Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Nokre av salmene til Ingeborg Grytten kom på prent i Kors-Frugt. Boka omfattar 20 salmar med tillegg av "Morgen- og Aften-Psalmer til hver Dag i Ugen, saa og de 7 Kong Davids Poenitentse-Psalmer." Den tunge livslagnaden hennar med å vera spedalsk kjem sterkt fram i dei fleste salmene, til dømes i dette verset

Fortredelig Verden, hvad est du nu tung!
Du har mig tit ængstet og skræmmet,
Din Frugt har jeg prøvet, enddog jeg er ung,
Mig har du ræt spæget og tæmmet.
Ret onde og få mine Dage har vært,
Det bedste mit Levnet var Møye.
Besværlig det faldt mig før jeg ret blev lært
Med Korset at lade mig bøye.
© Holmedal kyrkje, bygd i 1600, riven i 1868.
©
© Presten Anders Johannsson Grytten (f. kring 1620 - d. kring 1685) og kona Maren Ludvigsdotter Munthe (1635-1715)., foreldra til Ingeborg Grytten. Maleria heng i eit smårom i Vevring kyrkje.
© Dorothea Engelbretsdotter Hardenback (1634-1716).
© Utsyn vestover mot Redalen og garden Gryta.

Ingeborg Grytten - salmediktar frå Sunnfjord

Nordlandspresten Petter Dass er den ruvande skikkelsen i norsk salmedikting på 1600-talet. To vestlands-kvinner er mellom dei andre som skreiv salmar på denne tida. Den eine er Dorothea Engelbretsdotter Hardenback i Bergen, den andre Ingeborg Andersdotter Grytten i Sunnfjord. Dei levde på same tida og dei må ha kjent til kvarandre.

Velstand på garden Gryta

Grytten er ein eldre skrivemåte for gardsnamnet Gryta. Gardsnamnet finst fleire stader i landet. Ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal hadde og namnet Grytten. Garden Gryta i Sunnfjord ligg på nordsida av Førdefjorden, mellom Redal og Vevring, om lag 20 km utover frå Naustdal sentrum. Først på 1600-talet budde Johannes Andersson (fødd kring 1590 - død kring 1659) og Kari Olsdotter (d. før 1638) på Ytre Gryta. Dei åtte jord fleire stader og var så velståande at dei kunne kosta presteutdanning på ein av sønene.

Gift med bispedotter - prest i Holmedal

Anders Johannesson Grytten (f. kring 1620 - d. kring 1685) gjekk på latinskule i Bergen og truleg på universitetet i København. Han vart prest i Holmedal prestegjeld i 1655 og styrde embetet til 1685. Han budde på prestegarden i Holmedal, men hadde elles inntekter av mange andre gardar og var ein søkkrik mann. I 1658 vart Anders Grytten gift med Maren Ludvigsdotter Munthe (1635-1715). Ho var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg. Dei hadde dottera Ingeborg og fem andre born.

Merknad: I 1755 vart Holmedal prestegjeld delt i Indre Holmedal og Ytre Holmedal prestegjeld. I 1912 vart namna endra til Gaular og Fjaler. I 1990 vart mesteparten av Holmedal sokn lagt til Askvoll.

Ingeborg

Ingeborg Andersdotter Grytten vart fødd i 1668 og døydde truleg kort tid etter 1705. Ragnvald Fagerheim har ein artikkel om henne i boka Fjaler gjennom 1000 år (1977). Han fortel at Ingeborg vart fødd på prestegarden i Holmedal og budde der heile livet sitt. Ho fekk ein tung livslagnad ved at ho vart spedalsk i ung alder. Det same var tilfelle med ei av søstrene hennar.

Fagerheim skriv: "Ingeborg Grytten tok truleg tidleg til å sysla med litterært arbeid. Presteheimen i Holmedal stod sjølvsagt i samband med den mangmente [store] morsætta hennar. Den bergenskrinsen som mora høyrde til, hadde så vidt ein skjønar interesse for litteratur. Ein kan berre peike på at Ludvig Holberg, gjennom bestemor si, Abel Munthe Lem [søster til Maren Munthe, mor til Ingeborg], høyrde til ættekrinsen. På prestegarden i Holmedal var det mange bøker, noko som skiftet etter Anders Grytten i 1687 syner."

Vidare skriv Fagerheim: "Ingeborg kjende (..) sjølvsagt godt til den salmediktinga som i siste luten av hundreåret [1600-talet] var bore fram. Fyrst og fremst då den gjæve danske diktaren Thomas Kingo. Han var det store førebiletet for dei andre som freista seg i same dikt-slaget. Ingeborg er difor og tydeleg påverka av meisteren. Ein kan merka atterklangen både i form og emne. Dorothea Engelbretsdotter var sjølvsagt og velkjend for henne." (Så langt Fagerheim).

Dorothea Engelbretsdotter

Dorothea Engelbretsdotter Hardenback (1634-1716) budde i Bergen. Ho var gift med Ambrosius Hardenback, prest i Domkyrkja. Dei hadde ni born. Sju døydde før dei vart vaksne, dei to andre i ung alder. Dorothea vart enkje i 1683.

