskjelligste synsmaader forresten udtale sin harme over Sveriges optræden og sin enighed om at nationen nu burde staa samlet om et bestemt og mandig skridt - unionen fik saa bære eller briste"

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk - engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.
Kommunikasjonane vart stadig utbetra og i 1905 kunne Fjordenes Blad fortelje om oppretting av to nye rikstelefonstasjonar, på Botnane og i Davik. I Fjordenes Blad var det 24. juni trykt eit minneord om Enkefru Antonette Friis. Det kan sjå ut som det var ei av tenestejentene hennes som har skrive minneordet. "Et hjælpsomt menneske i smaat og stort, et menneske, som levede mere for andre end for sig selv, er med hende vandret bort. (..) Men vi mindes hende bedst, naar hun samlet med tjenerne i dagligstuen juleaften gikk rundt med julegaverne til hver enkelt, eller naar hun satte sig til pionaet nyttaarsaftenen og spilled tonen til "Tiden svinder, tiden rinder"."

12. august var det eit innlegg i Fjordenes Blad om olsoksgudsteneste på Fjellet Tofteviten. Tofteviten har vore nytta som militært utkikkspunkt, og i 1905 kunne dei sjå levningar etter sist fjellet vart nytta i ein militær konflikt. "Siste gong baunarne i Nordfjord loga, laut ha vore um aaret 1808." Men i 1905 var det olsoksgudsteneste som var årsaka til at folk samla seg på Tofteviten. "Sundag 30 juli, dagen etter olsokdagen, møttest ein flokk av ungdom og eldre paa Viten, mest fraa Almenningsstrandi og nokre innanum, framimot eit hundrad menneskje. Dei vilde paa tufti aat denne gamle vaktstova høgtida minnet um Olsoktidi. Det var som alle kjende seg stemt til aalvor paa denne minnande staden, og so byrja møtet med salmesong og upplesing av ei Olavsdagspreika, og so atter salmesong."

Fiske og jordbruk i 1905
Frå Kalvåg kunne Fjordenes Blad 8. mars fortelje om sildefisket. "Her er eit liv og eit røre, som ingen, som ikkje sjølv hev set paa, hev nokor meining um. (..) Mange baatar tok last tvo gonger um dagen; men daa gjekk og det meste af natti med, fyrr baaten vert tømd sidste gongen. Arbeidet gjeng snøgt fra handi, medan skjemt og slengord haglar um øyro."

Seinare på året, 11. november fortalde Fjordenes Blad om vinteren som kom tidleg i 1905. "Ved kuldens indtræden var folk flest saavidt færdig med alt indhøstiningsarbeide, kun turnips, kanske ogsaa poteter stod der lidt ude af. I Nordfjord stod for faa dage siden næsten hele potetsagre ude fremdeles." Også tidlegare på året hadde været skapt problem for bøndene. "Det har i hele aar gaaet yderst smaat med alt aannearbeide. Af hø blev her iaar en masse; men just som folk stod færdige med ljaaen, høljede det med væde ustanselig i flere uger, saa at kvaliteten forringedes betragtelig. Med efterslaatten ligedan; for ikke at tale om kornet, hvor der var "sen" ager. Med poteter blev det kanske bedre end ventet. Folk er nu om dagene om sig efter lyng og "bjerg" til kreaturerne [husdyra]; men menis og glat føre er nok til stor hinder de fleste steder. Til jordarbeide er det for koldt; marken er frossen."

Målsaka
Rundt i bygdene var det oftast ungdomslaga som arbeida for å få innført nynorsk, og som kjempa for å løyse opp unionen med Sverige. I Midtgulen kjempa ungdomslaget Framover for å få innførd Blixsalmane. Den kampen vann dei i 1905 då ei avstemning i kyrkja enda med 79 stemmer for innføring av Blixsalmane, og 11 imot.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og Apollonius Liljedal Rosenlund (kyrkjesongar) vart vald til ordførar i Davik og Kr. Indrehus (bonde) i Bremanger. I 1905 hadde Bremanger kommune to sokneprestar. Halvdan Støp og Gunnar Ollmar som vart utnemnd til sokneprest i mai 1905. Ingvald Eide var sokneprest i Davik. Om Eide står dette skrive i Davik kyrkje: "Når det gjald sjelesorg var han makelaus. Dei som soleis fekk møta han fekk hjelp både i livet og i døden. Um Eide sa bispen Hognestad etter fyrste visitasen at han hadde fenge mykje i samtale med prosten. Han var ein av dei gildaste prestar han hadde møtt." Bernt Øysteinson Håland var lensmann i Bremanger og Arnoldus Lem var lensmann i Davik.

