 |
| Minnekort med datotrykk frå den
fyrste folkerøystinga. |
|
 |
| Kyrkja var sentral i arbeidet med
unionsoppløysing og kongeval. I Hornindal, som så
mange stader elles, var kyrkja røystestad ved
begge folkerøystingane i 1905. |
|
 |
| Olina Rødal frå Tafjord var i
1905 meierske ved Hornindal Meieri på
Tomasgard. |
|
 |
| D/S Dølen var ein trufast slitar
på Hornindalsvatnet. Begge folkerøystingane vart
haldne på Grodås, og det vel grunn for å tru Dølen
frakta folk frå dei andre bygdene langs vatnet,
dårlege vegar som det var. |
|
 |
| Presten Elias Blix har ein
sentral plass i 1905-markeringa. Fedrelandssalmen
hans 'Gud signe vårt dyre fedreland' vart sunge
meir enn nokon gong før. Målsaka blømde i denne
perioden, og Blix sine nynorsk salmar var ei
kampsak. Mange stader stemde dei for å innføre
desse salmane i kyrkja. |
|
 |
| Ragnhild Fredriksdotter Lødøen,
1863 til 1920, var jordmor i Hornindal frå 1865
til 1902, og vikarierte lenge etter den tid.
Jordmora hadde ein viktig rolle i det lokale
helsestellet. Det var langt til lege så jordmora
var god å ha som medisinsk kunnig. |
|
 |
| Bilethoggar Anders Svor laga som
ungdom ein kongskross med portrett av kong Oscar
II. Dette er eitt av to 1905-minnesmerke som finst
i Svormuseet i Hornindal. |
| |
|
 |
| Postkort frå Grodåssanden,
tettstaden i kommunen i 1905.
|
1905 - Hornindal kommuneI 1905 vart Norge
eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med
Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7.
juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Hornindal.
Hornindal kommune i 1905 Ved folketeljinga
i 1900 budde det 1610 personar i dåverande Hornindal
kommune, som omfatta området på begge sider av
Hornindalsvatnet. Området frå og med Navelsaker og
Holmøyvik vart i 1965 overført til Eid kommune, medan
resten av kommunen vart slegen saman med Stryn. I 1977
vart Hornindal igjen eigen kommune. Området som vart
overført til Eid, vart ikkje tilbakeført.
Kommunen omfatta i 1905 eitt kyrkjesokn, Hornindal
hovudsokn. Kommunen var eige lensmannsdistrikt og
tinglag. Tinglaget høyrde til Sunn- og Nordfjord
fogderi. Kommune var i 1895 delt i ni skulekrinsar med
263 born i skulepliktig alder og fire lærarar, O. N.
Lødøen, L. O. Svor, O. I. Olsen Rygg og O. M. Holmøy (
skulestyrar). Holmøyane arbeidsskule, den fyrste
arbeids- og snikkarskulen i sitt slag i landet, låg også
i gamle Hornindal kommune. Kommunen hadde eiga jordmor.
Næringsliv og sørvistenester. Jordbruk var
den viktigaste næringa, men mange hadde ulike former for
heimeindustri/handverk som tilleggsnæring, til dømes
ljåsmiding. Hornindal var kjend for ljåane sine og bygda
var meir som eit senter for dette handverket. I
Amtmannsmeldinga for Nordre Bergenhus Amt frå 1900 står
det å lese at mest halvparten av vaksne menn smidde
ljåar og "...de selger sine vare helt nordover til
Nordland." Det var fleire sagbruk i bygda og møller på
mest kvar ein gard. Det var eit meieri i kommunen i
1905, Hornindals Andelsmeieri. Hornindalsvatnet var rikt
på fisk og gav grunnlag for viktig matauk.
