Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Minnekapellet i Ervik og kyrkjegarden med utsyn mot havet og staden der "Sanct Svithun" vart bomba og sett på grunn.
© Norske aviser hadde som ein kunne venta store oppslag om "Sanct Svithun"-forliset. Den eine grunnen var det store omfanget av hendinga, kring 60 menneske miste livet. Den andre var krigspropaganda-effekten. Britane bomba norske skip i ordinær rutefart på kysten. "En grufull britisk nidingsdåd," skreiv Fritt Folk, riksorgan for Nasjonal Samling, partiet som samarbeidde med okkupasjonsmakta.
© 20. mai 1944 ga Postverket ut 3 frimerke med motiv frå krigsforlis. Tilleggsverdien på 10 øre skulle gå til inntekt for skadde og etterletne. "Sanct Svithun"-forliset er motiv på eitt av frimerka.
© Minneplate i Ervik kapell over omkomne norske kvinner og menn som omkom då «Sanct Svithun» krigsforliste ved Ervika på Stadhavet, 30. september 1943.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© "Sanct Svithun" på 1375 bruttotonn tilhøyrde reiarlaget Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD). Skipet var bygd i Gdansk (Danzig), levert i 1927 og sett inn i Hurtigruta same året.

Minnekapellet i Ervik og "Sanct Svithun"-tragedien

Hausten 1943 vart hurtigruteskipet D/S "Sanct Svithun" bomba av allierte fly i skipesleia ved Stad. Meir enn 50 menneske omkom. Folk i Ervika utførte eit imponerande bergingsarbeid. Den norske heimefronten kritiserte åtaket. I 1970 vart det vigsla eit minnekapell i Ervik og skipsklokka frå "Sanct Svithun" er no kyrkjeklokke i kapellet.

Flyåtak

Den 30. september 1943 var sørgåande hurtigrute "Sanct Svithun" på veg frå Ålesund til Måløy. Det blæs sterk kuling frå sørvest. I Ervik ytst på Stadlandet heldt folk på med å ta opp potetene sine. Klokka nærma seg sju i kveldinga då dei brått fekk heilt andre ting å tenkja på. Ein flystyrke kom inn frå havet og gjekk til åtak på hurtigruta som nett var komen til syne. Skipet kom straks i brann og la om kursen mot land. Kaptein Alsagher sette båten på grunn ved Kobbholmen, ein holme innafor Buholmen, nær nordvestpynten av Hovden. Til all lukke kom skipet så nær Kobbholmen at overlevande greidde å berga seg opp på holmen ved hjelp av ei trosse dei greidde å strekkja over.

Folk frå Ervik sprang straks til båtane sine og kom dei skipbrotne til hjelp. Under særs vanskelege tilhøve berga dei over 70 menneske. 44 nordmenn omkom og ein stad mellom 12 og 20 tyske soldatar. To av dei omkomne var frå Sogn og Fjordane.

Den store redningsdåden

Kaptein S. Alshager fortalde om redningsinnsatsen til Ervik-folket i Fjordenes Tidende 14 år seinare. "De reddet ca 50 mennesker umiddelbart etter at skipet i full brann var landsatt, og dagen etter reddet de 20 mennesker fra Kobbholmen. En dåd så dristig og glimrende gjennomført at den for alle som skylder dem livet, står som et under. Og den ble gjennomført uten uhell."

Skipsklokka

Vraket vart liggjande på grunn to-tre dagar før det seig ut og forsvann på djupna. Ein mann i Ervik vart beden om å prøva å berga skipsklokka. Han fekk med seg ein til å hjelpa seg og dei greidde å få klokka laus og få ho velberga på land. Straks etter vart ho sendt til Stavanger. Reiarlaget, Det Stavangerske Dampskibsselskab, inngraverte ei helsing og sende ho attende som ein symbolsk takk til Ervik-folket. Ho heng no som kyrkjeklokke i minnekapellet i Ervik.

Den inngraverte helsinga: "Til Ervik folket, i erkjentlighet for redning av menneskeliv ved D/S "Sanct Svithun"s krigsforlis 30. september 1943."

Minnekapell

Skipsinspektør Brækhus var ein av dei som blei berga. Han skal vera den fyrste som sette fram tanken om at folket i Ervik burde få eit minnekapell for innsatsen sin under bergingsarbeidet. Mange slutta seg til tanken, og alt i 1944 vart det sett ned grunnstein. Krigen gjorde at det vidare arbeidet vart lagt på is, og fyrst i 1968 vart arbeidet teke opp att med ny grunnstein, no på ein annan stad, like ved gravstaden. Minnekapellet Ervik Kapell stod ferdig i 1970 og vart vigsla 14. juni av biskop Per Juvkam. Nærare 1000 menneske var til stades. Formannen i byggenemnda Daniel Berstad, takka alle som hadde ytt tilskot, og overleverte deretter bygget til Selje kommune.

Reaksjon på åtaket

D/S "Sanct Svithun" gjekk i sivil rutefart for eit norsk reiarlag. Skipet var merka i samsvar med føreskrifter for å kunna identifiserast, og det var ståande ordre i dei allierte styrkane i Storbritannia om ikkje å gå til åtak på skip i sivil passasjer- og forsyningsfart.

Heimefronten i Noreg reagerte mot "Sanct Svithun"-aksjonen i eit telegram til den norske eksilregjeringa i London via den norske legasjonen i Stockholm. Telegrammet vart referert i regjeringskonferanse 26.10.1943.

"Vi har mottatt meddelelse fra en pålitelig rapportør på Vestlandet som har innsamlet pålitelig underretning blant øyenvitner og overlevende angående "St. Svithun"s senkning. Han erklærer at de tyske beretninger i pressen stort sett er riktige.Når de uheldige virkninger ikke er blitt større, kommer det av at alle hjemme nekter å tro at engelskmennene kan ha oppført seg på en sådan måte. Det står i strid med de erfaringer som er blitt gjort av folk hjemme i nesten 3 år. Om sånt skulle hende igjen, ville det være i høyeste grad skadelig."


Artikkelnummer:
SFFkl-100218
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2000.
 
Prenta kjelder:
Bakka, Dag, jr: Skipene som bandt kysten sammen Hurtigruten 1893-1980.
Hoddevik, Jan Petter: "Sanct Svitun"s krigsforlis Eit 50 års minne. 1993.
Fjordenes Tidende. 29.11.1957.
Fritt Folk. Riksorgan for Nasjonal Samling. 06.10.1943. Oslo.
Nilssen, Astrup: Tragedien om hurtigruteskipet "Sanct Svithun".
 
Litteratur:
Nordanger: Lang kyst. 1975.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Ervik kyrkje
Tragedien om hurtigruteskipet "Sanct Svithun"
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=339&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no