Som enkje budde ho eit par år i Sund, ein veit ikkje nøyaktig når eller kvifor. Prost Salmund Djuvik har skrive ein artikkel (1949) om ein sikker tradisjon i Sund om Dorothea Engelbretsdotter. I følgje tradisjonen hadde ho stor omsut for dei spedalske. Det var eit lite hus for spedalske på prestegarden i Sund, og ho vitja dei spedalske. Ho trøysta dei sjuke med songane sine.

Norsk Litteraturhistorie (1958) har tre tettskrivne sider om Dorothea Engelbretsdotter. Det går fram at ho i samtida stod høgt i omdømme. Ho hadde alt i levande live oppnådd at "nesten alle anselige poeter i Danmark og Norge lovpriste henne i overstrømmende begeistrede vers." I 1684 fekk ho kongeleg diktargasje. Songhefta hennar kom ut i fleire opplag i over 100 år. Salmesamlinga Siælens Sang-Offer (1678) er det beste. Då Petter Dass ikkje fekk fatt i heftet, skreiv han til forfattaren. Ho sende han eit eksemplar med følgjande helsing:

Jeg som een Poete Unge,
Byder frem, hvad jeg formaar,
I een simpel Qvinde Tunge
Ingen høy Discurs bestaar.
Om jeg swischen uns at sige,
Kand lidt meer end Fader Vor,
Maa jeg for de Lærde viige.
Buxefolket gaar dog for.

Om Ingeborg Grytten som salmediktar

Ragnvald Fagerheim nemner fleire kvinner som skreiv salmar på slutten av 1600-talet. Han trur Ingeborg Grytten er den minst kjende. Her tek me med kva salmediknings-historikaren P.E. Rynning skriv om henne i boka Salmediktingi Noreg (1954).

" (..) i sin tunge lagnad trøysta ho seg med songane åt Dorothea Engelbretsdotter og S.O. Bruun. Hennar eigne songar ber merke av det. Dei vart prenta under tittelen I JEsu Nafn. Denne Bog, eller Kors-Fruct, indeholder 20 gudelige Sange, samt Morgen- og Aften-Psalmer til hver Dag i Ugen, saa og de 7 Kong Davids Poenitenze-Psalmer [poenitere], frå latin angre, gjere bot, gjere pønitens) (...) - i alt 45 nr. Trass likskap (..) hev Ingeborg Grytten sin eigen grunntone: Gjennom bøna til trøyst. Ho peikar sjølv på det, når ho seier at songen hennar hev "Barmhiertighedens Fader og al Trøstens Gud, formedelst Sønnens, den kaarsfæstede JEsu Christi Forbøn ved Trøstens Aand (..) udvirket af den Kaarsbyrdede, der hiertelig trøster sig ved JEsu Angest, Død, Grav og ærefulde Opstandelse."

Rynning skriv vidare at det ikkje kan vera tvil om at songane til Ingeborg Grytten verkeleg var til hjelp for folk. Det store opplaget songboka hennar kom i viser dette. Boka kom første gong ut i 1701, siste gongen i Bergen 1846. Dessutan levde songar av Ingeborg Grytten på folkemunne til slutten av av 1800-talet, skriv Rynning, og nemner som døme følgjande to vers:

O Jesu, lad mig Naade faa,
luk Døren Op! jeg banker paa,
jeg leder efter dig
med stadigt Haab
og Hjertens Raab,
Aks kjul dig ei for mig.

Send mig Hjælp, som jeg behøver
Jesu, ræk mig Hjælpehaand!
du ved bedst, hvad mig bedrøver,
og giv mig din Helligaand
som mit sorrigfulde Hjerte
trøste kan i Nød og Smerte.

Til slutt skriv Rynning: "Ingeborg Grytten syng både til kyrkjelege salmetonar og til nyare, upphaveleg verdslege som ho hev frå Dorothea Engelbretsdotter. Ei av hennar tekster hev beinveges vore nytta til ein folketone, nemleg: Min sjæl længes fast til sin Gud."

Ord frå bygdemålet

Fagerheim må ha hatt songboka til Ingeborg Grytten for hand då han skreiv artikkelen sin om "ei diktarkvinna frå Holmedal." Han fortel at "det fell fort i augo at ho nyttar mange ord frå bygdemålet i songane sine.", og nemner som døme: "høy, håle-is, syne i rønne (røyndom) omflot, fauter (feil) rose av leiken, gast."


Artikkelnummer:
SFFkl-108940
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2008
 
Prenta kjelder:
Gruthen, Ingeborg: Denne Bog eller Kors-Frugt (..). Bergen 1846.
Bakke, D.O: Fjaler i gamle dagar. 1948. side 210-211.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok Gards og ættesoge. Band 1, s. 278.
Rynning, P.E.: Salmediktingei i Noreg. Bind 1, 1954.
Bull, Francis, o.fl.: Norsk Litteraturhistorie. Bind II, 1958.
Djuvik, Salmund: Då Dorothea Engelbretsdotter budde i Sund. I Skrifter IV. Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme. 1949.
Fagerheim, Ragnvald: Ingeborg Andersdotter Grytten, I Fjaler gjennom 1000 år. Artikkelsamling, 1977.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Sjå oppslag på garden Gryta i Gardsleksikonet
Sjå kartutsnitt av garden Gryta på www.fylkesatlas.no
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=108940&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no