Sogn og Fjordane
fylkeskommune
Databasar
Kommunale arkiv
Privatarkiv
Foto
Musikk
Utvandring
Stadnamn
Persondata
Lokalhistoriske
arkiv
Ymse tilfang
Tilsette
Kjelda
Emigration Review
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Andre aktuelle
web-sider
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
5842 Leikanger
Årsmelding 1997

Status
Kommunen har i fleire år drive fotovernarbeid, både i samarbeid med Sunnfjord Museum og seinare med Fylkesarkivet. Fjaler har delteke i Prosjekt Fotovern.
Bilete innsamla gjennom Prosjekt Fotovern: 1944
Tidlegare innsamla bilete: 533
Totalt innsamla: 2477

Arbeid i 1997
Alt materiale samla inn gjennom Prosjekt Fotovern er ferdighandsama og tilgjengeleggjort i fotokatalogar og på Internett. Formidling av materialet har stått sentralt, med arbeid kring lysbileteserie basert på dei innsamla bileta. Dette i samarbeid med Fylkesarkivet. Der har ikkje vore innsamling i 1997.
Fotokort: 617

Status
15 565 stadnamn er listeførte, kartfesta og bandfesta og registrerte på data. Kommunen fekk stadnamnkatalog, kart og base i 1994.

Arbeid i 1997
Har handsama 3 førespurnader.

Status

Register Tidsbolk Tal postar Merknad
Døypte 1835-1901 4889 1)
Gravlagde 1835-1901 1579 2)
Vigde 1835-1901 2754 3)
Innflytte 1824-1886 789
Utflytte 1821-1886 1525 4)
Folketalde 1801 - ikkje reg.
Folketalde 1865 3778
Folketalde 1875 3917
Folketalde 1891 - ikkje reg.
Folketalde 1900 3782
Bergen hamn 1874-1924 1030 Amerika
Sum tal postar 24 043

1) Døypte manglar 1882-1890.
2) Døde manglar 1854-1891.
3) Vigde manglar 1885-1891.
4) Utflytte manglar 1824, 1826.

Arbeid i 1997
Siste året er det registrert i musikkdatabasen 80 nye opptak i Fjaler kommune. Opptaka er frå kappleikar i tida 1993-97. Utøvarane er Rakel Bakkebø, Dalsfjorden spelemannslag, Terje Furnes, Klunken, Nesalendingane, gruppa "R.R.T.", Spillopp, Geir Helge Sunde, Håkon Vagstad og Ragnfrid Aasnes. Arkivet har også fått tilsendt eldre opptak av Alf Aasnes til kopiering, lånt frå Bjarne Ljones, Ås. Desse opptaka er registrert på Oslo.

Status
Pr. 31.12.97 var 279 melodiar, fordelt på 31 utøvarar/ grupper, registrert i databasen.

Status
Pr. 31.12.1997 er det ordna/delvis ordna 88 privatarkiv. Det føreligg katalog over kartlegginga gjennom prosjekt lagsarkiv i 1992.

Arbeid i 1997
Det vart utført ordnings- og registreringsarbeid på 8 privatarkiv. Fylkesarkivet fekk inn 3 avleveringar knytt til frå Fjaler 1997.

Arkivarane Yttri og Øverbø var på vitjing i Dale 25. og 26. juni, og arbeidde med omplassering, ordning og registrering av privatarkiv.

Kommunale arkiv

Status
Arkivkatalogen er ferdig og katalogopplysningane er lagt inn i det elektroniske arkivsystemet ASTA og kan søkjast i på Fylkesarkivet sine Internett-sider. 20 hyllemeter ordna og 30 hyllemeter uordna arkivmateriale står i kommunen sitt fjernarkiv. 5 hyllemeter delvis ordna arkivmateriale står på Fylkesarkivet. Kommunen har arkivplan og har teke i bruk K-kodar.
Kommunen har ei desentralisert arkivteneste.

Arbeid i 1997
Fjernarkiv vart synfare av Fylkesarkivet. Rydding og andre oppfølgingstiltak vart utført. Etatane vart vitja. Ordning og registrering i ASTA av 0,6 hm arkivmateriale frå fattigstyre. Tilbakeføring av omlag 1 hm ordna og registrert materiale frå Fylkesarkivet til kommunen. Ordning av omlag 1 hm skulestyremateriale. Innhenting av tidlegare uordna skulemateriale til Fylkesarkivet. På førespurnad frå kommunen føretok Fylkesarkivet ei utgreiing kring sentralisert arkivteneste i kommunen.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 5842 Leikanger (©).
Tlf. 57 65 61 00. Fax 57 65 30 20.
Ansvarleg redaktør: Gunnar Urtegaard. gunnaru@sffarkiv.no