Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Fylkesarkivet sin fotodatabaseBakgrunnenKva finst i fotodatabasenKorleis søke ibasenTilgang til fotomaterialetTinging a
Fylkesarkivet sin fotodatabase
(This document will soon be translated into English)

Bakgrunnen
Kva finst i fotodatabasen
Korleis søke i basen
Tilgang til fotomaterialet
Tinging av bilete
Rutinar for innsamling og registrering
Rutinar for det vidare verne- og formidlingsarbeidet

Bakgrunnen
Sidan 1986 har Fylkesarkivet arbeidd med vern av historiske fotografi frå Sogn og Fjordane.
I samarbeid med musea, kommunar, lag og organisasjonar, og privatpersonar har bilete vorte samla inn, registrerte og avfotograferte. Mykje er amatørfotografi frå private samlingar, men arkivet inneheld og originalmateriale etter profesjonelle fotografar. Etterkvart som det fotografiske materialet vert digitalisert og ferdigbehandla, er det tilgjengeleg i fotodatabasen.

Kva finst i fotodatabasen
Fotoarkivet har materiale frå alle kommunane i fylket, men med ulikt omfang. Bileta strekkjer seg i tid hovudsakleg frå kring 1870 og fram til 1970. Her finnst bilete med motiv frå bl.a. arbeidsliv og samfunnsliv, folkeliv, fritid, helg og høgtid.

Korleis søke i basen

Ved søk etter bilete:
Ein kan spesifisere søket til ein kommune, ved å velje kommunenamn frå rullegardinmenyen. Under Samling, oppgje biletnummeret (SFFf-nr.). Andre søkemulegheiter er staden og gardsnummeret der biletet er teke/har tilknytning til, biletdatering og motiv. Ved søk etter motiv, søker ein på stikkord for biletmotivet. Registreringa er ikkje standardisert, det vil difor variere kva stikkord som er nytta for å skildre motivet. Dette set krav til brukarane om å prøve ulike stikkordsalternativ.

Ved søk etter personar:
Ein kan søke etter etternamn og etter førenamn. I tillegg kan ein og søke etter båtnamn.
Nytt då feltet for førenamn.

Tilgang til fotomaterialet
Alt digitalisert og ferdigregistrert materiale er søkbart i fotodatabasen, gjennom Internett. I tillegg vil der finnast fotokatalogar på biblioteket i den einskilde kommunen. Opplysningar om fotomateriale får ein og ved å venda seg til Fylkesarkivet.

Tinging av bilete
Kopiar av bileta kan tingast. Fylkesarkivet produserer kopiar til privat bruk, til trykksaker, utstillingar og anna. Kopiane kan leverast på tradisjonelt fotopapir, datautskrifter, eller som digitale kopiar.

Rutinar for innsamling og registrering
Mesteparten av innsamlings- og registreringsarbeidet skjer der den einskilde biletsamlinga høyrer heime. Dette sikrar biletdokumentasjonen og gjev fotovernarbeidet ein god lokal heilskap. All innsamling og registrering følgjer i hovudsak desse rutinane:

  • kartlegging av, og kontakt med eigarar av verneverdige samlingar
  • gjennomgang av materialet og utval av bilete etter rettleiande vernekriterium
  • innsamling av samlings- og biletdokumentasjon, etter standardskjema
  • registrering av opplysningar i lokal database, tilpassa standardar for fotoregistrering

Rutinar for det vidare verne- og formidlingsarbeidet
Etterkvart som samlingane er ferdigregistrerte lokalt, har Fylkesarkivet ansvaret for det tekniske biletvernet og for den vidare behandlinga av fotodokumentasjonen. Før det einskilde biletet vert tilgjengeleg, vert følgjande arbeid gjort:

  • avfotografering
  • digitalisering til photo-cd
  • produksjon av digitale kopiar
  • kontroll av fotodokumentasjon
  • tilrettelegging av bilete og tekst til Internett
  • produksjon av fotokatalogar