Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Innflytte
Innflytte/Utflytte

Vi finn desse felta i innflytteregisteret i 1812: namn, alder, yrke, tidlegare opphaldsstad, merknader.

Utflytteregisteret har desse felta: namn, alder, yrke, ny opphaldsstad, merknader.

Inflytteregisteret i 1820: dato, namn, alder, føremålet med flyttinga, tidlegare opphaldsstad, fødestad, ny opphaldsstad, framviste attestar.

Utflytteregisteret same året: dato, namn, alder, ny opphaldsstad.

I 1877 ser innflytteregisteret slik ut: tidspunkt, tidlegare opphaldsstad, namn og borgarleg stilling, ny opphaldsstad, fødselsår, framviste attestar.

Utflytteregisteret same året: tidspunkt, ny opphaldsstad, namn og borgarleg stilling, fødselsår, framviste attestar.

Databasen til Fylkesarkivet har desse felta: inn- eller utflytting, flytteår, kyrkje (sokn), flyttedato, førenamn, etternamn (farsnamn), bustad, yrke, gift/ugift, fødestad, flytt frå, flytt til, merknader. Mange av felta vil vera tomme, då data manglar i kjeldene.

(Opplysningane om endringar i flytteregistra frå Ståle Dyrvik, Historisk demografi, Universitetsforlaget, 1983, s. 41).