Sommarturismen med overnattingstilbod og skyssteneste
var blitt ein del av næringslivet, og det var tre hotell
i kommunen, Raftevolds Hotel, Hotel Grodaas og Hotel
Kjos. Hornindal sparebank var etablert i 1898. Det var
fem som dreiv handel i kommunen, P.J.Storevik i
Holmøyane og R. K. Grodås, O. M. Raftevoll og
R.Sørensen. Tettstaden og den viktigaste handelsstaden
var Grodås.
Samferdsle og kommunikasjon Hovudvegen i
kommunen var ein del av den populære turistruta Stryn -
Hornindal - Norangsdalen - Øye, og var med og danna
grunnlag for hotella i kommunen. Vegen frå Stryn kom ned
til Øyane og tok seg vidare austover gjennom Grodås og
vidare til Hellesylt på Sunnmøre. Dette var også ein del
av den Trondhjemske Postveg. Det var også 4,1 km
køyreveg frå Eid til Grimsnes i dåverande Hornindal
kommune. Også innan sjølve kommunen var det bygt nokre
korte vegstrekningar som kunne køyrast.
Dampbåten D/S "Dølen" trafikkerte Hornindalsvatnet,
Grodås - Nor, med post, varer og passasjerar frå 1881
til 1951, og i 1888 kom konkurrenten M/S "Duen".
Dampbåttrafikken var viktig for kommunen, for
kommunestyret gav kommunal garanti for farten. Det var
tre postopneri i kommunen; på Grodås, i Heggjebygda og
Holmøyane var det postopneri. Kommunen var også knytt
til telefonnettet gjennom det privateigde Nordfjord
Telefonselskab. Grodås, Haugen, Kjøs, Maurset, Lødemel
og Tomasgard fekk privattelefon alt i 1893.
".. i spændt Forventning.." I ei tid utan
mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk
kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt"
når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på
skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og
gjennom posten (brev og aviser).
Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste
nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga
i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7.
juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i
Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og
det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember.
Ein utflytta honndøl, busett i Bergen, fortel i eit
lesarbrev, datert 14. juli i Gula Tidend at han har vore
heime i Hornindal ein tur denne sommaren og det som
opptok folk meir enn noko anna var " Situationen. Det er
som ein draum dette som hev hendt i Landet i den siste
Tid, tykkja dei. Dei hadde ikkje tenkt so stort, at det
norske Folk skulde vaaga dette Spennetaket. Gjev me
maatte naa fram! Hornindalen er rein Vinstrebygd. "
Andre saker og hendingar enn
unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store
saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var
også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av
nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika
sameleis. Samferdsle med bygging av veger og kamp om nye
stoppestader for Fylkesbaatane var aktuell saker.
Ei anna viktig sak var utbygging av helsestellet.
Amtstinget hadde i 1901 løyvt midlar til opplæring av
sjukesystrer for å betre helsestellet i kommunane, men
vedtaket fall. Honndølene tilhøyrde mindretalet og då
fylkestinget i 1905 tok opp spørsmålet om løyving til
sjukehus i Lærdal, uttalte kommunestyret at det måtte
opprettast sjukehus i kvart lækjardistrikt, med
amtsstøtte på 20 prosent. Kommunestyret søkte tilskot
frå Nordfjord Sparebank om å vøle taket på kyrkja, søkte
Postverket om statstilskot til dampskipsfarten på
Hornindalsvatnet, prioriterte vegprosjekt, handsama
skjenkjeløyve til hotella, overtok ein ny vegparsell på
hovudvegen frå Stryn, valde styremedlemer til dampbåten
"Dølen" osv.
Nyhende om stort og smått Avisene melde
heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket,
andre stader i landet og ute i verda, - gjennom
smånotisar og i større oppslag. Fjordenes Blad,
21.06.1905, melde om ei rasulukke under vegarbeidet ved
Hornindalsvatnet. Ein svær stein kom susande og trefte
ein vegarbeidar i bakhovudet og ryggen. Til all lukke
kom han straks " - under legebehandling og det skal være
håb om, at han kan komme sig igjen". Fram til 1905 hadde
over 500 honndøler emigrert til Amerika, mange heilt på
slutten av hundreåret. Banda til heimbygda var sterke,
og Fjordenes Blad kunne i desember fortelje at dei hadde
samla i hop heile kr 5600 til orgel i Hornindal
kyrkje.
Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i
1904, og bonde Ole R. Svor vart då vald til ordførar,
eit verv han hadde fram til 1913. Vilhelm Hesselberg var
sokneprest. Magnus Kirkhorn som var lensmann og
postopnar på Grodås, døydde i oktober dette året. R. M.
Kirkhorn vart då konstituert som lensmann. Magnus
Kirkhorn hadde vore lensmann i kommunen sidan 1872. Han
var ein føregangsmann innanfor jordbruk og samfunnsliv,
m.a. ein av stiftarane av Hornindals sparebank. Lærar
Ole N. Lødøen var ein stor pedagog og utvikla
eineståande visuelle læremiddel som vakte stor merksemd
både i inn- og utland. Biletvevaren Brita Lund, 1886
-1966, vart også kjend utanfor bygda. Ho hadde
separatutstillingar både i Norge, Sveits og USA.
Lag og organisasjonar Lag- og
organisasjonsarbeidet har lange og sterke tradisjonar i
Hornindal. 1905 finn vi skyttarlag, misjonsforeining,
ungdomslag og partiet Venstre. Dei to sistnemnde vart
skipa same året, i 1885, og hadde sterk innverknad på
mykje av det som skjedde i kommunen. Ungdomslaget stod
sterkt og hadde sterk legitimitet, m.a. av di mange av
prestane var leiarar i laget. I 1905 var sokneprest
Hesselberg leiar i laget.
Målrørsla var ei av fanesakene til ungdomslagsrørsla
og Venstre, og denne saka hadde lange tradisjonar i det
radikale miljøet i Hornindal. Dei kjende målmennene
Haakon Aasvejen og Johannes Aashamar hadde tidlegare
drive både friskule for born i grunnskulealder og
Hornindal Folkehøgskule i bygda. Dette hadde sett spor,
og alt i 1905 var det nytta ein del lærebøker på
"landsmål" i skulen. Men Blix-salmane hadde dei enno
ikkje teke i bruk kyrkja. I eit lesarinnlegg i Gula
Tidend dette året vert ungdomslaget oppmoda om å syte
for å ta saka opp att. Men innsendaren ber om at dei
arbeider godt for saka før ho vert teken opp til ny
røysting.
17. mai 1905 Det var ekstra stor
oppslutning om 17. mai i 1905. Den politiske situasjonen
var spent og nasjonalkjensla blomstra. Fjordenes Blad
sin meldar i Hornindal skildrar nasjonaldagen
slik: "Straalende deiligt var veiret. Skogen stod
grøn. Flagene vifted. Det var saa vakkert i aar den 17de
mai. Kl. 5 eftmd. talte pastor Hesselberg i kirken.
Prækestolen var omsvøbt af flag. Mange folk var samlet.
Det var en sand hugnad at sidde i kirken og høre
Hesselbergs mandige og greie tale. Den var baaret af tro
og elsk til fædreland og kirke. Blixs fædrelandssalme
blev sunget. Kl. 8 samledes man ved Knud Grodaas hus,
hvor S i n d r e talte. Paa sin vanlige rolige og greie
maade talte han. Skildred forholdene i 1814 og maned til
værn og kamp for den frihed og selvstændighed, som vi
den gang vandt".
7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då
unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag,
men folk ut over i landet venta i spaning på siste nytt
frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet
vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende
dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende
ut ei kunngjering om unionsoppløysinga.
Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å
lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den
11. juni, eller seinare. Det var knappe fire dagar
mellom vedtaket i Stortinget og fyrste pinsedag. Med den
tids postgang og kommunikasjonar vart dette for knapp
tid. Kunngjeringa nådde ikkje fram, så presten i
Hornindal løyste dette med å be ei "Særlig bøn for
fædrelandet". Stikkord for preika var "Pinseunderets
Betydning." Ein tekst som skulle høve godt for dagen og
det som hadde hendt.
