Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Minnesteinen over Rasmus Sindre og kona Gyda står på austsida av Innvik kyrkje. Steinen var avduka søndag 7. februar 1909.
© Relieffet er laga av bilethoggaren Anders Svor. Svor var sju år yngre enn Sindre. Dei var gode kjenningar, og var tidvis i hovudstaden på same tida. Det finst fleire utkast i gipsavstøypingar. Fritjov Urdahl i Førde har eit av dei.
© Annonse i Fjordenes Blad, 22. juli 1897. Rasmus Sindre var redaktør i åra 1895-1901, og redaksjonen si postaddresse var Sindre pr. Faleide.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Gyda Sindre (1858-1946) og Rasmus Sindre (1859-1908).

Minnestein over Rasmus og Gyda Sindre

Tett attmed kyrkja i Innvik står ein minnestein over bonde og stortingsmann Rasmus Sindre og kona Gyda. Han døydde i 1908, ho i 1946. Sambygdingar reiste steinen kort tid etter at Sindre døydde.

Minnesteinen

Minnestøtta er laga av ein raudleg granitt. Ho står på ein todelt sokkel, ein vid fot nede og så ein noko smalare og høgare. Ansiktsrelieffet er laga av bilethoggaren Anders Svor. På steinen står:

RASMUS SINDRE 
 23.7.1859
3.4.1908
Sambygdinger sette steinen

Nede på steinen står:

GYDA SINDRE
16.3.1858
1.4.1946.

Sindre-steinen vart avduka søndag 7. februar 1909.

Rasmus Sindre

Rasmus Elias Paulson Sindre, fødd 23. juli 1859, var eldste son til Paul R. Sindre og den andre kona hans, Magnhild Rasmusdotter Ytre-Eide. Etter konfirmasjonen gjekk han vinteren 1876-1877 på amtsskulen i Gloppen der Elias Melvær var ein av lærarane. Han ynskte no å studera, fekk litt privatundervisning og reiste hausten 1880 til Kristiania og byrja på skulen Hauges Minde for å ta artium. Andre året måtte han slutta. Han fekk bod om at faren var død, og måtte reisa heim og overta garden.

Rasmus Sindre overtok i 1882, og dreiv etter kvart garden sin fram til eit mønsterbruk. I tillegg til gardsarbeidet fekk han mange andre gjeremål. Han var medlem av Innvik kommunestyre frå 1888, og ordførar frå 1895. I 1899 vart han valt inn som stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt for perioden 1900-1902. Elles hadde han ei rekkje tillitsverv, m.a. lagrettemann, utskiftingsmann, forstandarskapsmedlem i Nordfjords Sparebank og desisor i Fylkesbaatane.

Bladstyrar

Fjordabladet på Nordfjordeid tok til å koma ut i 1874 under namnet Fjordenes Blad. I 1895 tok Rasmus Sindre over som redaktør og styrde bladet til 1901 då han vart stortingsmann. I bladet sitt 50-års-jubileumsnummer, 1924, står m.a. om Sindre-perioden:

"Bladet hadde til underttittel "venstreblad for Nordre Bergenhus Amt", og skulle etter programmet vera talsmann for "lokale interesser, frisind, fremskridt, tolerance og national selvstendighed."

Smaatt um senn bar det framover. Tingarflokken var ikkje stor til å byrja med, men med den framifraa dugleik bladet vart styrt av Sindre, tok samhugen til aa syna seg alt fyrste aari. Bønderne i Nordfjord tok alt daa til aa sjaa framgangslinorne soleis, at skulde det norske folk naa fram til nationalt sjølvstende, maatte det bli ved samling um vinstre og vinstres program.
(..) bladstyrar Rasmus Sindre hadde mange kvasse innlegg i bladet um vinstre sine store merkesaker. Hans klaare syn, skarpe logikk og kvasse penn var overtydande, og det var ikkje aa undrast paa at denne klaarsynte bonden og bladmannen snart vart utpeika til bondehovding."

Døydde i sine beste år

Rasmus Sindre døydde berre vel 48 år gamal. Han hadde ei vond tid på slutten. Sonesonen Svein Sindre fortel:

Bestefar min (1858-1908) døydde av kreft. Ein stor svulst fylte mykje av mageområdet. Dokter Brodkorp på Faleide hadde fått lov til å obdusera han, og kunne berre slå fast det som alle pårørande visste: at han måtte ha hatt svære lidingar. Bestefar var såpass at han var saman med familien ved julemåltidet i 1907, men etterpå heldt han for det meste senga til han døydde 3. april. I eit brev han skreiv til Jacob Aaland i Bergen denne vinteren, nemnde han at han frykta det kunne vera kreft, og at ingen av dei medisinane dokter Brotkorp hadde gjeve han hadde hatt nokon verknad.

Gyda Sindre

Gyda Sindre, fødd 16. april 1859 i Breim, var gift med Rasmus Sindre. Dei hadde åtte born. Gyda Sindre var ein markert personlegdom. Ho måtte i lange periodar stå for gardsdrifta medan mannen hennar var oppteken med sine gjeremål. I 1901 fekk ho t.d. brev frå mannen, som då var i hovudstaden, med direktiv om tømmerskjering. Ho måtte be "Båtevigen" om å skjera det opplagde tømmeret ved saga, og om han ikkje kunne, måtte ho gå til Bottolf Flore. Og, skreiv Sindre i Oslo, "om han vægrer sig derfor, sig ham da blot at nu er bladet i god stand og skjæret rett og pent."

Fru Sindre var levande oppteken av samfunnsspørsmål. I 1905 var ho republikanar, og deltok med stor iver i ein kvinneaksjon for republikk. Ho kunne ikkje skjøna at ein trong å fara utanlands etter kongsemne så lenge me sjølv hadde ein framifrå presidentkandidat i Fritjof Nansen.

Namnet hennar på minnesteinen

Gyda Sindre sitt namn kom fyrst på steinen ein gong i 1980-åra. Etter at ho døydde i 1946 fekk ho namnet sitt på ein liten stein som vart lagd i framkant av minnestøtta. Den siste attlevande av borna deira, Oddvin Sindre (1895-1992), flytte til Innvik kring 1975. Han hevda at det alt frå først av hadde vore meininga at Gyda sitt namn skulle koma på steinen. Det var sett av plass, men i 1946 var det praktiske vanskar med å få det til. Oddvin Sindre sytte for at Gyda Sindre fekk namnet sitt på steinen saman med mannen.


Artikkelnummer:
SFFkl-101619
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2002
 
Prenta kjelder:
Fjordabladet. 09.02.1924.
Svarstad, Paul: Innvik. Eit prestegjeld gjennom 200 år. Ein sparebank gjennom 100 år.1981.
Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane.
Aaland, Jacob:Nordfjords Stortingsrepræsentasjon fra 1814 til nu. 1925.
 
Uprenta kjelder:
Informasjon frå Svein Sindre, Stryn.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=5286&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no