Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Dale kyrkje har god plass med sine 550 sitjeplassar. Ho er vakker å sjå til, og ei lys og triveleg kyrkje å komme inn i.
© Altertavla frå 1864, som viser Jesu oppstode, er ei gåve frå handelsmann Wilken Nitter.
© Den gamle altertavla frå om lag 1620, som er av tredelt pilartype, heng no på kortveggen framme i kyrkjeskipet.
© Døypefont frå mellomalderen er av kleberstein med innebygt piscina. Dåpsfatet i tinn er laga av Berendt Grøning, dåpsmugga er også i tinn, begge er truleg frå 1787.
© Dale kyrkje har to kyrkjeklokker. Klokka frå 1594 har innskrifta "Werbum domini manet in eternum" (Herrens ord står fast til evig tid, Jes. 40,8) og "Anno 1594". Kyrkjeklokka frå 1850 har innskrifta "Anskaffet til Dale kirke i Søndfjord af dens eier Consul Henrich Janson: Støbt af J. F. Becker i Bergen 1850. Soli deo gloria." (Åleine Gud skal ha æra).

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Dale kyrkje ligg midt i sentrum av bygda. På slutten av 1990-åra vart den staselege kyrkja pussa opp utvendig.

Dale kyrkje i Fjaler

Dale kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i Dale i Sunnfjord. Kyrkja, som har 550 sitjeplassar, vart vigsla 24. november 1864 av prost Johan Carl Christie. Byggmeister var Johannes A. Øvsthus frå Osterøy, men arkitekten er ikkje kjend. Dale kyrkje er soknekyrkje i Dale sokn og hovudkyrkje i Fjaler prestegjeld.

Bygdefolket fekk pussa opp kyrkja

Dale kyrkje er ei romsleg kyrkje som er staseleg å sjå til, og ei lys og triveleg kyrkje å komme inn i. Men utvendig stod kyrkja stadig meir til forfall utover på 1990-talet. I bygda var det stor misnøye med vedlikehaldet av kyrkja som ingen ville ta ansvaret for. I 1998 hadde var det spor av ròteskader i panelet, og mange ruter i dei ruvande vindauga hadde sprekker eller var knuste. Målinga flassa av vegger og karmar, og trongen for veldikehald vart stadig meir synleg. Fyrst då det lokale engasjementet for kyrkja vart kveikt, byrja ting å skje.

Sommaren 1999 sette ei gruppe på tre personar frå Fjaler i gang ein innsamlingsaksjon der inntekta skulle gå til utvendig måling og oppussing. Aksjonen vart gjort kjend gjennom medieoppslag, veggplakatar og omtale i kyrkjelydsbladet. Utover hausten kom det inn 70 000 kroner til føremålet, og pengane vart overlevert eit samla kommunestyre. Ordføraren lova at Dale kyrkje skulle få ny kvitmåling i år 2000. I kommunebudsjettet vart det sett av 350 000 kroner til føremålet. Då formannskapet i mai månad 2000 skulle gjere endeleg vedtak i saka, vart pengegåva frå bygdefolket rekna inn som ein del av den lova summen. Det lokale engasjementet var eit viktig bidrag til at kyrkja og oppussinga vart prioritert.

Interiøret

Dale kyrkje har tidlegare vore gjennom ei omfattande restaurering i samband med 100-årsjubileet i 1964. Då fekk mellom anna veggene inne i kyrkja att den opphavlege trekvite fargen, etter å ha vore gulbrune sidan 1905. Hovudfargen elles i kyrkja var i ein mørkare bruntone. Til jubileet vart det også utført eit stort isoleringsarbeid både i golv og kvelv, og nye breiare benker vart sette inn. Riksantikvaren bidrog med råd og gjorde sitt til at kyrkja for ettertida vart eit fint døme på byggjestilen og fargevalet som kjenneteikner kyrkjene frå 1860-åra.

I dag er grønt og grått dei dominerande fargane i kyrkjerommet. Både benker og gallerifrontar er måla grøne. Det flate taket i koret og taket i skipet er kvitmåla. I skipet er taket flatt i midten, men har skråtak ut mot dei nedbygde flate delane av taket på kvar side. Truleg har denne kyrkja ei av dei største altertavlene i fylket, men ho fell godt inn i det romslege, åttekanta koret. På fire av sidene er der høge, smale vindauge i spissbogestil. Eit særmerke for denne kyrkja er galleria framme på sida av koret, med oppgang frå dei to sakristia. Dei er i bruk berre ved særskilde høve. I sjølve kyrkjeskipet er der dører både på sør- og nordveggen. Veggene har tre store vindauge på kvar side og eit mindre vindauge over sidedørene. Framme i koret er der to søyler som er med og markerer korskiljet. Midtskipet har to søyler, og bak i skipet er der seks søyler som held oppe galleriet.

Altertavlene

Altertavla frå 1864 er eit oljemåleri på lerret, måla av Anders Askevold i 1863 i Paris. Ho viser Jesu oppstode, med Pierre Drevet sitt stikk etter oppstoda av Jeannes Andray, som førebilete. På klassisk vis er Kristus framstilt svevande nettopp for å understreke og uttrykkje at Jesu siger over grav og død er ei mysteriøs og gjennomgripande forandring, som gjer han uavhengig av og fri frå rommet og tida sine dimensjonar. Soldatane uttrykkjer overrasking og skrekk, medan engelen sitt tilbedande nærvær tolkar hendinga som ei inngriping frå himmelen.

Den gamle altertavla frå om lag 1620 heng no på kortveggen framme i kyrkjeskipet. Ho er av tredelt pilartype med gavlfelt, og rik kassettornamentikk, og er ei kombinert katekisme- og bilettavle, der bileta viser t.v. innstiftinga av nattverden, i midten Golgatagruppa, og t.h. Jesu oppstode. I øvste høgda er det ei framstilling av Jesu himmelferd. Måleria er så godt som identiske med den samtidige tavla i Holmedal, og må vere laga av same kunstnar. Snikkararbeidet er utført av den same snikkaren som laga tavlene i Bygstad, Viksdalen, Sande og Holmedal.
Dale kyrkje og dei fire nemnde kyrkjene tilhøyrde alle same prestegjeld fram til 1755, og alle fekk nye altertavler på same tid. Det er grunn til å tru at ansvaret for dette må tilskrivast ein særleg energisk prest. Det må i så fall vere Hans Jørgensen som var sokneprest i gamle Holmedal prestegjeld i tida 1614-27, og frå 1619 prost i prostiet.

Anna inventar

På alterer står to udaterte lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret omfattar ein kalk og ein disk i sølv, begge udaterte, men truleg frå før 1800, og ei brødøskje frå kring 1920 i svart porselen.
Døypefonten frå mellomalderen er av kleberstein med innebygt piscina. Dåpsfatet i tinn er laga av Berendt Grøning, dåpsmugga er også i tinn, begge er truleg frå 1787.
Preikestolen er frå 1864, året kyrkja stod ferdig. Her er to kyrkjeklokker, den eine frå 1594 med klostersegl frå Nidarholm i Trondheim, den andre frå 1850.
Orgelet er frå 1983 og har 22 stemmer. I 1888 fekk kyrkja eit nytt stort harmonium som var i bruk fram til 1922. Då vart det levert eit pneumatisk orgel som vart brukt fram til det noverande orgelet kom på plass hausten 1983.


Artikkelnummer:
SFFkl-100110
 
Forfattar og datering:
Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2002.
 
Prenta kjelder:
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Guddal kyrkje
Holmedal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
Hellevik bedehuskapell
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=447&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no