Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Fylkesarkivet sin fotodatabaseBakgrunnenKva finst i fotodatabasenKorleis søke ibasenTilgang til fotomaterialetTinging a
Stadnamnmaterialet på Fylkesarkivet

1) Materiale innsamla under Stadnamnaksjonen 1985/86
2) Skuleborninnsamlinga frå 1930-åra
3) Mindre innsamlingar
4) Hovudoppgåver
5) Handbøker, katalogar og boksamling

På internett har du tilgang til materialet frå Stadnamnaksjonen 1985/86
Fylkesarkivet organiserte i 1985/86 ein aksjon for å skriva ned stadnamn i fylket. Alle kommunane tok del. Materialet inneheld no mellom 240 og 250 000 namn. Enno vert det gjordt ein del ‘etterrakst’ i kommunane.

Innsamlinga byggjer på økonomisk kartverk for låglandet og M711-serien for fjellområda. For økonomisk kartverk var innsamlinga og ein revisjon av dei namna som var sett på karta tidlegare.

Materialet inneheld:
Lister med namn og opplysningar til namna (natur- og kultur-tilhøve), gards- og bruksnummer og karttilvising.

Kart med nummer for kvart namn. Økonomisk kartverk i målestokk 1: 5000, M711-serien i målestokk 1: 50 000. Etterkvart som digitaliseringa vert ferdig på Statens Kartverk Sogn og Fjordane inneheld materialet og kart med utskrivne namn.

Kassettopptak med den lokale uttalen av namna.

Lister med opplysningar om informanten sin bakgrunn og opphav, og lister knytta til innlevering av materialet.

Innsamlingsmetode og handsaming av materialet
Kvar kommune tilsette ein innsamlingsleiar som samla stadnamn sjølv, eller samarbeidde med lag og organisasjonar. Fylkesarkivet si prosjektleiing og Universitetet i Bargen stod for fagleg rettleiing av innsamlarane. Den lokale uttalen oppteken på kassettband er grunnlaget for normalisering av namna. Lydskrift og opplysningar til kvart namn vert dataregistrert på Fylkesarkivet. Karta vert digitaliserte på Statens Kartverk Sogn og Fjordane.

Stadnamndatabasen på Internett
I databasen på Internett kan du finna stadnamn førebels frå 8 kommunar. Desse kommunane er Bremanger, Naustdal, Fjaler, Høyanger, Balestrand, Sogndal, Lærdal og Årdal. Til saman er dette omlag 83 000 stadnamn. Er du interessert i materiale frå dei andre 18 kommunane kan du tinge kopiar av delar av materialet, eller sjå på stadnamnmaterialet på lesesalen vår.

Søketips for stadnamnbasen
Du kan søke på:

  • Kommunenamn: velje frå rullegardin
  • Gardsnummer: frå-til
  • Kartblad i økonomisk kartverk: t.d. AU07252
  • Stadnamnet du er interessert i: Det kan vere vanskeleg å vite eksakt normalisert form, betre å bruke anna søking.
  • Naturkategori: velje frå rullegardin
  • Kulturkategori: velje frå rullegardin

-Du kan søkje på alle dei 8 kommunane samla, t.d. alle fiskehølar el. alle stup i dei 8 kommunane.

-Når du søkjer får du først opp ei liste. Du må bla deg frå side til side til du finn dei aktuelle namna. Du kan så klikke på dei mest interessante namna og få opp fleire opplysningar enn det som står i lista.