 |
| Utsnitt av fylkeskartet over Sogn
og Fjordane frå 1877. |
|
 |
| Familien og huset til Otto J.
Midttun på Henriksbø. Otto J. Midttun var medlem
av valstyret i Gulen kommune. Han bygde sjølv
dette huset ca. 1888. Han kom frå Ytre Midttun,
men før han slo seg ned på Henriksbø, hadde han
vore handels mann i Lavik. Otto står saman med
kona si, Lina, på altanen. 7 av borna er også med
(uvisst kven). |
|
 |
Oppdalsøyra postopneri. Gulen
kommune hadde særs mange postopneri. Vi veit ikkje
sikkert når Oppdalsøyra postopneri vart
oppretta.
|
|
 |
| Dei 'nye' husa på Skjerjehamn
vart bygde 1891 på den tida Otto og Øllegaard
Schreuder eigde staden. Hovudbygningen var
gjestgjevarstad, men her var også fjøs og løe,
naust og bu, eit stort trelastlager og andre
varehus, postopneri, telegraf, rikstelefon og
meteorologisk stasjon. |
|
 |
| Det var Garl Gåta, sjømann frå
Gulen, som tok kopi av dette følgjeskrivet som han
sendte saman med røystesetelen sin til Gulen
valstyre. Ved begge folkerøystingane i 1905 var
det mogeleg å førehandsrøyste for dei som ikkje
hadde høve til å møte opp på
valdagen. |
| |
|
 |
| Postkort: 'Eivindvik i Sogn.
Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med
prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og
doktorhuset (bygd 1893) til høgre. På kaia ser vi
handelshuset til P.R.Sandal. (Postkortet datert
21/12-1911 frå doktor Nielsen til Otto W.
Schrøder, Skjerjehamn). |
1905 - Gulen kommuneI 1905 vart Noreg eit
heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige
vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne
artikkelen handlar om 1905 i Gulen kommune
Gulen kommune i 1905 Det som i dag er Gulen
kommune besto i 1905 av kommunane Gulen og Brekke. Øya
Losna høyrde til Gulen kommune. Gulen kommune omfatta i
1905 kyrkjesokna Gulen hovudsokn og Mjøma
anneks. Lavik og Brekke vart delt ved kongeleg
resolusjon 1. oktober 1904. Delinga verka frå 1. januar
1905. Lavik og Brekke utgjorde framleis eitt
lensmannsdistrikt. Brekke var ein del av Lavik
prestegjeld også etter kommunedelinga.
I 1900 var folketalet i Gulen kommune 3254. Fiskeri
var ei viktig næring, og då særskilt hummar og
laksefiske. Kommunen hadde ein sparebank (Eivindvik
sparebank). Av industri kunne ein finne Selvåg
treskofabrikk, margarinfabrikk i Fonnevik og sagbruk på
Eidssagen og Dingja. Den samla strekninga av køyrevegar
var i 1901, 12 km.
I 1910 var folketalet i Brekke kommune 951. (Vi har
ikkje folketalet i 1900.) Det var betre høve for
jordbruk i Brekke enn i Gulen, og potetdyrking var
viktig. Innbyggjarane i Brekke var noko involvert i
kystfisket, men omfanget var ikkje så stort som for
Gulen kommune. Det var få køyrbare vegar i Brekke herred
i 1905, men det var veg mellom Brekke og Verkland og
mellom Brekke og Takle.
I 1905 vart det oppretta tre nye postopneri i Gulen
(Dalsøyra, Gulafjord og Nordgulen). Frå før hadde dei 6
postopneri (Guløy, Mjømna, Skjerhamn, Sygnefest,
Eivindvik og Halsvik). I Brekke var det 3 postopneri
(Brekke, Vikum og Bålen). Det var rikstelefonstasjonar i
Gulen, tre av dei oprettta i 1904 og ein i 1905.
(Dalsøyra, Leversund, Eivindvik og Nyborg (1905)).
Fylkesbåtane hadde stoppestad i Brekke, Bålen og Oppedal
i Brekke kommune og Mjømna, Skjerjehamn, Guløy (Nyborg),
Eivindvik, Dingja og Sygnefest i Gulen kommune.
