Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Grava til Reidar R. Drage på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje i Selje. Grava er freda som krigsgrav.
© Avisnotis 16.04.1946.
© Reidar Drage (1924-1946). Omkom under arbeid med å fjerna tysk ammunisjon frå Tangane ved Rugsund.
© Krigsgrav - Reidar Drage (1924-1946)

Krigsgrav på Stadlandet - Reidar Drage

Den 15. april 1946 tok det fyr i dekkslasta på ein motorbåt lasta med tysk ammunisjon på veg til ein dumpingsplass i Nordfjord. Folka hoppa i sjøen og alle med unntak av ein vart berga av båtar som kom til. Reidar Drage frå Stadlandet vart gravlagd ved Leikanger kyrkje 20. april 1946.

Biografi i Våre falne

"DRAGE, REIDAR JONN, gårdsarbeider, Selje. Født 21. september 1924 i Selje, s. av Reinhardt Drage, f. 1882, og Oline f. Tungevåg, f. 1882, begge i Selje. Ble etter frigjøringen innkalt til militærtjeneste i Kystartilleriet, og omkom 15. april 1946 ved en eksplosjon under arbeid med å senke tysk ammunisjon ved Tangane i Rugsund. Gravlagt ved Leikanger kirke, Stad."

Krigshending etter krigen

Etter krigen vart store mengder tysk ammunisjon og sprengstoff samla og fjerna ved søkkjing i sjøen. Det skjedde uhell fleire stader i landet. Den fælaste ulukka i Sogn og Fjordane var då ein lektar gjekk i lufta på Brufjorden 1. september 1945 og alle 19 om bord omkom.

Måndag 16. april 1946 var motorbåten som frakta ammunisjon frå det tyske festningsanlegget Tangane på Rugsundøya på veg med last til dumpingplassen i Nordfjord. Ved Rugsund, der brua nå går over sundet, tok det fyr i fleire hundre kilo krut som var lasta på dekk. Ei voldsom eldsøyle stod i veret. Mannskapet greidde å hiva nokre kassar med granatar på sjøen, men då elden greip om seg, var det berre ein ting å gjera, å hoppa i sjøen. Bergingsmannskap som kom til fann 12 i live, medan den siste, Reidar Drage, var borte. Dei sette i gang med sokning og fann han kort tid etter. Han var ikkje skadd av brannen. Han hadde berre ikkje greidd å halda seg oppe til berginga nådde fram.

Reidar Drage vart eit offer ved ei krigshending eitt år etter at krigen var slutt.

Grava

Grava til Reidar Drage er særskilt freda som krigsgrav. På gravsteinen står skrive:

Farvel kjære Reidar

Reidar R. Drage

[teikn for fødd] 21-9 1924

[teikn for død] 15-4 1946

Takk for alt


Artikkelnummer:
SFFkl-101928
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2003.
 
Prenta kjelder:
Fjordenes Tidende. 17.04, 29.04.1946. Måløy.
Våre falne. 1948. Oslo. Berge, Kjell-Ragnar:Fronten er kysten!(..) Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-1945. Eige forlag.1995.
 
Uprenta kjelder:
Informasjon frå:
Selje kyrkjelege fellesråd, ved kyrkjeverje Helge Borgund.
Jon G. Årsheim, Selje.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=17317&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no