Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 3
Emigrantar til Amerika og Kanada

Kjelder
Informasjon om emigrantane

Søkje etter emigrantar
Registrera informasjon om emigrantar

Kjelder
Denne databasen med emigrantar frå Sogn og Fjordane til Amerika og Kanada har to hovudkjelder: 
  1. Passasjerlistene frå Bergen hamn, for åra 1874 - 1924. Desse listene vart sett opp av politimeisteren i Bergen. Listene er rekna som ei god kjelde over emigrantar. Ikkje alle opplysningane i originalkjelda er med i emigrantdatabasen på Internett.
  2. Utflyttelistene i kyrkjebøkene, frå åra 1839 - 1873. Utflyttelistene etter 1873 har og med emigrantar til Amerika. Dei fleste av desse blir fanga opp av passasjerlistene i Bergen. Men det kan finnast personar som utvandra som ikkje er med i Bergenslistene. Sjekk i så fall databasen utflytte, kyrkjebøkene. Her er all flytting frå pestegjeldet med, både dei som drog til Amerika og dei som flytte innanlands. Ver merksam på at mange drog til Amerika utan å koma med korkje i utflyttelistene eller i passasjerlistene frå Bergen.

Andre kjelder kan bli nytta for å identifisera emigrantar: ymse passasjerlister (Quebec, New York og andre), slektsbøker, bygdebøker, gravplass avskrifter, personleg informasjon, osb. Det vil alltid vera referanse til den kjelda som er nytta.

Informasjon om emigrantane
Database inneheld denne informasjonen om kvar emigrant:

  • Emigrantnummer
  • Familie/gardsnamn
  • Kjønn (M=mann, F=kvinne)
  • Fødd (år og/eller dato). Sjekk fødselsregisteret for rett fødselsdato!
  • Stadfesta fødselsdato (ikkje gjort)
  • Land, fylke
  • Prestegjeld
  • Kjelde til fødselsdato
  • Emigrasjonsdato (dag, månad, år).
  • Alder
  • Gift (g=gift, u=ugift, e=enke/enkjemann)
  • Yrke
  • Utvandra frå prestegjeld
  • Frå gard
  • Flytte til
  • Kjelde (sjå ovanfor). Kyrkjebøker er referert til ved mikrofilmnummer. Til dømes: HF 974.243, betyr mikrofilm HF 974, side 243.
  • Merknader
  • US Collection (referanse til US samlingar, ikkje lagt inn)
  • Arkiv nummer (ikkje lagt inn)

Søkje etter emigrantar
Når du kjem inn i emigrantbasen, får du fyrst eit oversyn over dei som har lagt inn tilleggsinformasjon i basen. Alle blir oppmoda om å leggja inn slik informasjon. Frå toppen av dette oversynet går ein så til søkeskjemaet. Her kan ein søkja på følgjande felt:

  • Førenamn
  • Farsnamn
  • Etternamn/gardsnamn
  • Frå prestegjeld
  • Fødselsår (kan søkjast på interval)
  • Flytteår (kan søkjast på interval) 

Ikkje fyll ut alle søkjefelta! Fyll ut så lite som mogleg i fyrste omgang. Søkjer du etter Haldfrid Anthoniusdotter Natvik, set berre inn 'Ha' på førenamn og 'An' på farsnman. Ved dette søket får du opp ei liste over alle som har førenamn som byrjar på 'Ha' og farsnamn som byrjar med 'An'. Lista er sortert etter utflytteår. Klikk deg fram til rett person. Er du sikker på prestegjeldet kan du setja inn eit par bokstavar der og, for å avgrensa søket. 'År' gjev Årdal prestegjeld. Du vil då få ei langt kortare liste å sjå gjennom.

Når du har funne fram til rett person, trykkjer du på linken. Du får då fram detaljinformasjon om emigranten.

Registrera informasjon om emigrantar
Nederst i vindauga med detaljinformasjon er det ein tekstboks der du kan fylla ut tilleggsinformasjon om emigranten. Ver konkret. Ta med namn på ektefeller, barn. Oppgje datoar for giftemål, flytting, død, osb., og elles annan relevant informasjon. Om du kan, gje oss namnet på kyrkjegarden der emigranten er gravlagd. Om råd er, oppgje kjelde(r) for den informasjonen du legg inn. Du kan lesa det du har lagt inn når du kjem inn i emigrantbasen.