Anders Svor: Christian Michelsen. Bronse, 1906, i Svormuseet, Hornindal.
Kongskross med portrett av Oscar II. i Svormuseet.
Kong Oscar II (1829-1907), siste unionskongen, konge i Norge 1876-1905.

1905 - Christian Michelsen og Oscar II i Svormuseet

I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om to arbeid av bilethoggaren Anders Svor, - ei byste av Christian Michelsen i bronse og eit portrett av Oscar II i tre, - begge i Svormuseet i Hornindal.

Byrja som treskjerar
Bilethoggaren Anders Svor (1864-1929) byrja som treskjerar før han i tok til med modellering ved Den Kgl tegneskole i Kristiania, og i 1891 vann gullmedalje på ei utstilling i Berlin med skulpturen David. Fleire av arbeida hans kan knytast til unionsoppløysinga. Her skal vi trekkja fram to, - eit kunststykke i treskjering og ei byste i bronse. Begge kunstverka er i Svormuseet i Hornindal.

Kongskross - Oscar II
Olav Gullvåg fortel i boka - Anders Svor og Svor-museet - som kom ut i 1954, at kunstnarlivet til Anders Svor byrja med at han laga eit knivskaft etter skaftet på ein tollekniv han fann ein dag han var ute og gjette. I gutedagane eller dei fyrste ungdomsåra skar han óg ut ein kross eller eit "krusifiks" med kong Oscar II i midten, etter portrettet av kongen på to-kronestykka. Øvst sette han kongskrona over ein kvinnefigur (Mor Noreg), og ytst på armane monogrammet til kongen.

Christian Michelsen
Denne merkelege kongskrossen er det eine kunstverket i Svormuseet som kan "stillast ut" som eit 1905-minnesmerke i jubileumsåret 2005. Det andre er ei portrettbyste i bronse av Christian Michelsen (1857-1925), laga i 1906 og i si tid utstilt på fleire utstillingar: Kunstforeningen i Oslo 1906, Blomqvist Kunsthandel Oslo, 1906, statens årlege kunstutstilling "Høstutstillingen", Oslo i 1907, og Noregs Jubileumsutstilling i Oslo 1914. Bysta er no oppbevart i Svormuseet saman med tre ulike gipseksemplar. Dessutan har museet fire utgåver "portrettfigurar Christian Michelsen, ståande," alt i følgje boka til Gullvåg og Svor.

Tre andre i 7. juni-regjeringa
Utanom sjefen for 7. juni-regjeringa, har Anders Svor modellert tre av ministrane: 1) Sofus A.B. Arctander (1845-1924), 2) Gunnar Knudsen (1848-1928), i Stortinget, og 3) Jørgen Løvland (1848-1922), på Vår Frelsers gravlund, reist av Noregs Mållag m.fl. Ved avdukinga 7. juni 1928 heldt professor Halvdan Koth avdukingstalen.


Artikkelnummer:
KAL/SFF-447.1400
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2005.
 
Prenta kjelder:
Gullvåg, Olav og Svor, P.O.: Anders Svor og Svor-museet. 1954.
 

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: mailto:postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no?subject=Artikkel KAL/SFF-447.1400