Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) si rute Bergen - Nordfjord i 1870-åra. Båten la ut frå Bergen måndag morgon klokka 06.00 og var attende torsdag ettermiddag kl 16.00. Som me ser, vart det ei lang reise for dei lite sjøvande bokseljarane Aarrestad og Lende. Dei var ikkje framme på Sæternes (Måløy) før klokka 10.00 dagen etter.
© Torvald Tu (1893-1955). Forfattar og journalist, fødd i Klepp. Debut 1915 med Blomar fraa heid. Skreiv 56 bøker i ulike genrar; dikt noveller, romanar, skodespel, høyrespel, eventyr og stubbar. Antologi: Te jærs - Torvald Tu i utval.
© Annonse i Fjordabladet for Torvald Tu-kveld på Bryggja.
© Torvald Tu var på foredragsferd i Nordfjord hausten 1939. I arkivet til Firda Ungdomslag er det teke vare på tre brev frå Tu til formannen, Anton Skarstein. Han fortel om reisa si. Det hadde vore gildt å møta folk i Nordfjord, men det økonomiske resultatet var heller dårleg. Skarstein fekk ei dedikert bok som takk for tida han var på gjesting.

Tre jærbuar på reise i Sogn og Fjordane

Dette stykket handlar om tre jærbuar på besøk i Sogn og Fjordane. Dei kom hit i bestemte ærend. Dei hadde noko på hjarta og møtte folk fleire stader. I 1873 reiste Sven Aarrestad og Torkel Lende for Vestmannalaget og norsk målreising. Torvald Tu reiste i Firda Ungdomslag hausten 1939 med litterære saker og jærhumor i kufferten.

Sven Aarrestad og Torkel Lende

Læraren, rikspolitikaren, fylkesmannen, folketalaren og fråhaldskjempa Sven Aarrestad (1850-1942) var på reise saman med Torkell Lende (1849-1909). Lende var jamaldring med Arne Garborg og skulekamerat til forfattaren. Seinare i livet gav Garborg den gamle skulekameraten ein framifrå attest: ".. det klokaste hovudet eg nokon gong har møtt."

Til liks med Aarrestad gjekk Torkel Lende på lærarskule, men han ga tidleg opp læraryrket. Han treivst betre som oppfinnar. Lende klekte ut finurlege greier som til dømes resulterte i mange nyvinningar innan hermetikkindustrien. Men det stod skrøpeleg til med forretningssansen hans. Andre stakk av med æra såvel som den økonomiske vinninga, har det vore sagt.

Nynorskpionerar

I januar 1873 reiste Aarrestad og Lende frå Time til Stavanger der dei løyste billett med dampskip til Bergen. Derifrå reiste dei vidare med Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) sin båt på ruta Bergen - Nordfjord. Moldøen/Sæternes/Skramsbygda (Måløy) var reisemålet, midt i travlaste vårsildfisket. Dei skulle selja bøker på landsmålet og driva opplysningsverksemd. Det nyskipa mållaget i Bergen, Vestmannalaget, hadde hyrt dei. Aarrestad skriv om denne reisa i boka Brev til Til Annie som kom ut i 1928. Stykket har tittelen Eg vert målstrævar.

"... Eg totte det var gildt, då eg fekk Torkell Lende med til fiskeværi. Det var i januar 1873, at me for heimanfrå. Ingen av oss hadde vore på sjøen fyrr, og det var langt og lenger enn langt, me skulde reisa. På Måløyno i Nordfjord gjekk me i land. Her var det so stappa med folk alle stader, at me so nær hadde vorte liggjande ute fyrste notti. Sistpå fekk me då koma inn ein stad, der me skulle få liggja på golvet saman med ei båtlag. Andre dagen var me so heppne, at me fekk eit lite rom for oss sjølve ein stad på Sæternes. Og so skulde me til med bokhandelen. .." (Så langt om Aarrestad og Lende.)

Torvald Tu

Hausten 1939 var journalisten og forfattaren Torvald Tu (1893-1955) på besøk i Sogn og Fjordane. Det finst nokre avisutklypp og tre brev frå Torvald Tu i arkivet til krinsungdomslaget Firda Ungdomslag, alle stila til formannen, Einar Skarstein.

I det fyrste brevet, datert 7. november 1939, fortel Torvald Tu at han hadde vore i kontakt med redaktør Jens Nedrehagen i Fjordabladet på Nordfjordeid. Nedrehagen hadde spurt om han ikkje kunne ta turen oppover til Nordfjord og halda jærkveld med opplesing i ungdomslaget på Nordfjordeid. Det ville Tu svært gjerne, men tykte at når han fyrst reiste så langt, så kunne han gjesta fleire ungdomslag. Tu fortel at han har vore på ei liknande reise i Hardanger, og at dei økonomiske vilkåra var fri reise, fritt opphald, kr. 0,50 i inngangspengar, og ein garantert minstesum pr. kveld på 25 kroner.

