Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Bernt Tunold (1877-1946). Einar Wiig, cand. philol. frå Universitetet i Bergen, med hovudfag i kunsthistorie, har skrive biografi om Tunold. Boka kom ut i 1991. I omtalen står mellom anna:
".. [Bernt Tunold] var lidenskapelig opptatt av å bevare den gamle bygdekulturen på Vestlandet. Dette kom til uttrykk i bilder av åklær og tiner, rikt dekorerte trekirker og gamle bondestuer.
Men det mest tunoldske motiv er det skånsomt kultiverte landskapet der gamle gårdsbygninger nærmest går i ett med naturen. Tunolds malerier er også poetiske, men det er mer hverdagens og værets poesi han får frem i bildene. Bernt Tunold dro til Hyen i Nordfjord da hans kolleger dro til Paris for å bli modernister. Men han var ingen tørr registrator: Bildene viser en farvens og strøkets mester som ønsket å bryte ut av "naturalismens trange trøye."
© Steinen er kring 3 m høg. Målinga i skriftteikna nede på steinen er på det næraste borte, og innskrifta såleis vanskeleg å lesa.
© Bronserelieffet er laga av bergenskunstnaren Sofus Madsen. Det viser kunstmålaren slik folk hugsa han, "med den karakteristiske hatten, og det våkne, skarpt iakttagende blikk."
© Frå avdukinga, søndag 10. juni 1951. Redaktør Lauhn heldt avdukingstalen. Steinen er dekka til, og det er laga til avdukingssnor bort til ei stong.
© Tunold reiste i mange år mykje rundt på Vestlandet, frå Sunnmøre i nord til Ryfylke i sør. Han var også i Hjelmeland i Rogaland. I 1939 måla han biletet "Høst. Gammelt hus i Hjelmeland".
© Tunold-steinen står i Parken, på nordsida av vegen ned til sentrum.

Tunold-steinen i Selje

Kunstmålar Bernt Tunold, fødd i Selje 25. februar 1877, død i Bergen 23. januar 1946, vert rekna som ein av dei store kunstmålarane på Vestlandet. I 1951 vart det avduka minnestein over han i Selje.

Står i Parken

Tunold-steinen står i sentrum av Selje, midt i Parken på nordsida av vegen ned til tettstaden. Han stod opphavleg på høgda ein snau km lenger oppe, men vart flytta til Parken i 1986.

Bronserelieff av Sofus Madsen

Steinen er kring tre meter høg, sidene nede er 65 x 30 cm, og han er fundamentert under bakkenivå. Øvst er innhogge namnet BERNT TUNOLD og årstala 1877 - 1946. Bronserelieffet, som er laga av bilethoggaren Sofus Madsen, viser kunstmålaren slik folk hugsa han, ''med den karakteristiske hatten, og det våkne, skarpt iakttagende blikk.'' Heilt nede er innhogge REIST AV * NORDFJORDLAGET * I BERGEN

Steinen funnen på Hamre

Steinen vart skaffa tilvege av Selje ungdomslag. Ragnvald Berge, formann i fleire år, var med som representant for laget i ei kommunal nemnd der også bakar Tunold og soknepresten var med. Det var presten som bestemte kvar steinen skulle stå, - ikkje nokon god plass, meinte somme, men presten stod heilt på sitt val. Steinen vart funnen på Hamre, kring ein km frå Selje sentrum. Han vart tilhoggen av vegoppsynsmann Naustdal med handlangarhjelp frå medlemmer i ungdomslaget. Det skulle vera rett og pent for dei som stod føre arbeidet, og for å få dette til, la dei på betongmasse somme stader. Kunstnaren Sofus Madsen var ikkje like begeistra, han ville helst hatt steinen naturleg. I år 2003 er det råd å sjå at steinen er retta av med masse på toppen.

Nordfjordlaget reiste steinen

Tunold døydde i januar 1946 og same hausten tok formannen i Nordjordlaget i Bergen til orde for at laget på ein eller annan måte måtte heidra kunstnaren. Året etter vart sett ned ein komite som straks tok fatt på arbeidet. Dei ordna med tilskipingar av ymse slag, engasjerte bilethoggaren Sofus Madsen (ein ven av Tunold) til å laga bronserelieff og søkte samarbeid med folk i Selje. I mai 1951 kunne Fjordenes Tidende, Måløy, melda om avdukingsdag i juni. Mange var venta frå Bergen. Nordfjordlaget hadde skipa til ekstratur med Fylkesbaatane sin ærverdige d/s ''Nordfjord I''.

''.. Tunold si verd i barneåra ..''

Søndag 10. juni 1951 var festdag i Selje. Då ''Nordfjord I'' kom inn til Selje, vart skipet helsa med salutt som vart svara på med støyt i skipsfløyta. På kaia vart ferdafolket helsa med song og musikk. Deretter samlast tilreisande og bygdefolk i prosesjon opp til minnesteinen.
Redaktør Lauhn heldt avdukingstalen. Han opna med å gje ei skisse av barndomsverda til kunstnaren:

''Her i Selje såg Bernt Tunold sola stiga opp over fjella i aust, og såg ho gå ned i havet i vest. Dagen og natta, lyset og mørket, havet og fjorden, fjella, dei grøne engene med hus spreidde rundt i kring - det var Bernt Tunold si verd i barneåra.
Også menneska som levde her, i strid for føda, i stendig kamp mot naturkrefter, eit hardt og slitsamt liv, men på ingen måte eit liv utan gleder. Dei såg jorda gje grøde år etter år, og utanfor låg havet. Og på den andre sida låg klosterruinane, som fortalde om ei fjern fortid.

Kjensla av samanhengen i tilværet, av slektene sin gong, må tidleg ha vorte vekt i Bernt Tunold sitt sinn, og det kom til å merkja haldninga hans til livet.''

Mange helsingar

Etter avdukinga vart det bore fram ei rekkje helsingar og lagt ned fleire kransar før formannen i Nordfjordlaget, K. Daviknes, overrekte minnesmerket til Selje kommune. Ordførar Sande tok imot, takka Nordfjordlaget og lova å ta vare på minnesteinen på beste måte. Ordførar Leif Iversen, Sør-Vågsøy, helsa frå Sogn og Fjordane fylkesting. Til slutt takka sonen til Tunold, Hermod Tunold, på vegner av familien.

Seinare på dagen var det festsamkome i lokalet til Selje Sparebank, og utferd til Selje kloster der klokkar Ervik fortalde.
Klokka sju la ''Nordfjord I'' frå kaia og det vart ropt 3 x 3 hurra både frå skipet og frå land.


Artikkelnummer:
SFFkl-101941
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2003.
 
Prenta kjelder:
Fjordenes Tidende. 24.03.1947, 11.06.1951. Måløy.
Fjordingen. 15.06.1951. Stryn.
Jul i Nordfjord. 1964.
Wiig, Einar: Bernt Tunold. 1991.
 
Uprenta kjelder:
Munnlege opplysningar frå:
Ragnvald Berge, Selje.
Kommunearkivet i Selje, formannskapsarkivet og arkivet til kulturkontoret.
 
Litteratur:
Årbok for Nordfjord. 1951.
 
Kunstmålaren Bernt Tunold
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=17534&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no