Tilbake til databaselista Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
ASTA
Databasedokumentasjon
Generelt om databasen
Nokre søkjetips for databasen
Ulik detaljrikdom på registreringane
Korleis få tilgang
Kontaktpersonar

Generelt om databasen
Arkivdatabasen inneheld arkivinformasjon knytt til eldre kommunale og private arkiv i Sogn og Fjordane fylke.

Eldre kommunale arkiv:
Arkivregistreringane omfattar kommunale arkiv frå perioden 1837 og fram til 1964. Ein finn ikkje arkivinformasjon knytt til kommunale arkiv utanfor desse ytteråra. Hovudutgangspunktet for søk er kommune og arkivskaparnamn.Når det gjeld nedlagde kommunar er dei registert innunder den kommunen som idag forvaltar kommunearkivet.

Privatarkiv:
Arkivregistreringane omfattar privatarkiv som er innsamla og registert av Fylkesarkivet. Privatarkiv er arkiv etter privatersonar, lag og næringsliv.

Arkivinformasjonen i denne databasen omfattar arkivregistreringar utførd av Fylkesarkivet i perioden 1987 til dags dato. Grunnlaget for dei data som er tilgjengelege på Internett, finn ein i arkivregisterings-programmet ASTA. Det er eit fagsystem for registrering av arkiv, som vert nytta ved dei fleste større profesjonelle arkivinstitusjonar i Noreg.

Ved overføring til Internett-databasen vert eit samandrag av arkivinformasjonen som finst i ASTA-basen ført over til arkiv-databasen på Internett. Når du søkjer og finn arkivinformasjon knytt til ein arkivskapar er det altså eit substrat av dei data som finst i ASTA-basen.

Samandraget av arkivinformasjonen omfattar i hovudsak dette:

  1. Opplysningar om arkivskapar (det er: arkivsignatur, namn, kommune, ytterår for verksemda og historikk for arkivskapar)
  2. Opplysningar om tal arkivseriar i arkivet
  3. Opplysningar om arkivstykke i arkivet (det er: arkivstykke-namn og ytterår for arkivstykke)

Nokre søkjetips for databasen
Velje frå "rullegardinmeny":
Viss du veit kva for samfunnssektor (privat eller kommunal) eller kva for kommune du er ute etter veljer du desse frå rullegardin-menyane.

  1. Søkje på arkivskaparnamn: Du kan og søkje i fritekst-telt på arkivskaparnamn (dvs. på namnet til verksemda arkivet kjem frå) Du kan nytte villkort (wildcard) som er % (prosent-tegn) for å utvida søkjet i arkivskapar-feltet. Døme: søk på %lag% vil gje ein masse treff på arkivskaparar som har namn som inneheld "lag".
  2. Du kan kombinere desse to søkjemåtene.

Ulik detaljrikdom på registreringane
Alle arkiv er ikkje like utførleg registert av Fylkesarkivet. For nokre arkiv sitt vedkommande finn ein mange arkivopplysningar i databasen. For andre arkiv er detaljrikdomen mindre. Finn du ikkje dei arkivopplysningane du er ute etter i databasen, bør du ta direkte kontakt med kommunearkivarane eller privatarkivaren.

Korleis få tilgang
Det er viktig å merkja seg at arkiv-databasen berre inneheld arkivinformasjon om arkiv som Fylkesarkivet forvaltar. Sjølve arkivet, dvs. dei fysiske einingane i eit arkiv, som protokollar, korrespondanse og rekneskapsmateriale, er oppbevart i særskilde arkivrom på Leikanger og andre stader.

For å få tilfang til arkiva som ein finn arkivopplysningar om i databasen, må ein søkje om innsyn. Det er utarbeidd særskilde skjema for det føremålet. Nærare opplysningar om tilgang til arkiva og prosedyrar ikring tilgang, kan ein få ved å kontakte kommunearkivarane eller arkivar – privatarkiv.

Kontaktpersonar
Arnt Ola Fidjestøl (kommunale arkiv)
Gunnar Yttri (kommunale arkiv)
Snorre D. Øverbø (privatarkiv