Skarstein gjekk med på diktaren sitt framlegg, og Torvald Tu bestemte seg for å reisa til Nordfjord. Han sende plakatar i førevegen og ba Skarstein om å ordna med kunngjering i Fjordabladet. Sjølv reiste han truleg på same måten som Aarrestad og Lende nær 70 år tidlegare, med båt til Bergen, og vidare til Nordfjord. Fyrste tilskipinga var 14. november 1939, på Bryggja. Fjordabladet skreiv m.a.:

"TORVALD TU opna ferdi si i Firda u.l. på Bryggja i gårkveld. Etter det vi fretter var det godt hus, og ei hugnadsam stund for laget. Torvald Tu får alltid mykje vellæte for opplesinga si der han fer."

Ei snau veke seinare høyrer me at han har vore heilt inne i fjorden, i Olden. Denne gongen óg fekk han god reklame:

"Torvald Tu las opp i Olden sundagskvelden. Han er ein ypperleg tolkar av jærsk humor. Det er fullt hus og stor fagning. Dei som har sans for slik humor vil få seg ei hugnadsstund når dei høyrer på Tu."

Fjordabladet hadde elles meir Torvald Tu i spaltene sine enn smånotisar om einskilde kveldar. Bladet trykte eit par smakebitar av forfattarskapen hans, - i alle høve "hugnadssoga" Ei ny tid som følgjetong, og dikta Gamle Garborgheimen og I måneskjin, det siste på jærmål.

Det andre brevet - både vellukka og mislukka

Men korleis såg forfattaren og opplesaren sjølv på Nordfjord-reisa si. Kva slags inntrykk fekk han av folket? Var han nøgd med frammøtet? Reiste han heimatt med forteneste? Breva i ungdomslags-arkivet fortel litt om dette.

Vel halvveges i reiseruta rapporterer han i det andre brevet sitt, datert i Stryn 27.11., at reint økonomisk hadde det ikkje vore det heilt store, - "men det har vore interessant å reisa." Folk han hadde møtt, får god omtale: "--- reint uvanleg snilde og gjestfrie".

Han nemner særskilt kvelden i Hornindal, - heilt mislukka med omsyn til inntekt, men god elles. Det kom berre 18 menneske (kvelden hans kolliderte med bondebryllaup på Kjøs), og han sat att med fattige ni kroner i inngangspengar. Men det var "kje så farleg", han hadde vore i bryllaup han óg. Kjøkemeisteren hadde henta han på hotellet.

Tu var ikkje den einaste tilreisande i bryllaupet, "fykaren Solberg" var der og. [Thor Solberg, fyrste som flaug USA - Noreg i 1935]. Tu fortel at Solberg "kom i fly frå moen, saman med tri Hornindøler som låg på nøytralitetsvakt. Dei dala ned på Hornindals-vatnet, - og så tura dei brudlaup så det stod etter. (..) Tena eg ikkje noko i Hornindalen, så er eg vel fornøgd likevel, - ei herleg uppleving, - saman med praktfulle menneske!" - sluttar Torvald Tu dette andre brevet sitt.

Det tredje brevet - lite lønsamt målt i kroner og øre

Det tredje brevet hans, datert 10.12. i bustaden hans, Mosberghagen sør i Klepp, er óg fullt av tvisyn, men no er det den sørgjelege økonomiske sida ved Nordfjord-reisa som dominerer. Dei "herlege" opplevingane har kome i bakgrunnen.

"- ferda var mykje vellukka kva som hadde med stemning og aplaudering å gjera," skriv han fyrst i brevet. Eg vart fagna så det var store ting." Nede på brevarket har Tu hekta på ei fotnote som ikkje er til å misforstå: "Ein lever ikkje av det."

Men - "i økonomisk lei, var det avgjort den dårlegaste ferda" nokon gong. Han tregar på at han ikkje slutta av i Stryn, gjev uttrykk for at det var så som så med kunngjeringa av kveldane hans, og konkluderer med at ferda var mislukka, "all den stund føresetnaden var at eg skulde og vilde og burde tena aldri-så-lite på ho.", men "Gjort er gjort!" skriv han på langs attmed teksten, "Ferdig med det -!"

Som avslutning takkar han for opphald hjå Einar Skarstein:

"Boka Gro med dedikasjon sender eg. Og så mi beste helsing til alle i heimen din, og med takk for tida eg fekk gjesta hjå dykk. Hjarteleg takk!" (Så langt frå arkivet til Firda Ungdomslag).

Torvald Tu heldt kontakt med Sogn og Fjordane

Sogns Tidend i Sogndal hadde tingarar i heile landet og endå vidare. Ein var Torvald Tu. Torvald Tu må ha sakna Sogns Tidend den tida ho ikkje kom ut under krigen. Han sende ei takkehelsing på vers straks ho var tilbake i mai 1945. Fyrste verset er slik:

Du kjære Sogns Tidend, så lever du enn
- å jau, det var gilt å sjå deg igjen,
- få deg att, etter år som er farne
Det har vore ei øydande, snøyande tid.
Gud skje takk me som folk no er berga og fri,
or det tvindlande trolltøkte garnet!


Artikkelnummer:
SFFkl-109240
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2008
 
Prenta kjelder:
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Stryn trykkeri 1950.
Fjogstad, Karl: Vise-kveld på håbakken. LP-plate. 1985.
 
Uprenta kjelder:
Privatarkiv SFF-93016, Nordfjords Foredragslag
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=109240&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no