Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 1
Folketeljinga 1801

Folketeljinga av 1801 er edb-registert av Historisk Institutt, Universitetet i Bergen, i perioden 1968 – 1972. Databasen er overførd og konvertert til Fylkesarkivet via Digitalarkivet. Databasen inneheld berre data knytt til Sogn og Fjordane fylke.

Innhald/Bakgrunn
I eit reskript av 28. november 1800 vart det gjeve påbod om at det skulle holdast teljing søndag den 1. februar 1801. Teljinga omfatta heile den heimehøyrande folkemengda i landet, også dei militære.

1801-teljinga var nominativ, dvs at kvar einskild person sitt namn vart førd opp på listene.

Listene inneheld elles opplysningar om tal på familiar, og kvar person sin stilling i familien, alder ekteskapeleg stilling og leveveg. For vigde og før-vigde skulle det opplysast om kor ofte dei hadde vore i ekte- eller enkestand.

Arbeidet med folketeljinga vart leiia av sokneprestane med hjelp av kyrkjesongaren i soknet og skulelæraren. Før listene vart sendt til Rentekammeret i København, skulle dei gjennomgåast og evt. rettast av prost, amtmann, stiftamtmann og biskop.

Søkjetips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte. I edb-versjonen har ein nytta dei namneformene som finst i folketeljinga.

- Viss du er usikker, ta kontakt med Fylkesarkivet.

Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i kombinasjon med feltet "Prestegjeld".

I edb-versjonen av 1801-teljinga vert det ikkje skilja mellom husstandane med ei blank line i trefflista, slik som i teljingane i 1865 0g 1900. Det kan difor i einskilde tilfelle vere vanskeleg å skilje ulike husstandar frå kvarandre.