Sogn og Fjordane
fylkeskommune
Databasar
Kommunale arkiv
Privatarkiv
Foto
Musikk
Utvandring
Stadnamn
Persondata
Lokalhistoriske
arkiv
Ymse tilfang
Tilsette
Kjelda
Emigration Review
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Andre aktuelle
web-sider
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
5842 Leikanger
Årsmelding 1997

Status
Kommunen har glasplatesamling etter fotograf Helgaas deponert ved Fylkesarkivet. Noko innsamling og registrering har gått føre seg, men dette er ikkje avslutta og ferdig handsama. Kommunen har ikkje delteke i Prosjekt Fotovern, og har hatt lite samarbeid med Fylkesarkivet om fotovern.
Totalt innsamla: 153

Arbeid i 1997
Det har vore samtalar kring vidare arbeid med materialet som er innsamla tidlegare, men det har ikkje vore nokon konkrete tiltak.

Status
9 235 stadnamn listeførte, kartfesta, innlese på band og dataregistrerte. Kommunen har fått stadnamnkatalog og kart.

Status

Register Tidsbolk Tal postar Merknad
Døypte 1720-1922 11466
Gravlagde 1720-1922 11799
Vigde 1720-1922 7248
Innflytte 1821-1916 136
Utflytte 1822-1926 832 1)
Folketalde 1801 1476
Folketalde 1865 2871
Folketalde 1875 2715
Folketalde 1891 - ikkje reg.
Folketalde 1900 2846
Bergen hamn 1874-1924 2321 2) Amerika
Sum tal postar 41 516

1) Utflytte manglar 1830, 1833-1836, 1840, 1846, 1849, 1851, 1853-1857, 1884, 1898, 1917-1918, 1925.
2) Førde prestegjeld, medrekna Naustdal.

Arbeid i 1997
Siste året er det registrert i musikkdatabasen 65 nye opptak i Naustdal kommune. Opptaka er frå kappleikar i tida 1993-97. Utøvarane er Harald Byrkjeland, Einar Eimhjellen, Eli Astrid Eimhjellen, Bård Leversund, Myrligjengen, Naustedalen munnspelgruppe, Naustedalen spelemannslag, Naustedalen toradargruppe, Naustedølen og Leif Erik Schei Stuhaug.

Status
Pr. 31.12.97 var 356 melodiar, fordelt på 38 utøvarar/ grupper, registrert i databasen.

Status
Pr. 31.12.1997 er det ordna/delvis ordna 13 privatarkiv. Det føreligg katalog over privatarkiv etter kartlegging etter Prosjekt Lagsarkiv 1992

Arbeid i 1997
Det vart ikkje utført ordnings- og registreringsarbeid på privatarkiv knytt til Naustdal i 1997. Det har ikkje kome inn avleveringar knytt til Naustdal i 1997.

Kommunale arkiv

Status
Arkivkatalog er ferdig og katalogopplysningane er lagt inn i det elektroniske arkivsystemet ASTA og kan søkjast i på Fylkesarkivet sine Internett-sider.
32 hyllemeter ordna materiale står plassert i kommunen sitt fjernarkiv. Her står også arkivmateriale etter det nedlagde PTK-kontoret. Dette materiale er ordna men ikkje registrert.
På Fylkesarkivet står det 6 hyllemeter med uordna materiale.
Kommunen har arkivplan og brukar K-kodar (kommunale kodar).
Kommunen held på med å leggje om frå desentral til sentral arkivorganisering.

Arbeid i 1997
Nedlegging av PTK. Sjå under Jølster.
Ordningsarbeid. har utført ordnings- og registreringsarbeid frå diverse arkivskaparar (formannskapet, overformynderiet, tiltaksnemnda, kontrollnemnda, edruskapsnemnda).
Har utført ordnings- og registreringsarbeid av korrespondanse frå skulestyret.
Har utført ordnings- og registreringsarbeid av korrespondanse frå formannskapet.
Møte i arkivgruppa. Tema for møtet var arkivstoda og framtidig dokumenthandsaming i samband med omorganiseringsprosess og omleggjing til sentralarkiv.
I tilknyting til dette møtet utarbeidde Fylkesarkivet eit brev om arkivmessige føretak i samband med dette.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 5842 Leikanger (©).
Tlf. 57 65 61 00. Fax 57 65 30 20.

Ansvarleg redaktør: Gunnar Urtegaard. gunnaru@sffarkiv.no