Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 1
Døde

Dødsregisteret har desse felta i 1812: dødsdato, gravleggingsdato, namn, stand (yrke og opphaldsstad), alder, merknader.

I 1820 finn vi desse felta: dødsdato, gravleggingsdato, namn, stand, alder, opphaldsstad, eventuelt dødsfall av smittsam sjukdom eller ulukke.

I 1877 desse felta: dødsdato, gravleggingsdato, jordfestingsdato, namn, borgarleg stilling (næringsveg) og ekteskapeleg status, ektemannens namn og stilling (gifte koner), fars namn og stilling (born), fødselsdato, fødestad, bustad, dødsårsak, lækjarbesøk på sjukelega.

Databasen til Fylkesarkivet har med desse felta: dødsår, kyrkje (sokn), dødsdato, førenamn, etternamn (farsnamn), bustad, yrke, gift/ugift, fødselsdato, fødestad. Mange av felta vil vera tomme, då data manglar i kjeldene.

(Opplysningane om endringar i dødsregisteret frå Ståle Dyrvik, Historisk demografi, Universitetsforlaget, 1983, s. 41).