Search for '194' returned 0.109 hits
Alle (194 treff) Artikkel
(166 treff)
Møtebok
(28 treff)
Samsøk vil i utgangspunktet søke etter artiklar/datapostar som inneheld alle orda som du skrive inn i søkefeltet. Mellomrom mellom kvart søkeord.

Vil du avgrensa søket til berre ein kommune, inkluderer du kommunenamnet i søkeord.
Døme: Skriv du inn Vik handel vil du søkja etter artiklar/datapostar som omhandlar handel i Vik. For å inkludera handelsmenn, handelshus med meir må du skriva handel%.

Dersom du vil gjera eit meir avansert søk så kan du nytte følgjande operatorar inne i søkestrengen din:

Operator Symbol Skildring Døme
AND & Søk etter datapostar som inneheld minst ein førekomst av kvart ord katt AND hund
katt & hund
OR | Søk etter datapostar som inneheld minst ein førekomst av eitt av orda katt OR hund
katt | hund
NOT ~ Ekskluder alle datapostar som inneheld eit bestemt ord eller uttrykk katt NOT hund
katt ~ hund
ACCUM , Inkluder alle datapostar som inneheld eitt eller fleire av ei liste av ord, men sortert etter datapostar som inneheld flest av orda katt ACCUM hund ACCUM mus
katt, hund, mus
EQUIV = Likestill to ord, slik at artiklar som inneheld det eine eller det andre blir sortert likt katt EQUIV pus
katt = pus
NEAR   Angi avstand som det kan vera mellom to ord i ein datapost NEAR((katt, hund), 6)
angir at det maks kan vera 6 ord mellom katt og hund
  % Angi joker-teikn for å finne ord som startar med eit uttrykk hus%
  * Angi vekting av eit uttrykk når resultatet skal sorterast hund * 10 AND katt
  () Bruk parantesar for å gruppere uttrykk (hund AND katt) NOT mus
  " " Bruk hermeteikn for å handtere eit uttrykk med fleire ord som eitt uttrykk ("katten var her") NOT hund

Ryestøylen

Torgny Ueland, 1999.

Ryestøylen ligg i skoglia aust for tuna i ei høgd på ca. 375 m o.h. Han er støl for Rye, gard nr. 51, i Gloppen. Mot nordaust ligg Føleidsstøylen, med berre eit gjerde mellom stølsvollane. Dei eldre stølshusa ligg samla bortsett frå bruk 2 som har ført opp eit nyare sel på sin eigen skogsteig ca. 100 m frå.

Stølshus på Ryestøylen med sel oppe. Sett frå Føleidsstøylen.
Stølshus på Ryestøylen med sel oppe. Sett frå Føleidsstøylen.

Datering: 1997.
Eigar: Torgny Ueland.
Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I tidlegare tider måtte både folk og fe bruke råsa til stølen. Men hest og slede vart bruka til tyngre ting, m.a. til å køyre heim gjødsla frå fjøsane. No går det lett med ein km skogsbilveg og 1,5 km skogstraktorveg.

Bruk av stølen

Gjennom lange tider hadde brukarane samarbeidd nært i stølsdrifta. Såleis held dei alle til i selet som var oppført på fjøset til bruk nr. 1. Dette var ei gammal stove som vart flytta kring 1890. Bileta viser at det berre var ei enkel trapp oppetter fjøsmuren. Det var ope utsel. Kring 1940 viser biletet at utselet var innebygt. I 1935 bygde bnr. 2 og 3 sine eigne sel.

Dei flytte til støls rundt jonsok. Driftsopplegget var som vanleg med at budeiene gjekk opp mot kveldstid for å mjølke. Dei overnatta, mjølka tidleg og kom heim om lag til frukost. Der var dei med i gardsarbeidet før det vart å fare oppover på nytt. På denne stølen gjødsla dei ikkje stølsvollen, og dei slo heller ikkje høy, etter det dei kjenner til. Derimot køyrde dei gjødsla heim og bruka den på åkrane. Kring 10. september flytta dei heim. I 1950-åra kan ein seia det var slutt med stølsdrifta.

Klepp kallast ein flat bakke kring 1/2 km opp for stølen ca. 600 m o.h. Eit bilete frå 1925 viser søndagskledde folk med niste og koking av kaffi. Det peikar seg ikkje ut restar etter hus, men ei tydeleg gruve er der. Dei lurer på om dette har vore ein støl eller mjølkeplass frå tidlegare tider. Det kan òg vere at dei mjølka kyrne der og bar mjølka ned til Ryestøylen i staden for å jaga dei ned til fjøsane.

Nokre fakta

Rye, gard nr. 51, Vereide sokn, hadde tre bruk i 1890. Det budde 46 personar på garden i 1865. I 1900 var folketalet 45.
Om sak mellom Føleide og Rye om stølsrettar, sjå artikkelen om Føleidsstøylen.


Artikkelnummer:
SFFkl-102043

Prenta kjelder:
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 212. Sandane 1992.

Litteratur:
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.


Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no
Fjøs. Over er innsel, ope utsel. På biletet ser vi Karolina Lund, Katrina Rye, Berte Sande, Arnfinn Rye og Ingebjørg Rye (gift Langeset).
Fjøs. Over er innsel, ope utsel. På biletet ser vi Karolina Lund, Katrina Rye, Berte Sande, Arnfinn Rye og Ingebjørg Rye (gift Langeset).

Datering: 1932.
Eigar: Nils O. Rye.
Fotograf: Nils N. Rye.

Som biletet ovanfor. No er utselet innebygt. På dette biletet ser vi Marta Rye (gift Tangen), Halvor Rye, Arnfinn Rye, Nils Kristoffer Rye og Karoline Rye (gift Vereide).
Som biletet ovanfor. No er utselet innebygt. På dette biletet ser vi Marta Rye (gift Tangen), Halvor Rye, Arnfinn Rye, Nils Kristoffer Rye og Karoline Rye (gift Vereide).

Datering: 1936.
Eigar: Nils O. Rye.
Fotograf: Ukjend.

Gjestebod på Klepp. Frå venstre ser vi Rasmus Rye, Arnfinn Rye, Ragnhild Rye, ukjend, Hjartrud Rye, Jenny Rye, ukjend, Berte Sande, Borghild Rye, ukjend og ukjend.
Gjestebod på Klepp. Frå venstre ser vi Rasmus Rye, Arnfinn Rye, Ragnhild Rye, ukjend, Hjartrud Rye, Jenny Rye, ukjend, Berte Sande, Borghild Rye, ukjend og ukjend.

Datering: Truleg 1925.
Eigar: Nils O. Rye.
Fotograf: Ukjend.

1: Fjøs/sel over 51-1
2: Fjøsmur
3: Sel: 51-3
4: Fjøs: 51-3
5: Sel: 51-2
1: Fjøs/sel over 51-1
2: Fjøsmur
3: Sel: 51-3
4: Fjøs: 51-3
5: Sel: 51-2