Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 7

Setrar i Sogn og Fjordane
(This document will soon be translated into English)

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ynskjer å byggja opp ein database med opplysningar om setrar i Sogn og Fjordane. Første steget er å leggja inn opplysningar frå det materialet som vart samla inn i 1930-åra.

I 1930-åra stod Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforsking bak ei landsomfattande innsamling av opplysningar om setrar. Ein del av innsamlinga var å laga lister over setrar i kvar kommune . Dette materialet vart overført til Riksarkivet i 1978. Fylkesarkivet har kopiar.

I desse listene skulle ein gje fylgjande opplysningar:

Kommune, namn på oppskrivar, yrke, adresse og dato/år. Om kvar seter skulle ein freista å svara på fylgjande:

Gardsnummer, namn på garden, bruksnummer, namn på bruket, nummer på setra (løpenummer i kommunen), namn på setra, om setra var kartfesta, kvar setra låg, høgd over havet, kva slags seter, om setra var i bruk eller nedlagd, ymse merknader.

Seinare vil me leggja til anna informasjon, knyta det opp mot foto, kart med meir. Dette er likevel eit stykke fram i tid. Folk som har opplysningar om setrar kan ta kontakt med Fylkesarkivet.