Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Manntalet av 1701
Manntalet av 1701

Edb-versjonen av manntalet av 1701 er dataregistert av Statsarkivet i Bergen, og ein finn berre personpostar, menn. Databasen er overdørt og konvertert til Fylkesarkivet frå Digitalarkivet. Databasen omfattar berre Sogn og Fjordane Fylke.

Bakgrunn/innhald
Manntalet av 1701 var teke opp etter ei kongeleg resolusjon av 26. juli same år. Manntalet hadde truleg eit militært føremål , og omfatta alle av mannkjønn over 1 år. Teljinga gjekk føre seg dels i september 1701 og dels i april 1702. Vi finn namn og alder på personane, om dei var søner av "Opsiddere eller Leilændinge" og kva for "Stand og Vilkaar" dei hadde. Det er og opplysningar om kor dei. evt. hadde teneste. Det vart og spurt om opphaldsstad.

NB! Manntalsopptaket vart ikkje landsdekkjande. Her i fylket manglar vil manntalslister for Jostedal Prestegjeld.

Søkjetips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte.

- Viss du er usikker, ta kontakt med Fylkesarkivet.

Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i felta "Gard", "Førenamn" og "Etternamn"

Forkortingar i feltet "Yrke":
o = oppsitter
os = oppsitters sønn
h = husmann
hs = husmanns sønn
t = tenar
ts = tenars son
s = son

Postar merkt med * (stjerne) er konstruerte postar, dvs. at Statsarkivet som registrator har konstruert posten slik at den skal vere meiningsgjevande for brukaren i søkjesamanheng. Har i det heile liten praktisk betydning.

Kontaktperson: Oddvar Natvik