Lag og organisasjonar
I området som i dag utgjer Bremanger kommune var det i 1905 5 ungdomslag (Davik ungdomslag (stifta i 1901 som Davik kristelege ungdomslag), Endal (1903), Frøyens (1894), Leirgulen kristelege ungdomslag (1905) og Ungdomslaget Framover (1898)) og 8 skyttarlag (Botne (1900), Botnane (1900), Davik (1905), Frøyen og Kalvåg (1891), Gulen (1884), Rylandspollen (1900), Skatestraumen (1895) og Ålfot (1884)). Det var fleire kvinneforeiningar, misjonsforeiningar, losjar og søndagsskule, og også ei foreining som arbeidde for omstreifarsaka.

17. mai 1905
Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Dagen etter skulle innstillinga til lov om norsk konsulatstell handsamast i Stortinget. I Midtgulen fekk ungdomslaget "Framover" både nytt lokale og ny fane 17. mai 1905. Det var ekspeditør Frimannslund som sytte for båe. Ungdomslaget kunne difor gå fremst i 17. mai toget med si nye fane. Toget gjekk i følgje Fjordenes blad (10. juni) "..fra Kjelkenes gjennem furuskogen indover til Midtgulens kirke, hvor man afsang salmer af Blix., med orgelmusikk af hr. lærer Daviknes, og tilbage til Kjelkenes, hvor fest for dagen afholdet i det nye lokale, med taler af d'hrr. Indrehus og Daviknes m.fl.".

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Davik valsokn tilsvara dåverande Davik kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Lem (formann), P. Muri, V. Bakke, Johan Maurstad (ved valet i august møtte Kr. Maurstad som varamann), Jens Myklebust, Peder O. Kjøllesdal og Ap. Rosenlund (fungerte som formann ved stemmemøtet for Davik og Ålfoten sokner).

I begge røystingane var det for Davik valsokn 2 røystestader:
a) i Rugsund kyrkje, b) i Davik kyrkje for Davik og Ålfoten sokner. Oppteljinga føregjekk samla i Rugsund kyrkje.

Bremanger valsokn tilsvara dåverande Bremanger kommune. Valstyret var samansett av: Lensmann Haaland (formann), A. Øvrebotten (ved folkerøystinga i november møtte D. Udsø som varamann), Berge Dalsbotten (fungerte som formann ved røystinga på Hauge), Hans A. Torfanger, Rasmus Nygaard og Kr. Indrehus (fungerte som formann ved røystingane i Midtgulen).

For Bremanger valsokn var det ved folkerøystinga i august to røystestader:
a) i Bremanger kyrkje, b) i Midtgulen kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i Bremanger kyrkje.
Ved folkerøystinga i november var det i tillegg røystestad på: c) Bedehuset på Hauge. Oppteljinga føregjekk samla på lensmannskontoret i Bremanger.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Resultatet for Davik valsokn: 680 hadde røysterett. Det vart avgjeve 629 godkjende røyster (92,5%) Alle røysta ja.
Resultatet for Bremanger valsokn: 484 hadde røysterett. Det vart avgjeve 456 godkjende røyster (94,2%) Alle røysta ja.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster, 368 208 ja og 184 nei.

17. august sto det å lese om folkerøystinga i Bremanger i Søndfjords Avis. Før røystinga i Gulen sokn samla folk seg på Kjelkenes, "..hvorfra man i prosesjon gikk til kirken". Frå Bremanger sokn stod det at kyrkja under gudstenesta og avrøystinga var "..festlig smykket med store og smaa flag". Avisa meinte at valresultatet; "alle ja", var "et ganske vakkert resultat". "Et saa tilfredsstillende resultat er naturligvis ikke naaet uden et energisk oplysningsarbeide." I heile fylket stilte dampskipsselskap opp med ekstraruter for å bringe velgarar til røystestadene. I Bremanger stilte Lieske opp med to "fiskedampskip" som gratis henta velgarane. Avisa kunne fortelje at "..etter forlydende har valgstyret rettet en tak til hr. Lieske for udvist liberalitet ved anledningen". Lieske var disponent for eit havfiskeselskap stifta i 1902-1903.

