Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Gardsmatrikkelen 1838
Gardsmatrikkelen 1838

Databasen er oppretta og registert av Fylkesarkivet i perioden 1993 – 1994. Den baserer seg på data henta frå dei prenta matriklane frå Sogn og Fjordane frå 1838. Dataene er ikkje korrekturlesne.

Kva er ein matrikkel?
Ordet matrikkel kjem av det latinske ordet matriculum og betyr liste, rulle. Kort fortalt er det ein liste over grunneigedomar med opplysningar om namn på gardar/bruk, eigarar/brukarar og skatteskyld, såkalla matrikkelskyld.

Innhald
Grunnlaget for matrikkelen av 1838, var ein lov frå 17/8-1818. Til forskjell frå tidlegare matriklar vart skyldsetjinga i 1838-matrikkelen oppgjeve i myntrekning. I 1838-matrikkelen er eininga skylddalar, som tilsvarar 5 ort eller 120 skilling. Matrikkelrekkja vert avgrensa til tinglaget.

Matrikkelnummer
Matrikkelen organisert med nummerrekkjer innanfor kvart tinglag. Første matrikkelgard i kvart tinglag har fekk nummer 1.

Løpenummer
For kvart bruk som låg under matrikkelgarden vart det registert eit løpenummer, som starta på 1 i under matrikkelnummer 1 og rekka av løpenummer femner om heile tinglaget

Søkjetips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte. I matriklane har ein nytta dei namneformene som finst i matriklane frå dei respektive år

- Viss du er usikker, ta kontakt med Fylkesarkivet.

Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i felta "Gard", "Oppsitjar"