Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 7

Folketeljinga 31. desember 1865
(This document will soon be translated into English)

Innhald/bakgrunn
Søkjetips
Forklaringar/merknader
Oversikt over forkortingar

Folketeljinga i 1865 for Sogn og Fjordane Fylke er edb-registrert av Statsarkivet i Bergen, og overførd til Fylkesarkivet via Digitalarkivet. Folketeljinga har skjema med faste felt. Desse felta tilsvarar på det næraste rubrikkane i kjelda. Desse skjemaa er kalte Teljingskrets-, Busted-, Jordbruk, Person- og Informasjonsskjema.

Innhald/bakgrunn
Kgl. res. 11. oktober 1865 gav påbod om at det natta mellom 31. desember 1865 og 1. januar 1866 skulle haldast ”almindelig Folketælling” i Noreg. Personar som på teljingstidspunktet var mellombels fråverande (på reise, til sjøs osv.), skulle teljast med på sin heimstad, og personer som ved teljinga var mellombels til stades (på besøk), skulle tilsvarande utelatast. Denne teljinga har dermed ei oversikt over heimehøyrande befolkning. Innsamlinga av data vart gjennomførd frå 8. januar 1866. På landet var det lens--mennene som stod ansvarlege for teljinga, men det var sokneprestar og kapellaner som kvar for sitt prestegjeld og sokn styrte og førte tilsyn med arbeidet. I den enkelte krets var det skulehaldarane som gjekk frå husholdning til husholdning og førte sjølve teljingslistene (”speciallistene”). Disse listene gir oversikt over befolkningen, husholdning for husholdning, med namn, yrke, stand og stilling, alder, fødestad, trossamfunn, statsborgarskap, etnisk gruppe og språk. Dessutan med opplysningar om husdyrhold og utsæd, for dei som dreiv jord. Desse listene la teljingsstyret til grunn for ei hovudliste for hele prestegjeldet.

Søkjetips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte. I edb-versjonen har ein nytta dei namneformene som finst i folketeljinga. - Viss du er usikker, ta kontakt med Fylkesarkivet. Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i kombinasjon med feltet ”Prestegjeld”. I trefflista som presenterer treffene du fekk etter søk, bør du merke deg at blank line i namnelista betyr at at postane før og etter den blanke lina tilhøyrer ulike husstandar.

Forklaringar/merknader
Merknader/forklaringar I materialet er det sett til nokre teikn som markerer bestemte forhold i originaldokumentet:

  • ?? markerer at skriften i kjelda er utydeleg eller uleseleg
  • !! markerer at det er ein opplagt feil i originalkjelda, eller at opplysningen manglar heilt
  • % markerer overstryking i originaldokumentet. Er eit ord eller ein setning overstrøket i kjelda, er dette markert med % framføre og bak overstrykninga.
  • @ er brukt som skiljeteikn mellom to alternative opplysningar, når det ikkje er råd å avgjere kven som er den rette
  • * etter ein opplysning, for eksempel eit etternamn, markerer at opplysninga ikkje er oppgjeven i kjelda for denne personen (for eksempel et barn), når den er ført til av registrator på grunnlag av opplysningane i kjelda om personane i hushaldet (foreldre eller søsken).
  • E er merknader sett til av registrator, for å skilje denne frå originalkjelda sine eigne merknader.

Forkortingar i dei originale folketeljingslistene 1865

Kjønn
m = mann
k = kvinne

Bustatus
b = busett på staden
mt = mellombels tilstades
f = fråverande

Ekteskapleg stilling
g = gift
ug = ugift
e = enkje/enkjemann
s = separert
f = fråskild

Stilling i familien
hf = husfader
hm = husmoder
hp = (sjølv) hovudperson
hu = hustru
s = son
d = dotter
tj = tenestetyende
el = einsleg losjerande
b = besøkande
fl = losjerande, høyrande til familien

Nasjonalitet
n = norsk
l = lappisk
lf = lappisk, fastbuande
ln = lappisk, nomadiserande
k = kvensk (finsk)
b = blanda

Språk
n = norsk
l = lappisk
f = finsk (kvensk)

 

Kreaturhald
he = hest
fø = føll
0-1he = hest under 1 år
1-3he = hest 1 til 3 år
3-5he = hest 3 til 5 år
5-16he = hest 5 til 16 år
16-he = hest over 16 år
hi = hingst
va = vallak
ho = hoppe
ox = okse
ty = tyr
ku = ku
ka = kalv, ungnaut
0-1st = storfe under 1 år
1-2st = storfe 1 til 2 år
2-st = storfe over 2 år
få = får, lam
0-1få = får under 1 år
1-få = får over 1 år
gj = geit, kje
0-1gj = geit under 1 år
1-gj = geit over 1 år
sv = svin, gris

Utsæd
hv = kveite
ru = rug
by = bygg
bl = blandkorn
ha = havre
er = erter
vi = vikker
gr = grøntfor (havre e.a.)
po = poteter
ro = rotfrukter
gu = gulrøter
tu = turnips
ka = kålrabi
fr = grasfrø

Kjøretøy og maskiner
1arbv = arbeidsvogner (4-hjulede og 1-spendte)
2arbv = arbeidsvogner (4-hjulede og 2-spendte)
arbv = arbeidsvogner (4-hjulede)
arbk = arbeidskjerrer (2-hjulede)
sm = slå- og meiemaskinar Bebuelses- og næringslokalitetar
le = leilegheit
le3 = leilegheit med 3 rom (som eksempel)
le = leilegheit med uspesifisert tal på rom
bu = butikklokale
ko = kontorlokale
ve = verkstadlokale
fa = fabrikklokale
an = andre (nærings-) lokaler