Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Øvst på steinen er innhogge ein latinsk kross. I midten står: MINNE OM HYEKYRKJA I MILLOMALDEREN. Nede står: GUDS ORD DET ER VÅR FEDRAARV. Rett ned frå steinen ligg Kjerkjevikja. I bakgrunnen Straumsholmen der ein i venstre biletkant skimtar kyrkja som vart vigsla i 1876.
© Bautaen sett nedanfrå vegen. På den sida står innskrifta: REIST AV HYEN KYRKJELYD 1950. Det var Gabriel Holme som hogg innskriftene.
© Like ovanfor Brekkefossen på sørsida av elva er det "sleppefjell" med skifrig struktur som gjer at det deler seg opp i ulikt tjukke flak. Her vart emnet til bautasteinen funne. Vatn og frostsprenging har nok løyst steinen frå fjellet og såleis skapt dette flotte, naturlege minnesmerket som no står på kyrkjetufta.
© Minnesteinen om den gamle Hyekyrkja står høgt og fritt ved Larslada på Bakken rett opp for Larssvingen i Hope. Stadnamna Kyrkjeåkeren og Kyrkjevika er vitnemål om den gamle kyrkjestaden.

Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen

Hyen hadde kyrkje i mellomalderen - Kirkia i Hya. Ho stod på Bakken i Hope, rett opp frå Kyrkjevika. Ein reknar med at ho vart til nedfalls i tida etter Svartedauden kring midt på 1300-talet. I 1950 reiste Hyen sokneråd ein stein til minne om kyrkja og den gamle kyrkjestaden.

Bautastein - reist i 1950

Det var Gunnar Fitje som fyrst målbar tanken om å reisa ein stein til minne om den gamle Hyekyrkja. Soknerådet fylgde opp og sommaren 1950 var steinen på plass. Dei fann emnet i Hopsdalen like ovanfor Brekkefossen på sørsida av elva. Derifrå drog dei han på skåter, ved hjelp av stubbebrytar, opp til vegen. Steinen vart transportert med lastebil til Hope og deretter dregen frå vegen og opp til staden der han no står. Gabriel Holme var, som vegvaktar og fagmann på stein, sjef for arbeidet. Det var litt av ein jobb, for steinen har ei total lengd på knapt sju meter og veg om lag fem tonn. Det er ikkje gjort arkeologiske utgravingar på staden, men ein er nokså sikre på at steinen står på den gamle kyrkjetufta.

Avduking

Steinen vart avduka søndag 2. juli, i mindre godt vêr, men likevel med mykje folk til stades. Formannen i soknerådet, Øystein Ommedal, helsa stemnelyden og ynskte velkomen. Han retta ei særskild takk til Gabriel Holme for den store innsatsen hans.
Prost Kvaale heldt avdukingstalen og skildra kva kyrkja på denne staden hadde å seia for folket i sorg og glede gjennom skiftande tider og kår. - Her på denne staden, sa talaren, står ein andlet til andlet med det sentrale i fedrearven vår, den arven som det er vår heilage oppgåve å vyrdsla slik at han kan gjevast over til dei som kjem etter oss.

Hyen utan kyrkje i meir enn 500 år

Den noverande kyrkja i Hyen vart bygt ved sjøen, nord på Straumsholmen, og vigsla onsdag 14. juni 1876. Mellom desse to hyekyrkjene ligg meir enn 500 år med lang og strevsam kyrkjeveg for hyarane. I denne perioden måtte folket frå Hyen ro heile Hyefjorden og halve Gloppefjorden til Vereidskyrkja når dei skulle til gudsteneste og andre kyrkjelege handlingar. Dei som budde øvst i dalane hadde i tillegg mellom ei og to mil å ta seg fram over uvegsamt land og vatn. Vi veit at det mange gonger, vinterstid og i uvêrsbolkar, kunne gå vekesvis før det var mogeleg å føre dei døde til vigsla jord.


Artikkelnummer:
SFFkl-101184
 
Forfattar og datering:
Magnar Heimset, 2002.
 
Prenta kjelder:
Hyen kyrkje 1876-1976. Jubileumskrift, Hyen sokneråd, 1976.
O.H.: Gamlekyrkja i Hyen. I Fjordabladet. 01.08.1950. Nordfjordeid.
 
Uprenta kjelder:
Munnleg informasjon frå:
Matias M. Hope, Gloppen.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Hyen på nett
Hyen kyrkje
Magnar Heimset: Heimseta on net
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=514&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no