til hovudside
 
 
Om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet er ein fylkeskommunal institusjon skipa i 1983. Arkivet held til i Fylkeshuset på Leikanger, men fotoavdelinga er på Sandane. Fylkesarkivet er ein viktig del av det samla kulturvernarbeidet i Sogn og Fjordane og har eit tett samarbeid med museum og bibliotek. Arkivet har kring 12 tilsette.  

Fylkesarkivet vernar, registrerer og formidlar til brukarane viktige kjelder om Sogn og Fjordane: 
  • Kommunale arkiv frå 1837 mot vår tid.
  • Fylkeskommunale arkiv.
  • Private arkiv.
  • Foto, video, film.
  • Musikk.
  • Stadnamn.
  • Munnlege kjelder, intervju.  
Arkivet har og bygt opp ei omfattande teneste på Internett. Sjå

Her vil du  finna mykje spanande kjeldeltilfang, mellom anna  folketeljingar, kyrkjebøker, opplysningar om stølar og gardar og mykje meir.  Fylkesarkivet produserer og  ei rekkje artiklar om kulturminne og historie frå fylket. Desse finn du og på Internett, sjå Kunnskapsbasen for Sogn og Fjordane.  

Adresse:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Askedalen 2
6863 Leikanger
Telefon: +47 57 65 64 00
Telefaks: +47 57 65 61 01
Epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no
www.sffarkiv.no