Under preika i Hornindal den 18.07 var kunngjeringa
komen, og presten kunne endeleg få lese opp
"Kundgjørelse til det norske folk om unionens
opløsning." Dette var sjølvsagt gamalt nytt for
honndølene, men truleg like kjært å høyre frå
preikestolen.
Folkerøystingane - røysterett og
valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1)
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til
unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2)
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara
ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge.
I røynda var dette eit val mellom kongedømme og
republikk.
Valsokna omfatta eitt prestegjeld, og Hornindal
valsokn tilsvara Hornindal kommune. Valstyret for august
var samansett av: lensmann Magnus Kirkhorn som var
formann, varaordførar Lars O. Svor, Jørgen G. Rognæs og
John O. Ytrehorn. Formann i valstyret for november var
konstituert lensmann R. M. Kirkhorn. Medlemane var elles
dei same som ved augustrøystinga.
Det var valstyret som bestemte kvar det skulle
haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. I
begge røystingane vart det røysta i Hornindal kyrkje,
men ved folkerøystinga i november, som gjekk over to
dagar, vart det røysta i kommunelokalet på Grodås siste
dagen. "Efter afstemningen var slut den første dag, (den
12te) forsegledes urnen med lensmandens segl. Den
paafølgende dag (den 13de) fortsattes afstemningen i
kommunelokalet". Her talde dei også opp røystene
denne dagen.
Folkerøystinga i august - ja eller nei til
unionsoppløysinga Resultatet for Hornindal
valsokn: 332 personar (menn) hadde røysterett. Det vart
avgjeve 313 røyster og heile 282 menn møtte fram
personleg. Ingen av røystene vart forkasta, og alle
røysta ja. Frammøteprosenten for Hornindal var 94,3.
Røystestyret har notert seg fylgjande om frammøtet: "Af
herredets stemmeberettigede er borteværende fra
distriktet ( for det meste i Nordland - 7 personer) og
gamle og sløve som ikke afgav stemme 5 personer. Når
disse 12 er fradraget, er kun 7 personer udeblevne fra
mødet."
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde
røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende
røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile
landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende
røyster (368 208 ja, 184 nei).
Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene
hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men
kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene.
Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein
landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august
overleverte dei over 250 000 underskrifter til
Stortinget.
Underskriftsinnsamlinga vart ordna på ulike måtar.
Gjennom opprop i avisene vart kvinnene oppmoda om å
skrive seg på listene. I Fjordenes Blad 12.08 gjev
redaktøren si fulle støtte til aksjonen : "Vi giver
dette oppråb til landets kvinder vor varme tilslutning.
Det vil utvilsomt styrke Noregs stilling i disse
alvorlige tider, at ogsaa vaare kvinder er med at slaa
ring om landets selvstendighed. Lad os nu be at
alle Norges kvinder bli med!". Avisa oppmoda
vidare ".. kvinder i de øvrige av vore bygder til at ta
sig av sagen og sørge for at faa lister udlagt paa
bekvemme steder." Avisa melder den 30.08 at det vart
samla inn 257 underskrifter på Eid, men dei nemner ikkje
andre lister. Dette tyder likevel ikkje at det ikkje
vart samla inn underskrifter i Hornindal. Bygda hadde
sterke målfolk og mange venstrefolk, typiske
alliansepartnar for initiativtakarane.
Folkerøystinga i november - ein knipen siger for
kongedømme Resultatet av folkerøystinga i
november for Hornindal valsokn: 330 hadde røysterett.
