Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Giftarmål
Giftarmål

Felta i vigselsregisteret 1812: brudgommen (namn, alder, yrke og opphaldsstad), brura (namn, alder, yrke), forlovarane, vigselsdato, kyrkje (eventuell heimevigsel), merknader.

I 1820: vigselsdato, brudgommens namn og stand, brura sitt namn, brudgommens føde- og opphaldsstad, brura sin fødestad, alderen åt dei vigde, far åt brudgommen, far åt brura, forlovarane (namn og opphaldsstad), lysingsdagane, vaksinasjonsattest eller naturlege koppar, opplysningar om avslutninga på eventuelt tidlegare ekteskap og skifte.

I 1877: vigselsdato, ekteskapets nummer for brudgom og brur, namn på brudgom og brur, brudgommens borgarlege stilling (næringsveg) og bustad, fødestad og fødselsår for brudgom og brur, fedrane til brudgom og brur (namn og borgarleg stilling/næringsveg), forlovarane (namn og bustad), lysingsdagane, opplysningar om avslutninga på eit eventuelt tidlegare ekteskap, merknader.

Databasen til Fylkesarkivet har desse felta: vigselsår, kyrkje (sokn), vigselsdato, namn på brudgom og brur, bustad for brudgom og brur, bustad i prestegjeld, yrke for brudgom og brur, fødselsår for begge, alder for begge, prestegjeld brudgom og brur var fødde, stad (gard) dei var fødde, nummer på ekteskapet for begge, merknader. Mange av felta vil vera tomme, då data manglar i kjeldene.

(Opplysningane om endringar i vigselsregisteret frå Ståle Dyrvik, Historisk demografi, Universitetsforlaget, 1983, s. 40).