Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 7

Flyfoto frå Sogn og Fjordane
(This document will soon be translated into English)

Telemark flyselskap starta i 1952. I 1950-åra fotograferte dei svært mange gardar og tettstader i Sogn og Fjordane som i resten av landet. I dag er det Johan Ottesen’s Fotoarkiv i Ulsteinvik som eig dette materialet.

Fylkesarkivet har inngått avtale med Johan Ottesen om å leggja ut desse bileta på Kulturnett Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet skal i samarbeid med kommunane identifisera bileta. Dette er ikkje gjort. I Ottesen sitt arkiv er finst nummer på bileta som viser til dei ulike flytokta. Bileta er ikkje knytte til gards – og bruksnummer.

Me meiner det er svært viktig å få identifisert desse no for heile fylket. Bileta er viktig kulturhistorisk dokumentasjon. Dei syner gardar og kulturlandskap i 1950-åra. Dette var før bulldosarar og traktorar endra landskapet, og før mange gardstun vart ombygde.

Det vil ta tid før me har fått lagt ut alle, men det vil koma ein ny kommune no og då.

Dei som ynskjer kopi av desse bileta, kan venda seg til Johan Ottesen, 6065, Ulsteinvik. (telefon 70 01 03 13) .