"i spændt Forventning" I ei tid utan
mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk
kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt"
når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på
skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og
gjennom posten (brev og aviser).
Vi finn også døme på at folk var særleg opptekne av
det norske. Eit brev trykt i Sogns Tidende, 12. februar
handlar om hardingfela. Brevskrivaren, Einar Ynnesdal
seier at han elskar "felespillet fremfor anden musik og
spill. Det er meget vakkert og mer norsk end
trekkspillet." Vidare seier han "at Ole Bull har lært at
spille efter elvens toner, tror jeg sikkert, og det
spillet maa vel være norsk, ikke sandt? Derfor
ungdommer, arbeid paa at faa reise opatt det gamle
hardangfelespelet, lad fela faa klinge frit i de norske
daler og norske byer til fryd og hugnad for gamle og
unge."
Andre saker og hendingar enn
unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store
saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var
også oppe i tida. Målsaka, arbeidet for meir bruk av
nynorsk, engasjerte mange, det same gjorde utvandringa
til Amerika. Jernbane til Sogn var ei anna aktuell sak.
Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det
fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei
sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna
viktig sak var helsestellet
Avisene melde heile tida om små og store hendingar
rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda,
- gjennom smånotisar og i større oppslag. I Brekke
var det sumaren 1905 ei ørn som hadde laga problem for
innbyggjarane. Sogns Tidende skreiv 21. juli at "I
Brekke hev ei ørn havt sitt kongerike i det siste og
styrt med rusisk magt og velde. Fraa sitt reid uppe i
berget tok ho seg ei liti reis og henta eit lam, ein
killing eller liknande naar det høvde so." Avisa kunne
vidare fortelje at det vart arrangert ein aksjon for å
fjerne reiret åt ørna. Etter at reiret, med ungar vart
fjerna, hadde ikkje ørna plaga innbyggjarane i Brekke
meir.
I ein notis i Sogns Tidende 26. mai 1905 kunne vi
lese om "Kvægutstillingen i Lavik". To gardbrukarar frå
Brekke og ein frå Gulen fekk hederleg omtale for sine
utstillingsdyr. Navnet åt dyret til T. Asheim frå Brekke
var "Kong Oscar". Kva meining som låg bak namnevalet
veit vi diverre ikkje noko meir om.
Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i
1904, og for Gulen kommune vart A. Hantveit vald til
ordførar. O.K. Ottesen var sokneprest. Augustin Bredvik
var lensmann. For Brekke kommune vart Johs. L. Wergeland
vald til ordførar. P.H.B. Borch var sokneprest. Lasse
Ellingsen var lensmann. Ellingsen hadde tidlegare vore
ordførar for Lavik og Brekke herred og
stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.
Gulen kommune hadde ein stortingsmann i 1905, Otto
Schreuder. Schreuder dreiv landhandel i Skjerjehamn. Han
var ein foretaksom mann og starta eksport av laks og
hummar, noko som hadde stor tyding for lokale fiskarar i
heile Ytre Sogn. Schreuder var også med å starte ein
større trelastforretning, og han var ein av
opptaksmennene til Gulen Sparebank.
Lag og organisasjonar I Gulen kommune var
ungdomslaget "Fridom" etablert før 1905, og truleg også
fleire ungdomslag og skyttarlag.
17. mai 1905 Det var ekstra stor
oppslutning om 17. mai i 1905. Rundt om i heile landet
tok talarane føre seg Eidsvoll og grunnlova og nasjonalt
sjølvstende i større alvor og med større begeistring enn
nokon gong. Sogns Tidende refererte 23. mai om 17.
mai feiringa i Vadheim: "Han [distriktslæge R. Bergh]
skildrede stemningsfuldt og vakkert Norges fremgang
siden 1814 og holdt sterkt frem de norske krav for vor
ret og sælvstendighæd." Liknande referat finn vi frå
fleire bygder i Sogn og Fjordane, og det er grunn til å
tru at dei også i Gulen sette eit fokus på Noregs "krav
for vor ret og sælvstendighæd" ved 17. mai feiringa i
1905.
7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen
vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men
folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og
Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste
folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram
til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om
unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding
til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene
fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.
