til hovudsida
 
 

Om prosjektet

Bakgrunn

I 2005 er det 100 år sidan oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Korleis opplevde folk i fylket vårt hendingane i året 1905?  Fylkesarkivet og kommunane har i fellesskap laga ein informasjonspakke om 1905. Tilsette ved Fylkesarkivet har skrive artiklane og stått for alt anna arbeid med informasjonspakken. Materialet er tilgjengeleg på CD og  på nettstadane:  http://www.sffarkiv.no/ og http://sognogfjordane.kulturnett.no  

Innhald

  1. Allmenne artiklar om unionsoppløysinga  med mange interessante døme frå Sogn og Fjordane.
  2. Artiklar om året 1905 i kvar av dei 26 kommunane.
  3. Avskrift av ulike kjelder som gjeld året 1905, særleg valprotokollar og avisartiklar.
  4. Digitale kopiar av dei originale kjeldene. Her vil du mellom anna finna svært mange kopiar frå alle avisene i fylket i året 1905. Mange handlar om hendingar knytt til oppløysinga av unionen, men mange gir og fengslande tidsbilete frå dette viktige året.  
Må lesast i samanheng

Skal du få eit godt bilete av unionsoppløysinga og hendingane i 1905, er det ikkje nok berre å lesa artikkelen om ein kommune.  Dei allmenne artiklane er lista opp først. Dei gir viktig informasjon for å forstå det som skjedde.  

Bruk av materialet

Me vonar denne informasjonspakken når ut til mange, og at den kan auka kunnskapen om 1905 og om tilhøva i fylket  på den tid. Skulane i fylket vil finna mykje nyttig stoff her til utstillingar, som grunnlag for elevarbeid med meir. Me vonar og at det kan gje inspirasjon til mange spanande lokale tiltak i året 2005.  Tekst og bilete kan nyttast fritt til ikkje-kommersielle føremål. Gje opp Fylkesarkivet som kjelde, og ta med andre kjeldereferansar som er knytt til materialet. Ein del av illustrasjonane er henta frå Nasjonalbiblioteket sitt 1905-tilbod.  

Ha ei hyggjeleg stund med 1905.
(www.sffarkiv.no/1905)

Helsing
Gunnar Urtegaard og resten av staben ved Fylkesarkivet.
April 2005.

www.sffarkiv.no