Status
Kommunen gjorde i 1989, i samarbeid med Fylkesarkivet sikring og
registrering av fotografsamlingar og anna innsamla biletmateriale. Materialet er ikkje
digitalisert og etterarbeid står att. Kommunen har delteke i Prosjekt Fotovern.
Bilete innsamla gjennom Prosjekt Fotovern: 761
Tal tidlegare innsamla bilete: 45
Totalt innsamla: 806
Arbeid
i 1997
Kommunen har drive innsamling gjennom lokal innsamlingsleiar i 1997. Fylkesarkivet har
drive opplæring og jamnleg rettleiing. Mykje av materialet samla inn gjennom Prosjekt
Fotovern er ferdighandsama, og tilgjengeleg gjennom fotokatalogar og på Internett. Noko
etterarbeid står enno att. To reproturar i 97.
Totalt innsamla: 401
Fotokort: 180
Status
12 582 stadnamn er listeførte, kartfesta og innlese på band. Fylkesarkivet har
motteke 77 øk-kart, 1 fjellkart og 1 sjøkart. Nokre av karta er overført til kommunen
ved kommunegrensereguleringa. Askvoll er ferdig med stadnamninnsamlinga si, og har fått
tilbod om katalog.
Arbeid
i 1997
Kommunen har gjort ferdig innsamlinga på eit kartblad. 15 stadnamn vart samla inn.
Fylkesarkivet har hatt 4 førespurnader om stadnamn i Askvoll. Det er skuleelevar,
studentar og andre som spør etter namnemateriale til oppgåver og anna.
Status
| Register |
Tidsbolk |
Tal postar |
Merknad |
| Døypte |
1819-1896 |
6768 |
1) |
| Gravlagde |
1886-1900 |
378 |
|
| Vigde |
1845-1878 |
1772 |
|
| Innflytte |
- |
- |
ikkje reg. |
| Utflytte |
1820-1915 |
1717 |
|
| Folketalde |
1801 |
- |
ikkje reg. |
| Folketalde |
1865 |
3075 |
|
| Folketalde |
1875 |
3199 |
|
| Folketalde |
1891 |
- |
ikkje reg. |
| Folketalde |
1900 |
2733 |
|
| Bergen hamn |
1874-1924 |
971 |
Amerika |
| Sum tal postar |
|
20 613 |
|
1) Døypte manglar 1879-1884.
Arbeid i 1997
I Askvoll kommune har det ikkje vore gjort innsamling eller registreringsarbeid i musikk
siste året.
Status
Pr. 31.12.97 var 102 melodiar, fordelt på 13 utøvarar/ grupper, registrert i
databasen.
Status
Pr. 31.12.1997 er det ordna/delvis ordna 17 privatarkiv. Det føreligg katalog
over kartlegginga gjennom prosjekt lagsarkiv i 1992.
Arbeid
i 1997
Det er ikkje utført ordnings- eller registeringsarbeid for privatarkiv knytt til
Askvoll i 1997.
Status
Arkivkatalogane er ferdig og katalogopplysningane er lagt inn i det elektroniske
arkivsystemet ASTA og kan søkjast i på Fylkesarkivet sine Internett-sider. 25 hyllemeter
ordna arkivmateriale står i kommunen sitt fjernarkiv. 3 hyllemeter delvis ordna
arkivmateriale står på Fylkesarkivet. Kommunen har arkivplan og har teke i bruk
K-kodane. Kommunen har ei desentralisert arkivteneste.
Arbeid
i 1997
Ordning og registrering i ASTA av materiale frå provianteringsrådet (0,1 hm) og
kommunekassa (0,7 hm).
Handsaming av førespurnad om når bygningsrådet i kommunen vart oppretta og i kva
grad det finst eldre materiale etter bygningsrådet. Handsaming av førespurnad om føring
av møtebok. Handsaming om førespurnad om sambandet mellom offentleglova og dei tilsette
sine permisjonssøknader.
Planlagd arkivkurs for nytilsette vart i samråd med arkivleiar i kommunen utsett til
1998. |