Side
av
8
|
I 1999 var ansvarlege for kyrkja i Høyanger urolege for orgelet. Det kunne bryta saman når som helst. Fire år seinare vart nytt orgel teke i bruk, eit 102 år gamalt "meisterverk av eit instrument" frå Somerton i England. Samla kostnad var rundt rekna 500 000 kroner. Nytt orgel ville ha kosta det ti-doble. "Eit eventyrleg orgel" var overskrifta på avisa Ytre Sogn sin reportasje frå vigslinga i mai 2003.
|
Ortnevik kyrkje stod ferdig i 1925. Ho er spesiell på mange måtar, - ikkje minst når det gjeld orgel. Orglet anno 2006 er bygd opp av to gamle orgel, det eine frå Lærdal, det andre frå Sømna i Nordland. Det første orglet - som er over 100 år gammalt - er framleis bevart!
|
Ortnevik kyrkje har ei hendingsrik orgelhistorie. Sidan kyrkja var ny i 1925, har dei måtta skifta ut det eine instrumentet etter det andre. Det fjerde og siste skil seg frå dei tre føregåande ved at det er eit pipeorgel. Dessutan er det spesielt ved at det er bygd opp av to gamle orgel, frå to kyrkjer på kvar sin kant av landet.
|
Kort versjon av denne artikkelen er publisert i boki "Stemshaug kyrkje 1908 - 2008. 100 år" (Orkanger, 2008).
|
Tida gjeng so utruleg fort, og det er den 27. april d.å. akkurat 30 år sidan det nye mekaniske barokkorgelet vert vigsla i Aurkyrkja! Og det er sikkert veldig monge gode aurgjeldingar i millomgenerasjon som hugsar dette som um det var i går…
|
[Artikkel]:
Nordal kyrkje. Flora. Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2002.
Nordal kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Nordalen sin grunn, langt nordaust i Flora kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 14. september 1898 av prost Andreas D. Jespersen. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. I dag er Nordal kyrkje soknekyrkje for Nordal sokn i Kinn prestegjeld. Nordal vart skilt ut frå Bru sokn 1. januar 1998.
|
|
|
Rentene av legatet etter Ingebrigt Midthun vart bevilga til innkjøp av orgel i Tjugum kyrkje.
|
[Artikkel]:
Norum kyrkje. Sogndal. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2003.
Norum kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Ylmeim sin grunn i Sogndal kommune. Kyrkja, som har 230 sitjeplassar, vart vigsla i 1863. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. I tidlegare tider har kyrkja vore kalla Ylmeim kyrkje, etter garden ho står på. Men frå om lag 1840 har Norum vore namnet på både kyrkja og soknet. Norum sokn høyrer til Sogndal prestegjeld.
|
Soknestyret løyver rentene av Ingebrigt Midthun og hustrus legat til innkjøp av orgel.
|
I 1992 blei Einar Berstad i Kjølsdalen tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv og medalje for lang og tru teneste. I 47 år hadde han reist som emissær for sjømannsmisjonen. Berstad har skildra livet sitt i boka Med koffert og kalosjar som kom ut i 1997. I 1998 skreiv han om bedehuset i Kjølsdalen i Sogeskrift for Eid. Her er stykket attgjeve noko redigert og med mellomtitlar.
|
[Artikkel]:
Ortnevik kyrkje. Høyanger. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2002.
Ortnevik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Ortnevik, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Kyrkja, som har 292 sitjeplassar, vart vigsla i 1925. Arkitekt var Lars Norevik, som budde i bygda. Ortnevik kyrkje hadde status som kapell fram til 1. januar 1997. Då vart kyrkjesokna i Lavik prestegjeld omorganisert, og Bjordal og Ortnevik sokn skipa.
|
Året 1921 er eit merkeår for folket i Framfjorden. Bygda fekk sitt eige bedehus. Det hadde lenge vore eit sakn at dei ikkje hadde hus til møte, gravferder og andre samlingar. Bedehuset har heile tida seinare vore samlingsstad for bygdefolket i mange ulike høve, men dei siste åra har huset vorte mindre og mindre brukt.
|
"Altfor mange bedehus står tomme på Vestlandet." Det var biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæter som sa frå om dette i nyttårsforedraget sitt 2007. Truleg hadde biskopen minkande frammøte i tankane. Dette stykket handlar om eitt av bedehusa i Bjørgvin-biskopen sitt tilsynsområde: Feios bedehus.
|
[Artikkel]:
Eid kyrkje. Eid. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2002.
Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i enden av Eidsgata på Nordfjordeid. Kyrkja, som har 750 sitjeplassar, vart vigsla 29. oktober 1849 av biskop Peder C. H. Kjerschow. Arkitekten var handelsmann Claus Wiese frå Eid. Kyrkja erstatta ei korskyrkje i tre som vart riven i 1849, og er den femte kyrkja på staden. Eid kyrkje er soknekyrkje for Eid sokn og hovudkyrkje i Eid prestegjeld.
|
I år etter Kristi fødsel 2007 var det faktisk 100 år sidan den gamle Aurkjerkåinn hev fått seg piporgel for allerfyrste gong. Orgelet var levert i 1907 av firmaet Brødrene Torkildsen frå Åsen i Nord-Trøndelag. Det var pneumatisk, ikkje so stort, hadde tolv stemmer, pedalkoppel til manual II og kjeglelader. Denne opplysinga fekk eg ifrå den kjente orgelbyggjaren Theodor Zuber frå Blindheim på Vigra då han vitja Aure i februar 2007 for å observera, reparera og stemma orgela både i Aure og Stemshaug kyrkjer. Han Zuber meinar at det er heilt rett, stemmer m.m. frå Stein Johannes Kolnes si bok "Norsk Orgelregister 1328 - 1992" frå 1993.
|
Vedtak: Summen vert løyvd av Tjugums kyrkjekasse og i tillegg inntil kr. 50 av same kassa.
|
Kristian Lien (1907-1977) spelar orgel heime i stova i Ytre Fuglvågen. Han vaks opp på dette bruket som han seinare tok over etter faren. I Fuglvågen var det ei tid ein lærar som heitte Soleim, og av han lærte Kristian seg notar og byrja såleis å spela. Av faren fekk han i 1920-åra eit orgel, som står på garden også i dag. mellom anna spela Kristian mange gongar ved juletrefestar på Nordheim, og han spela også på kyrkjeorgelet i Gullstein kyrkje ved spesielle anledningar. Kristian vart gift med Solveig Aukan (f.1913), og fekk tre born. (Lokal registrering: Karin Langholm, 26.02.2001.)
|
[Artikkel]:
Florø kyrkje. Flora. Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2003.
Florø kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i sentrum i Flora bykommune. Kyrkja, som har 650 sitjeplassar, vart vigsla 8. november 1882 av biskop Fredrik W. Hvoslef. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Florø kyrkje vart bygt 22 år etter at Florø vart ladestad. Ho overtok som soknekyrkje i Kinn sokn og er no hovudkyrkje i Kinn prestegjeld.
|
[Artikkel]:
Vik kyrkjeVik. Margrethe Henden Aaraas, og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2003.
Vik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Flatbygdi i Vik kommune. Kyrkja, som har 450 sitjeplasar, vart vigsla 23. august 1877 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Haakon Thorsen laga teikningane. Vik kyrkje er soknekyrkje for Vik sokn og hovudkyrkje i Vik prestegjeld.
|
Side
av
8
|