Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Rett kropp og rette armar med runde armholer og hol er kjennemerke ved den norsk-keltiske steinkross-typen. Krossen skal ha brotna i to fyrst på 1800-talet og sett saman att i 1903 med solide jernbeslag.
© Denne steinen (cross slab) står ved Aberlemno kyrkje i Skottland. Den kristne krossen er dominerande og sirkelsymbola tydelege. I hjørnefelta øvst er individuelle dyresymbol, medan felta på kvar side av foten er samanvevde slangesymbol.
© Biletet er teke kring 1890. Mannen som støttar seg på den avbrotne steinkrossen er kyrkjetenaren, Bendikt O. Loen. Den samanskøytte krossen ragar vel 2 meter over bakken.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Steinkrossen i Loen står tett innom kyrkjegardsmuren ved den opne plassen framfor kyrkja.

Steinkrossen i Loen

Attmed kyrkja i Loen står ein vel to meter høg steinkross. Turistar og andre stoggar av og til, - tek han nærare i augesyn og les på ei informasjonstavle: - steinen er kring eitt tusen år gammal, han stod opphavleg i Korsvika nede ved sjøen, var samlingstad for dei fyste kristne, og vart flytta opp til kyrkja fyrst på 1700-talet.

Berre tre norsk-keltiske

Steinkrossen ved Lo-kyrkja er ein av kring 60 liknande kross i Norge frå tidleg mellomalder, dei aller fleste lokaliserte til Vestlandet. Krossen er 2,07 m høg og kring 12 cm tjukk. Armane er ikkje like lange, den eine ca. 54 cm, den andre ca. 62. Det sirkelrunde holet er ca. 10 cm i tverrmål. Kvar armhole er halvsirkelforma.

Biskop Fritjov Birkeli publiserte eit forskingsarbeid om desse steinkrossane i 1972. Han opererer med ei norsk-keltisk gruppe som er kjenneteikna ved rette armar og runde armholer, t.d. krossen i Loen, den eine av dei to krossane i Eivindvik og Grindheim-krossen i Etne.
 
Ei anna gruppe er den norsk-angliske som er kjenneteikna av runde former i kroppen og armane, som den andre krossen i Eivindvik er eit døme på. Mykje av steinkrossmaterialet fell ikkje eintydig inn i desse to gruppene. Steinkrossen på Rygg i Gloppen er til dømes spesiell på den måten at han både viser slektskap med den keltiske typen og den angliske.
 
Typenemningane indikerer at opphavet til steinkrossane på Vestlandet er å finna på dei britiske øyane. Kjerneområda for den keltiske typen er Irland og Skottland. Krossar førekjem frittståande, men for det meste utforma på steinflater (cross slabs).

Tradisjon og flytting

Kvifor vart steinkrossane reiste og kva funksjon hadde dei? Ei forklaring går ut på at dei vart sette opp for å markera kristne samlingsstader i misjonstida, perioden 975-1050, og at dei hadde ein mellombels funksjon i påvente av kyrkjer. Ordtaket "han går korkje til kross eller kyrkje", brukt langt opp mot vår tid, vert teke til inntekt for ei slik forklaring.
 
Etter tradisjonen stod Loen-krossen opphavleg i Korsvika nedmed sjøen til han vart flytta opp til kyrkja tidleg på 1700-talet. Det var då eksisplass på Loøyra og ein av offiserane skal ha flytta krossen opp på kyrkjegarden og sett han på grava til ein son som omkom i ei ulukke.
 
At krossen er skøytt med solide jernstykke har òg si tradisjons-forklaring. Fyrst på 1800-talet stod kyrkjetårnet noko på skakke, og for å retta det opp, heiste dei steinkrossen opp for å beinka det. Reparatørane var uheldige, toget slitna og krossen brotna i to. Eit bilete frå om lag 1890 viser ein mykje lågare kross enn no. Ved ei kyrkjegardsvøle i 1903 skøytte smeden Jens Helset dei to delane saman med solide jernbeslag.

På vers

Leif Arnold Loen har skrive om Loen-steinkrossen på vers. Diktet ber i seg ein del av tradisjonen rundt steinen og uttrykkjer ei levande kristentru hjå forfattaren. Fyrste og siste verset lyder slik:

Ein steinkross stend på kyrkjegard
med smeda jarn på sida;
han fyrste samlingsmerket var
åt kristne før i tida

med sine born dei kom til kross
og der i bøner knælte.
Før var det dei, no er det oss
som bøneordi mælte.

Kopi av Loen-krossen til Amerika

I 1954 tok den norsk-amerikanske presten Bent Hoffrenning til orde for å få laga ein kopi av steinkrossen ved Loen-kyrkja og senda til Amerika. To år seinare vart krossen reist ved Luther Seminary i St. Paul, Minnesota. Seinare er laga ein kopi av St. Paul-kopien; oppsett i Fargo, North Dakota.


Artikkelnummer:
SFFkl-101607
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2002.
 
Prenta kjelder:
Loen kyrkje 150 år. 1838-1988. Loen sokneråd, 1988.
Loen, A. O.: Fra Nordfjord. Bygdesagn, folketro, skrøner etc. 1893. Årbok for Nordfjord 1951.
Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder. Bind XVII, Oslo 1972.
 
Litteratur:
Bendixen, B. E.: Stenkors i Bergensamterne. Oldtiden II, Stavanger 1912.
Birkeli, F.: Norske steinkors i tidlig middelalder. Oslo 1972.
Christie, W. F. K.: Om stenkors. Urda II, Bergen 1842.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=5274&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no