 | | © Galleri Nikolai Astrup er knytt til den gamle stova som Astrup budde og arbeidde i den siste delen av livet sitt. I framgrunnen ser vi steinskulpturane med portrett av åtte kunstnarar frå fylket.
| |
 | | © Nærbilete av Astrupstova, slik ho i dag ligg i Vika ved Hopsvatnet.
| |
 | | © I husgalleriet Casa Blanca på kaia i Hyen er utstilt oljemåleri og grafiske bilete av Bernt Tunold.
| |
|
|
 | | © Straume i Hyen ligg inneklemt mellom høge fjell. Vatnet til venstre i biletet er Hopsvatnet. Det er ein kort elvestubb som skil Hopsvatnet frå Hyefjorden.
|
Kunstgalleri i Hyen
Kunstnarane Nikolai Astrup d.y. og Bernt Tunold hadde begge sterk tilknyting til Hyen. Astrup budde i Hyen i lange periodar frå 1955 til han døydde i 1990. Bernt Tunold måla dei beste bileta sine i medan han budde i Hyen, i perioden 1916-1920.
Hyen
Bygda Hyen i Nordfjord ligg inneklemd mellom høge og bratte fjell. Hyefjorden leier inn til senteret på Straume, der vi finn butikk, forsamlingslokale, skule og kyrkje. Bygdene i dei to dalføra ned mot kaia speglar fargenyansar i grønt og blått. Gjennom tidene har mange kunstnarar vorte tiltrekte av naturvariasjonane som Hyen kan by på.
Galleri Astrup
Nikolai Astrup d.y. (1931 - 1990) budde og arbeidde meir og mindre fast i ei gammal røykstove i Hyen i den siste delen av livet sitt. Han er mest kjend for dei grafiske og koloristiske bileta sine. Uttrykket hans er ekspresjonistisk, med ei naturgjengjeving prega av lyrisk poesi.
Utanfor den gamle stova, Galleri Astrup, kan ein året rundt studere steinskulpturar med portrett av dei kjende biletkunstnarane Nikolai Astrup d.y., Bernt Tunold, Harald Seim, Oddvar Torsheim, Gunnar S. Gundersen, Petter Eide, Ludvig Eikaas og Knut Rumohr. Skulpturane er laga av Stig Eikaas.
Galleri Bernt Tunold
Gode bilete frå Bernt Tunold (1877 - 1946) si hand er i dag sterkt etterspurde, men vanskelege å få tak i. Fleire originalbilete, både oljemåleri og grafiske bilde, er no førte attende til Hyen. Kunstverka er plasserte i galleri Casa Blanca på kaia i Hyen.
Galleri Bernt Tunold er, til liks med galleri Astrup, privat drivne. Galleria er opne etter avtale og annonsering.
|
|
Artikkelnummer:
|
|
SFFkl-100574
|
| |
|
Forfattar og datering:
|
|
Stig Eikaas og Arne Eikenes.
|
| |
| |
|
Cupy URL to this article:
|
|
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=2910&spraak_id=1&ptype=single
|
|
Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no |
|