Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 5
Musikkdatabasen

Bakgrunn
Musikkarkivet vart oppretta i 1983, under namnet Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane, og skipa av Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Frå 1986 har dette arkivet vore ein del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Arkivet har vore plassert ved Sunnfjord Museum i Førde frå starten av. I 1997 vart arkivet flytta til Hermansverk.

Musikkavdelinga har samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag og dei lokale spelemannslaga om innsamling av folkemusikk, song og dans, og opplysningar om tradisjonane i fylket.

Kva finst ved musikkarkivet
Folkemusikkarkivet har opptak frå alle kommunane i fylket, men materialet er ulikt fordelt mellom kommunane. Til saman finst det opptak av kring 1000 personar frå Sogn og Fjordane, eller med tilknyting til fylket, og kring 12 000 opptak er registrert i musikkdatabasen.

Ein del av samlingene er kopiar frå andre samlingar. Døme på dette ved musikkarkivet er kopiar frå Arne Bjørndals Samling i Bergen, med opptak frå 1950- og 1960-talet.

Samlingane inneheld opptak på ulike folkemusikkinstrument, og med hovudvekt på vokalstoff, vanleg fele og hardingfele.

I tillegg til opptak på lydband og på video-opptak, har musikkarkivet og ei stor samling notar og faglitteratur om folkemusikk spesielt og om musikk generelt.

Korleis søkje i musikkdatabasen
Ein kan søkje etter materiale frå ein bestemt kommune ved å velgje kommunenamn frå lista i søkjeskjemaet. Kommunen viser til heimstadkommunen til utøvaren/ gruppa som det finst opptak av.

Ein kan også søkje direkte etter namnet på ein utøvar/ gruppe. Andre felt å søkje i er meloditittel, meloditype, og tid/ stad for opptak.

Tilgang til materialet
Ved å oppsøkje folkemusikkarkivet kan ein få lytte til det innsamla materialet. Ein finn også korte smakebitar på Internett, desse opptaka er tilknytta musikkdatabasen. Ein kan tinge kopiar av opptaka etter nærare avtale. Opptaka kan ikkje offentleg-gjerast, men brukast i opplæring- og opplysningsarbeid.

Innsamling og registreringsarbeid
Innsamlingsarbeidet vert gjort i samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag og dei lokale spelemannslaga. Arkivet gjer opptak av utøvarar i dag, og leitar fram eldre opptak og notesamlingar frå private samlarar i fylket for kopiering til samlingene. Samlingane omfattar innsamling av folkemusikk, song og dans, og andre opplysningar om desse tradisjonane i fylket.