Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Kyrkja ved tusenårskiftet.
© Altertavla og messingstakane er frå stavkyrkja som stod til 1795. Altertavla var ei gåve i 1691, medan messingtakanae vart innkjøpte i 1650-åra. Trestakane til vokslys var nye i 1687.
© Gravstaden til kunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928) og kona Engel Astrup, fødd Sunde, (1892-1966) på kyrkjegarden ved Ålhus kyrkje.
© Ålhus kyrkje 1934.

Ålhus kyrkje

Ålhus kyrkje vart bygd i 1795, på same tomta som ei stavkyrkje frå mellomalderen. Stavkyrkja var då i svært dårleg tilstand. Den nye Ålhus-kyrkja vart restaurert i 1868 og på ny i åra 1947-1951. I våpenhuset er det ei dør som seiest å vera frå borga til Hugleik Hugleikson.

Ny kyrkje 1795

Det var kyrkjeeigarane Lars Anderssen Sårheim, Ole Nilsen Ålhus og Peder Jenssen Ålhus som bygde ny kyrkje i 1795. Stavkyrkja var då så sterkt til nedfalls at ho måtte støttast opp med skorer. Etter ei klage frå sokneprest Doth i januar 1794 lova kyrkjeeigarane at ny kyrkje skulle vera opptømra og komen under tak til Mikæli året etter. Byggmeister skal ha vore Gunder Gregoriussen Støfringshaug.

Endringar på 1800-talet

Stor folketalsauke gjorde at biskopen i 1859 tok opp spørsmålet om utviding av kyrkja. Eigarane var ikkje huga på dette, og fann det klokast å selja henne til kyrkjelyden. Dei fekk betalt 412 spesidalar i følgje salsdokument datert 29. okotober 1861. Etter ein del ugreie vart kyrkja restaurert i 1868. Då vart glasopningane gjort noko høgare, noko ein kan sjå spor etter i veggen den dag i dag. Heile kyrkja vart bordkledd og kvitmåla. I 1871 vart det sett opp galleri samstundes med at ho vart måla gul innvendig med kvitt tak.

Restaurering på 1900-talet

År 1900 vart det sett inn omn i kyrkja, og i 1933 vart det bygt til sakristi. I åra 1947-1951 var det ei meir omfattande restaurering i nært samarbeid med Riksantikvaren. Gulmålinga vart avluta, himlingen over preikestolen kom på plass, og det vart arbeidd nye stolar. Av andre utbetringar på 1900-talet kan nemnast orgel, antependium, teppe på golvet, blyglasruter og elektrisk oppvarming.

Interessant inventar

Fleire inventarstykke er frå stavkyrkja. Altertavla vart i 1691 gjeven til kyrkja av fenrik Ove Christian på Bjørset og kona Barbra Bugge. Både altertavla og tre bilete frå same tida er usignerte. To messingstakar på alteret vart kjøpte i 1650-åra, og to større trestakar var nye i 1687. Preikestolen skal vere ein tidleg 1600-talstype.
Eit vakkert skip er "Foræret af Claus fisker" i 1728, son til presten. Dåpsfatet som er dekorert med Maria bebudelse er nemnt fyrste gong i 1714.
Kyrkja har to klokker. Den minste er eldst og har ei form som reknast til dei eldste her i landet. Klokka som er i bruk nå, er datert 1824.
Ei eldgammal dør er festa på veggen i våpenhuset. Det seiest at ho skriv seg frå borga til Audun Hugleikson Hestakorn som stod ved utløpet av Hegreneselva snaue 200 meter frå kyrkja.

Utafor kyrkja

Ein vakker steinmur omgjev kyrkja. I det nordre kyrkjegardsledet er det smijernsport frå 1878, arbeidd av Bendik Nilsen Øvrebø. På austsida ligg familegravstaden til målaren Nikolai Astrup. Snaue 100 meter vest for kyrkja står det ein ruvande bautastein til minne om kunstnaren.


Artikkelnummer:
SFFkl-101340
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2001.
 
Prenta kjelder:
Ålhus sokneråd: Ålhus kyrkje. Brosjyre. 1986.
 
Litteratur:
Øvrebø, Egil: Jubileumsbok.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
NRK-Sogn og Fjordane - Fylkesleksikon: Kyrkjer i Jølster
Vassenden kyrkje
Helgheim kyrkje
Den norske kirke: Jølster prestegjeld
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=1173&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no