Også i Davik kommune stilte ein fiskereiar opp med gratis transport. Fjordenes Blad kunne 9. august opplyse om at "Rugsunds stemmeberettigede vil blive gratis befordrede til og fra valgstedet Rugsund førstk. 13 august af en af Lefdals fiskeriselskabs dampere saaledes: Man gaar om morgenes kl. 8 til Husevaag og rundt til Krabbestig og Oldeide med stopping senere ved Gangsøen, hvor folk fra Skatestrømmen kan faa blive med, derpaa anløbes Verpeide og til Rugsund. Naar ytre distrikters stemmeberettigede er aflevert, gaa skibet til Hestevik og henter almuen fra Maurstad og Rimstad til Rugsund."

I Bremanger kyrkje var tema for gudstenesta 13. august, i følgje dagboka til soknepresten, "Skuffelsen".

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Fjordenes Blad, som dei las både i Bremanger og Davik, tok fleire gonger opp kvinneunderskriftsaksjonen. Avisa støtta aksjonen og oppfordra kvinnene til å delta, og til å legge ut lister i alle bygdene.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
Resultatet av folkerøystinga i november for Davik valsokn: 678 hadde røysterett. Det var avgjeve 557 godkjende røyster (82,1%). 499 (89,6%) røysta ja (for kongedømme), 58 (10,4%) røysta nei (for republikk).
Resultatet av folkerøystinga i november for Bremanger valsokn: 484 hadde røysterett. Det var avgjeve 422 godkjende røyster (87,2%). 345 (81,8%) røysta ja (for kongedømme), 77 (18,2%) røysta nei (for republikk).
Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Oppteljinga etter røystinga i november vart for Bremanger valsokn lagt til lensmannskontoret 15. november. Grunngjevinga finn vi i valstyreprotokollen: " Formanden bemærkede, at Valgstyret har 8/11 d.A. besluttet at foretage Stemmeoptællingen paa Lensmandskontoret onsdag den 15de Dennes Kl. 9 1/2 Form. - Dette grunder sig paa, at det er forbundet med store Vanskeligheder at komme frem fra Midtgulen paa denne Aarstid uden at benytte Dampskib, der først indtræffer Tirsdag Aften Kl. 9.-"

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Også i Sogn og Fjordane hylla folk den nye kongefamilien. På vegne av folket i Sogn og Fjordane sendte Amtmann Utheim telegram til Kongen og Dronninga. Slik vart det gjengjeve i Søndfjords Avis 8. desember 1905:
"Amtmanden har paa Indtogsdagen 25. Nov. sendt Kongen og Dronninga saadant Telegram:
"Paa egne og Folkets Vegne i Sogn og Fjordene sender jeg Deres Majestæt min ærbødigste Hilsen med Ønske om, at Gud vil signe denne Dag til Lykke for Kongehus, for Folk og Fædreland".
Derpaa har han modtaget saadant Svar:
"Amtmand Utheim, Leikanger.
Dronningen og jeg sender Folket i Sogn og Fjordenes Bygder vor dybfølte Tak og vore varmeste Hilsener.
Haakon.""

Nasjonal takkedag 7. desember
Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Mange stader skipa dei også til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.
I Dagboka til soknepresten sto dette å lese om gudstenesta 7. desember: "Bremanger: Gudstjeneste i anledning ½ aarsdagen efter 7de juni. Tema: Hvad vi har lært dette halvaar." I følgje eit rundskriv frå Kyrkjedepartementet skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers 23-26, og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland".

Salmane 118, 23-24:
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!

Artikkelnummer:
KAL/SFF-414.1438
 
Forfattar og datering:
Karianne Schmidt Vindenes, 2005.
 
Prenta kjelder:
Avisa Søndfjords Avis 17.08 og 08.12.1905.
Avisa Fjordenes Blad 08.03, 07.06, 10.06, 24.06, 04.08, 09.08, 11.10, 24.10, 11.11, 20.11 og 08.12.1905.
Avisa Nordfjord 17.08.1905.
Davik Kyrkje. Davik sokneråd. 1986. Bremanger Herad 1866-1966. Bremanger soknenemnd. 1966. Endal, Hans Eirik: Gamalt frå Davik. 1981 Gamalt frå Bremanger. Bremanger sogelag. 1981. Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950.
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr. 3 2002.
Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Bremanger kommune. 1992.
 
Uprenta kjelder:
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.
Statsarkivet i Bergen: Bremanger prestearkiv, dagsregister 1905.
 

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: mailto:postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no?subject=Artikkel KAL/SFF-414.1438