Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
Skifteregister for Sogn og Fjordane
Skifteregister for Sogn og Fjordane

Edb-versjonen av skifteregister for Sogn og Fjordane omfattar omfattar følgjande sorenskriveri: Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Skifteregisteret knytt til Indre Sogn Sorenskriveri er dataregistert av Luster kommune, i samarbeid med Statsarkivet i Bergen og Fylkesarkivet.

Dei resterande er skifteregistera er dataregistrert av Statsarkivet i Bergen. Desse er overførd og konvertert av Fylkesarkivet frå Digitalarkivet.

Skifter i Nordfjord
Skifter i Sunnfjord
Skifter i Ytre Sogn
Skifter i Indre Sogn
Søkjetips


Skifter i Nordfjord
Dette registeret dekkjer skifteprotokollane for Nordfjord 1690-1851, bortsett frå åra 1691-1697, 1700, 1707, 1716-1727 og 1735-1743 då slike protokollar manglar. Skifteregisteret for Nordfjord vart laga av Statsarkivet i Bergen, og skal hjelpe til å avgjere om det har vore halde skifte, og kvar slikt skifte vil vere å finne. I skiftet vil ein kunne vente å finne opplysningar om den det vart halde skifte etter, arvingane, registrering av eignelutar og gjeld, og fordelinga mellom dei som hadde krav og arv til gode i skiftet.

Ved utarbeidinga har ein bygt på originale register i protokollane og på nokre kronologisk ordna register i Statsarkivet. Kvaliteten her har vore skiftande, så det meste av korrekturen er lesen mot originalprotokollane.

Inndelinga i skipreider og seinare tinglag er nokonlunde fast. Ein skal berre nemne følgjande:

- Stad skipreide svarar til det seinare tinglag (Selje og Vågsøy).

- Eid og Hornindal var ei skipreide til 1870, men vi finn ofte nemninga Hornindal skipreide i protokollane og har brukt den i registeret. I tilfelle der vi har same gardsnamn både i Eid og i Hornindal, kan lokaliseringa i registeret somme tider vere usikker.

- Olden skipreide eller tinglag omfatta Olden og Loen sokner til 1842. Frå dette året finn vi Olden, Innvik og Utvik sokner under Olden tinglag.

- Stryn skipreide eller tinglag omfatta Oppstryn, Nedstryn, Innvik og Utvik sokner til 1842, seinare Oppstryn, Nedstryn og Loen sokner. Gardane Nordbrekke og Voldsæter vart i 1848 overførte frå Stryn tinglag til Sunnylven tinglag på Sunnmøre.

Skrivearbeidet er utført av Inger Berit Einarsen for midlar frå Landslaget for lokalhistorie.

Skifter i Sunnfjord 1677-1845
Dette registeret dekkjer skifteprotokollane for Sunnfjord 1677-1845. Skifteregisteret for Sunnfjord vart laga i 1980 ved Statsarkivet i Bergen, og skal hjelpe til å avgjere om det har vore halde skifte, og kvar slikt skifte vil vere å finne. I skiftet vil ein kunne vente å finne opplysningar om den det vart halde skifte etter, arvingane, registrering av eignelutar og gjeld, og fordelinga mellom dei som hadde krav og arv til gode i skiftet.

Originalprotokollane er å finne i Statsarkivet i Bergen, men materialet er filma, og kan skaffast på mikrofilm.

Registeret omfattar 19 protokollar med skifter fra Sunnfjord sorenskriverembete, og har referanse til 12 353 skifter mellom 1677 og 1845.

Skifter i Ytre Sogn
Dette registeret dekkjer skifteprotokollane for Ytre Sogn 1698-1853 med unntak av åra 1733-1738 då skifteprotokollane manglar. Skifteregisteret for Ytre Sogn vart laga av Statsarkivet i Bergen, og skal hjelpe til å avgjere om det har vore halde skifte, og kvar slikt skifte vil vere å finne. I skiftet vil ein kunne vente å finne opplysningar om den det vart halde skifte etter, arvingane, registrering av eignelutar og gjeld, og fordelinga mellom dei som hadde krav og arv til gode i skiftet.

Ved utarbeidinga av registeret har vi bygt på dei originale registra i protokollane og på kronologisk ordna registre i Statsarkivet. Kvaliteten her har vore skiftande, så korrekturen er lesen mot originalprotokollane.

Registeret omfattar meir enn 10 800 namn.

Det har vore nokre jurisdiksjonsendringar i Ytre Sogn i dei åra registeret dekkjer:

- Reskript 23. desember 1773 la Oppheim sokn av Nærøy skipreide til Voss i Hardanger og Voss sorenskrivarembete. Samstundes vart Eividvik sokn av Gulen skipreide overførd frå Nordhordland til Ytre Sogn (og som kompensasjon Vatsvern skipreide frå Hardanger og Voss til Nordhordland).

- Reskript 2. februar 1813 la Aurland og Nærøy skipreide og gardane Frønningen og Lagmannsås i Tjugum skipreide frå Ytre Sogn til Indre Sogn. Men dette vart gjort om ved reskript 30. oktober 1830, slik at desse to skipreidene og dei to gardane i Tjugum frå 1. januar 1831 på ny kom under Ytre Sogn.

- Kongelig resolusjon 19. desember 1837 vart Sjøstrand og Tjuhum skipreider i Leikanger prestegjeld og dei gardane i Kvamsøy skipreide som låg i Leikanger prestegjeld slegne saman til eitt tinglag under namnet Leikanger. Samstundes vart resten av Kvamsøy skipreide slege saman med Vik til eitt tinglag, under namnet Vik.

Skrivearbeidet er utført ved Statsarkivet i Bergen av Inger Berit Einarsen for midlar frå Landslaget for lokalhistorie.

Skifter i Indre Sogn
[Gunnar Urtegaard skriv om denne delen]

Søkjetips
Når du søkjer vil du få opp ei treffliste som samstaver med det du søkte etter. Viss du ikkje får treff, betyr det ikkje at det ikkje finst data om t.d. den garden du søkjer etter. Problemet kan vere endra stavemåte.

NB!! –Det er viktig å merke seg at gardsnamna i denne aktuelle databasen følgjer normalen som vart sett opp i Oluf Rygs Norske Gaardnavne (Kra. 1919).

Er du i tvil bør du konferere med band 12 som inneheld gardsnamna for Sogn og Fjordane. Det kan skaffast ved næraste folkebibliotek. Våren 1999 vil "Norske Gaardnavne" leggjast ut på Internett.

Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvide søkjet. Dette kan gjerast i diverse feltkombinasjonar.

Kontakterson: Oddvar Natvik