Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
New Page 7

Gjenstandsdatabasen - musea

Musea i Sogn og Fjordane har store samlingar av bygningar, gjenstandar, foto og bøker. Til saman reknar ein med om lag 150 antikvariske bygningar, om lag 65.000 gjenstandar, 35.000 eldre foto og 65.000 bøker.

Det aller meste av dette materialet er registrert i manuelle register, men dei siste tiåra har musea tatt i bruk datateknologi, og har starta arbeidet med å digitalisere alle desse data. Det vil likevel vere langt fram før ein kan få nett-tilgang til heile gjenstandsdatabasane til musea i fylket.

Som ei prøveordning er ein del av databasen til Sunnfjord Museum lagt ut på nett. Førebels er det i underkant av 200 gjenstandar frå kommunane Jølster, Førde, Naustdal, Florø, Gaular og Fjaler som er søkbare. Framover vil vi arbeide med å utvide denne søkbare basen, også med gjenstandar frå dei andre musea i fylket.

Søketips
Dersom ein søkjer i objektfeltet, bør ein søkje så generelt som råd er. Dersom ein t.d. søkjer etter ein bordkniv, tollekniv eller brevkniv, vil dei alle vere registrert med objektnamnet kniv. På same måte vil vekkerklokke vere registrert som klokke, sjømannssekk som sekk og barnehue som hue.