Landet over var det noko mindre interesse for å røyste
ved dette valet. Slik var det også i Hornindal. Denne
gongen var det "berre" 245 som røysta. 130 røysta ja
(for kongedømme), medan 115 personar, heile 46,9
prosent, røysta nei (for republikk). Med dette
valresultatet plasserte Hornindal seg som
republikanarkommune nr 2 her i fylket.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde
røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507
(80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for
republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde
røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189
(79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for
republikk. Prins Carl hadde fått det svaret han ville ha
for å ta på seg oppgåva som Norges konge.
Den nye kongefamilien Den 18. november
valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge.
Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen
deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7.
og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye
kongefamilien kom til Kristiania med det norske
marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der
tusenvis av feststemde menneske venta.
Gleda var stor hos dei kongetrugne, og Johan Ytrehorn
sende same dagen eit gratulasjonsbrev til venen Edvard
Liljedahl, skulemeister, klokkar og kyrkjesongar i
kommunen. "Gratulerer med dagen, den skjønneste i vor
historie. Haakons og Olav trone gjenreist. Digterens
spaadom er gaaet i opfyldelse: Hvad Norge vor skal
det atter vorde, paa land, paa bølge og i
folkerang. Haakon 7de Norges mand Lenge raabes: "
Leve han."
"Den fullbyrdede nationale frigjørelse" På
halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember,
vart det halde takkegudsteneste i mange kyrkjer rundt om
i landet. I Hornindal noterte presten etterpå i
dagsregisteret i kyrkjeboka: "Takkegudsteneste i
anledning af den fuldbyrdede nationale frigjørelse. "Af
Herren er dette skeet (..) Tekst salme 118, 23-24."
Mange stader i landet skipa dei også til folkefestar
i desember for å markera det hendingsrike året 1905. I
Hornindal, ein kommune med ei sterk frilynt
ungdomslagsrørsle der sjølvråderetten var ei av
kampsakene, med ivrige målfolk og venstrefolk og eit
levande folkemusikkmiljø, kan det godt henda at dei også
skipa til folkefest, sjølv om det vart kongedømme og
ikkje republikk som mange honndøler ynskte.
|
| Artikkelnummer:
|
| KAL/SFF-422.1444 |
| |
| Forfattar og datering:
|
| Kjerstin Risnes, 2005.
|
| |
| Prenta kjelder:
|
Avisa Fjordenes Blad.
24.05, 21.06, , 26.07, 11.10, 22.12,
1905. Avisa Gula Tidend.
21.07.1905. Helland, Amund: Nordre Bergenhus
Amt. Del 2. Kristiania 1901. Gjerde,
Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane,
grensendringar gjennom tidene. I Kjelda.
Nr. 3. 2002. Lothe, Anders. Målreisingssoga
i Sogn og Fjordane.1950. Haugen, Pål og
Ytrehorn, Jon: Ljåsmeden i den gamle honndalsmia.
I Historisk årsskrift. Nr.3. 1987.
Hornindal historielag. Tomasgard, Paul. O. Det
første organiserte ungdoms og idrettsarbeidet i
Hornindal 1884/85. I Historisk årsskrift.
Nr.1. 1985. Hornindal historielag. Norges
Handelskalender. Nordre Bergenhus Amt.
1904. Lillestøl, Karl. Hornindal herad
gjennom hundrad år. 1837 til 1937.
|
| |
| Uprenta kjelder:
|
Statsarkivet i Bergen:
Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og
Fjordane. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-92025 Brev frå John Yttrehorn,
Hornindal. Kommunearkivet i Hornindal: Møtebok for
formannskapet, 1837-1937. |
| |
| Fylkesarkivet Sogn og Fjordane,
møtebokregister, formannskapsprotokollar |
| NRK Sogn og Fjordane |
| Nasjonalbiblioteket |
| Fylkesarkivet, Kulturhistorisk
atlas/leksikon |
|
Tilleggsinformasjon: Me
ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du
utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre
fotografi? Send oss ein epost: mailto:postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no?subject=Artikkel
KAL/SFF-422.1444 | |