Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Gardsmatrikkelen 1890
Gardsmatrikkelen 1890

Databasen er oppretta og registert av Fylkesarkivet i perioden 1993 – 1994. Den baserer seg på data henta frå dei prenta matriklane frå Sogn og Fjordane frå 1890. Dataene er ikkje korrekturlesne.

Kva er ein gardsmatrikkel?
Ordet matrikkel kjem av det latinske ordet matriculum og betyr liste, rulle. Kort fortalt er det ein liste over grunneigedomar med opplysningar om namn på gardar/bruk, eigarar/brukarar og skatteskyld, såkalla matrikkelskyld.

Innhald
Det var sterk misnøye med matrikkelen av 1838. Det vart difor sett i gang eit omfattande arbeid med tanke på ein ny matrikkel. Dette vart heimla i lov av 06.06.1863. Det er fleire nye element i 1886-matrikkelen. No er det herredet som er hovudeininga administrativt. Det vert innførd ny eining for skyldsetting, skyldmark som tilsvarar 100 øre.

Gardsnummer
I 1886-matrikkelen fekk vi gardsnummer i staden for matrikkelnummer. Første gard i kvart herred fekk gardsnummer 1.

Bruksnummer
Nytt er og at løpenummer vert erstatta av bruksnummer. Bakgrunnen var at omfattande bruksdeling gjorde det tidlegare system med løpenummer innanfor eit tinglag vanskeleg å handtera.

I 1886-matrikkelen er det slik at innanfor kvart gardsnummer startar bruksnummera på 1. Garden er altså eininga, og ikkje tinglaget som tidlegare.

Det er viktig å merke seg at dei matrikkel- og løpenumra frå matrikkelen av 1838 og er med som referanse.

Søketips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte. I matriklane har ein nytta dei namneformene som finst i matriklane frå dei respektive år

- Viss du er usikker, ta kontakt med Fylkesarkivet.

Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i felta "Namnegard", "Oppsitjar"