Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Fødde
Fødde

Før 1812 var det ikkje noko fast system for føring av fødde, prestane laga sine eigne opplegg.

Frå 1812 skulle fødselsregisteret ha desse felta: fødselsdato, namn, dåpsdato, foreldra (namn, stand, yrke og bustad), fadrar (namn, stand og bustad), merknader.

I 1820 desse felta: fødselsdato, dåpsdato, namn, ekte eller uekte fødd, foreldra (namn, borgarleg stilling og opphaldsstad), fadrane, eventuell heimedåp.

I 1877 ser fødselsregisteret slik ut: fødselsdato, dåpsdato, stadfesting av eventuell heimedåp, namn, foreldra (namn og borgarleg stilling/næringsveg), bustad, foreldra (fødselsår), fadrane (namn og borgarleg stilling), ekte eller uekte fødd, merknader.

Databasen til Fylkesarkivet har med desse felta: fødselsår, kyrkje (sokn), fødselsdato, dåpsdato, førenamn, etternamn (farsnamn), ekte/uekte fødd, far, bustad/far, yrke/far, mor, bustad/mor, yrke/mor. Mange av felta vil vera tomme, då data manglar i kjeldene.

(Opplysningane om endringar i fødselsregisteret frå Ståle Dyrvik, Historisk demografi, Universitetsforlaget, 1983, s. 39).