Back to database list Nytt søk Skriv ut Go to help Gå til den norske versjonen!
 
 Record 1 of 1
Back to the list
 
© Steinkrossen på Rygg. Han er 2,13 m høg og 0,74 cm brei.
© Krossen på Rygg hadde med åra sige seg skeiv, og på 1990-talet vart det teke initiativ til å få retta han opp. Her er massen rundt fjerna, og krossen er komen i lodd. Sokneprest Olaf S. Gundersen (t.v.) saman med ein av grunneigarane i området, Hans E. Rygg.
© Arbeidet er fullført. Krossen kan i nye hundreåret, på 2000-talet, vitne om kristninga av landet vårt.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

Steinkrossen på Rygg

Det står i dag fire steinkrossar i Nordfjord. To av dei står i Gloppen kommune, - den eine ved Vereidskyrkja, og den andre på Ryggøyra. Krossen på Rygg er spesiell i norsk samanhang.

Opphav og plassering

Vi finn krossen på eit jorde ikkje langt frå sjøen og like ved elva. Stammen er utforma med to elegante bogar. Toppstykket er breiast øvst oppe, medan dei to sidearmane er like breie inst som ytst. I midten av krossen er eit hol. Fasaden vender mot vest. I denne finst nokre stavliknande merke. Det er vanskeleg å vite om dette er innhogde symbol, eller om det berre er tilfeldige merke.
Krossen ser ut til å stå på eit før-kristent gravfelt, og skriv seg truleg frå misjonstida her i landet (950-1050). I bygda var det enno ingen vigsla kyrkjegard. Krossen kan då ha markert at slekta som hadde han på eigedommen sin, hadde teke steget over til kristendommen. Det vert spekulert i om krossen på Rygg kan vere frå før år 950.

Keltisk og anglisk påverknad

Biskop Fridtjov Birkeli, som studerte steinkrossane grundig, fann at krossen på Rygg likna på ein kross i Cornwall. Det stemmer bra med ein lokal tradisjon som knyter han til Wales. Ein skil gjerne mellom angliske og keltiske krosstypar. Krossen på Rygg har hol i midten, slik dei keltiske krossane ofte har, men han har meir form som ein anglisk kross. Det kan sjå ut som at han som laga krossen, hadde ein spesiell kross som førebilete. Birkeli meiner krossen har vorte til under framande hender, eller, at han kanskje har vorte laga av norske hender med ei "påhalden" hand frå England.

Spesiell

Vi har i dag kjennskap til 6 norske krossar med hol i. Dei utgjer på ingen måte ei homogen gruppe. Krossen på Ryggøyra, med anglisk krossform, men med hol, er såleis spesiell. På same måten som for dei andre krossane på Vestlandet, er steinemnet til krossen truleg henta frå Åfjorden i Hyllestad.

Har krossen vorte flytta?

Ein bygdetradisjon vil ha det til at krossen tidlegare stod på Sande, ein halv kilometer lenger vest, der ein åker framleis heiter Korsåkeren. Det er ikkje sjeldan at ein kross er "på vandring", men då gjerne frå fedregrava til kyrkjegarden. På Gimmestad har det vore kyrkje i alle fall frå rundt 1200, og det er vanskeleg å forklare ei flytting der ikkje kyrkja har vore målet.


Artikkelnummer:
SFFkl-101186
 
Forfattar og datering:
Olaf Sigurd Gundersen, 2000.
 
Prenta kjelder:
Birkeli, Fritjov: Norske steinkors i tidlig middelalder. Universitetsforlaget 1973.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind 1, s. 262-269. Sandane 1978.
Gundersen, Olaf Sigurd: Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg mellomalder.
 
Litteratur:
Kellmer, Inger: Overgangen til kristendommen. I Soga om Gloppen og Breim. Bind 1. Sandane 1978.
 
 
Cupy URL to this article:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=517&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no
 
fornminne,steinkrossar (steinkors)fornminne, steinkross
 
Gloppen