Pinsedag var det i Gulen kyrkje halde bøn for
fedrelandet. I eit rundskriv frå det Kongelege kirke- og
undervisningedepartement vart prestane oppmoda til å
lese ei spesiell bøn for å takke for alle hendingane i
året 1905. "Hold, o Gud og Fader, fremdeles din
velsigndende haand over vort dyre fædreland. Vi beder om
fred fra dig, kraft og lys ved din aand over vor kjære
konge. Gjør ham til en velsignelse for vort folk og bind
hans og vort hjerte sammen i gjensidig tillid og
kjærlighed. Lad din naade og velsignelse hvile over vor
droning og vor kronprins. Og giv det kongelige hus
alltid at finde glede og styrke i dig."
Folkerøystingane - røysterett og
valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 12. og måndag 13. november då folket
skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle kåra
ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme
og republikk.
Gulen valsokn tilsvara dåverande Gulen kommune.
Valstyret var samansett av: lensmann A. Bredvik
(formann), A. Hantveit, Otto J. Midtun, Henrik H. Tveit,
Hans K. Rutledal, John J. Kjellevold og Jetmund O.
Grimen. (For folkerøystinga i november møtte Mons J.
Dale som varamann for John J. Kjellevold.)
Brekke kommune var ein del av Lavik valsokn som
omfatta dåverande Lavik, Kyrkjebø og Brekke kommunar.
Valstyret var samansett av: ordførar Lasse Trædal
(formann), konstituert lensmann Bjørnethun, L. Aven,
Johannes B. Mølmesdal, Ramsli, Berge Instefjord
(august), Gunnar Mjelsvik (august), Johs. Vergeland,
Johan Kirkebø, I. P. Haugland, Ivar O. Asheim, Ole
Føsund (august), Sjur Dale, J. Breivik, L. Austrheim
(november), A.O. Hovland (november) og Isak Tynning
(november).
I folkerøystinga i november var det for Gulen valsokn
2 røystestader: a) i Gulen kyrkje og b) i Mjømna
kyrkje. I folkerøystinga i august var det berre
røystestad i Gulen kyrkje. Oppteljinga ved begge
røystingane føregjekk i Gulen kyrkje. I begge
røystingane var det for Lavik valsokn 3 røystestader: a)
i Lavik kyrkje, b) i Brekke kyrkje og c) i Kykjebø
kyrkje. Oppteljinga føregjekk i Lavik.
Folkerøystinga i august - ja eller nei til
unionsoppløysinga Resultatet i Gulen valsokn: Av
667 som hadde røysterett, røysta 575 (86,2%). Alle
røysta ja. Resultatet i Lavik valsokn: Av 806 som
hadde røysterett, røysta 745 (92,43%). Alle røysta
ja. Resultatet i Brekke sokn: Av 200 som hadde
røysterett, røysta 189 (94,5%). Alle røysta ja. I
Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på
88,7 og berre tre røysta nei.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde
røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende
røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile
landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende
røyster, 368 208 ja, 184 nei.
Avisene i fylket kunne fortelje om at 13. august 1905
var ein festdag. Sogns Tidene trykte 22. august eit brev
underskrive av O. W. Han kunne fortelje at "Kirken i
Eivindvik var for anledningen pyntet med flag og grønt,
hvilket bidrog meget til øgning af feststemningen."
Vidare kunne han opplyse om at oppmøtet var svært godt.
Etter gudstenesta tala presten frå kordøra. Han
understreka "at om her skulde være nordmænd som svared
nei til 7 junibeslutningen, saa skulde man undskylde
dem, fordi de ikke forstod hvad de gjorde".
Den høge valdeltakinga ved folkerøystinga var mellom
anna eit resultat av at reiarlag sette opp ekstraruter
for å frakte folk til røystestadene. Frå Gulen skriv
O.W. i Sogns Tidende 22. august: " Lig saa en tak til N.
B. Amts dampskipskontor og specielt til S/S "Sogns"
fører hr. Slætten for hans imødekommenhed ved at tage en
hel del baader og folk udover til Skjergehavn og
Mjømen."
Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene
hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men
kvinnene ynskte å gje sitt ja, til liks med mennene.
Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein
landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august
overleverte dei over 250 000 underskrifter til
Stortinget.
I Sogns Tidende vart det 9. august trykt ei oppmoding
frå "Fru statsminster Qvam" til kvinner om å skrive seg
på lister. Avisene var sentrale for å få ut informasjon
om aksjonen, og sjølv om vi ikkje har opplysningar om
kvinneaksjonen i Gulen er det ikkje usannsynleg at også
kvinner frå Gulen skreiv under på desse listene.
Folkerøysting i november - kongedømme eller
republikk Resultatet av folkerøystinga i november
for Gulen valsokn: Av 669 med røysterett, røysta 494
(73,24%). 4 røyster vart forkasta. 426 røysta ja (for
kongedømme), 64 røysta nei (for
republikk). Resultatet av folkerøystinga i november
for Lavik valsokn: Av 809 med røysterett, røysta 495
(60,19%). 8 røyster vart forkasta. 290 røysta ja (for
kongedømme), 197 røysta nei (for republikk). (For
denne folkerøystinga har vi ikkje eigne tal for
Brekke.)
Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde
røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507
(80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for
republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde
røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189
(79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for
republikk.
Den nye kongefamilien Den 18. november
valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge.
Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen
deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7.
og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye
kongefamilien kom til Kristiania med det norske
marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der
tusenvis av feststemde menneske venta.
Sjømannen Karl Gåta frå Byrknesøy i Gulen var i
Bergen den dagen kongefamilien kom til landet og han
skreiv dette i dagboka si denne dagen: "25/11: Bergen
(Kongedagen). Hele dagen var byen og dampskibsflaaden
klædt i et ypperligt festskrud med flag i alle muelige
størrelser hvor man kunde se.
Ordene: "Alt for Noreg" (Kong Haakon den 7des
valgsprog) var illuminered på Triangelen og trykt i alle
vinduer, ligesom store og smaa billeder av Kongefamilien
og Statsminister Michelsen var smukt dekoreret med
nationale farber og grønt. Folkemassen i gaderne var
stor udover kvelden. Kl. 10 kom fakkeltoget (det 1ste
jeg har set) som et lysende ildhav fra fæstningen ud
Øvregade og ned langs Sporvognslinjen over torvet til
Holberg- og Christiestøtten."
"Fest i anledning ... tilendebringelse av
frigjørelsesværket" Mange stader i landet skipa
dei i desember til folkefestar for å markera det
hendingsrike året 1905. 7. desember vart det i Gulen
kyrkje halde takkegudsteneste for landet si politiske
frigjering. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i
gudstenesta, men etter Kyrkjedepartementet sitt
rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers
23-26 og det vart rådd til å bruka Blix si
fedrelandssalme.
|
| Artikkelnummer:
|
| KAL/SFF-421.1411 |
| |
| Forfattar og datering:
|
Karianne Schmidt Vindenes
Fylkesarkivet, 2005. |
| |
| Prenta kjelder:
|
Engesæter, Ludvig: Brekke
herred, ei bygdebok, 1. band. Bergen
1944 Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og
Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I
Kjelda nr. 3 2002. Helland, Amund:
Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania
1901. Glimt frå Gulen, Gulen
kultursogenemnd 1992 Glimt frå Gulen,
Gulen kultursogenemnd 1994 Glimt frå
Gulen, Gulen kultursogenemnd 1998 Nordre
Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret
1906. 1906. Avisa Sogns Tidende
12.02.1905, 23.05.1905, 26.05.1905 og 22.08.1905.
|
| |
| Uprenta kjelder:
|
Statsarkivet i Bergen:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå
valstyra, folkerøystinga 13. august og
folkerøystinga 12. og 13.
november. Statsarkivet i Bergen: Gulen
prestearkiv, dagsregister 1905. Fylkesarkivet i
Sogn og Fjordane: Karl Gåta, dagbok 1905.
|
| |
|
Tilleggsinformasjon: Me
ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du
utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre
fotografi? Send oss ein epost: mailto:postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no?subject=Artikkel
KAL/SFF-421.1411 | |