 | | © Sjøabruket. Huset vart ståande då skafonna gjekk i 1970, men lada vart føyst på fjorden. I dag er det bygt opp eit mindre uthus der lada stod. På biletet ser vi ein rund silo framfor uthuset. Han overlevde fonna.
| |
 | | © Den nye vegen opp i tunet går gjennom utmarka innafor Osmundnes. I snørike vintrar vert gjelet i Storesvora fylt opp, og då kan fonna skjere seg over den nye gardsvegen. | |
 | | © Ei svært gammal, øksa bordplate. Det vert spekulert i om ho kan ha vorte laga allereie på 1100-talet.
| |
 | | © Stallen i Instetunet var til nedfalls. Han vart bygd opp att i samband med eit laftekurs. Til høgre ser vi ein av dei karakteristiske murane som er bygde framfor gavlveggene som vender mot fjellet. Vi kan òg sjå at det er ein slik mur ovafor stallen.
| |
|
|
 | | © Osmundnesbruka, slik ein møter dei når ein kjem sigande med båt inn Hyefjorden og passerer garden Kleppenes.
|
Gardstunet på Osmundneset i Hyefjorden
Garden Osmundnes ligg midt inne i Hyefjorden, på austsida, eit stykke innafor garden Kleppenes. Tunet er føreslege freda.
Namnet
I skriftlege kjelder finst namnet skrive på ulike måtar. Austmarssnesi og Austmannanesi (mellomalderen), Ossmundenes (1563) og Asmundnes (1608). Ei namneforklaring har samanheng med at garden frå først av var den einaste på austsida av fjorden og at mannen som budde der vart nemnd som austmannen.
Fonnfare
Garden ligg farleg til for snøskred. I 1717 tok eit skred tre fjøs og eit eldhus og drap to kyr og tolv sauer. Ei tid var det eit ytste og eit inste tun på garden, men etter at fonna tok husa til Ytstemannen og førde dei på fjorden i 1750, vart alle husa samla i det same tunet. Snøskred gjorde skade att både i 1758 og i 1785.
Husa vart bygde med gavlane mot fjellet til vern mot fonnene, og dei fleste husa har vernemur på oppsida. Når fonnvinden kom, kunne han rive av torvtaka, trass muren. Men etter at ein tok til å lage eit stort firkanta hol i murane, kom dette seg.
Utskifting, flytting og fråflytting
I samband med utskiftinga i 1922 flytte eigaren av bruk nr. 2 ned til sjøen og sette seg opp nye hus der. Etter ein 50-års-periode vart livet snudd opp ned for menneska på dette bruket. Det hadde snøa i fleire dagar, og fonnfaren var stor den 18. februar i 1970. Brått sto snøføyken utanfor vindauga. Då govet la seg, såg dei som var heime at lada var vekke. Nokre dyr var skadde eller drepne. Resten vart sende på slaktehuset same kvelden. Sidan løa stod berre 30 meter frå bustadhuset, vart det klart at heller ikkje huset stod trygt, og bruket vart fråflytt. Heldigvis gjekk det heller ikkje denne gongen menneskeliv.
Ytstebruket avvikla
Bruket nede ved sjøen vart altså fråflytt i 1970. Men oppe i tunet vart det buande nokre få eldre menneske ei stund til. I det inste tunet døydde den siste i 1977, og berre ei eldre kvinne levde att i det ytste tunet. Etter få år flytte ho til Sandane, og heile Osmundnesgarden var folketom.
Ytstebruket vart etterkvart selt til nabogarden Kleppenes. Husa på bruket vart overtekne av ein fjern slektning til dei tidlegare brukarane.
Nytt liv i Instebruket
På det inste bruket har det kome nytt liv. Bruket er overteke av nære slektningar etter siste brukaren, og sidan midt på 1990-talet har det budd to menneske fast her. Ein viktig føresetnad for å kunne bu på bruket er den nye gardsvegen som er bygd gjennom utmarka og opp i tunet. Gardsbruket vert ikkje drive, men det er framleis lys i husa i mørke vinterkveldar.
Også på Sjøabruket vert husa haldne vedlike, og ein del av bøane slegne. Men ingen får lov til å bu der i vinterhalvåret.
Levande historie
Livet stoppa på ein måte opp på Osmundnes på 1960- og 1970-talet, då utviklinga skaut fart elles i samfunnet vårt. Ein rusletur i Osmundnestunet vil difor vere ei lita reise inn i farne tider, då folket på gardane langs fjordane måtte ta til takke med det naturen baud dei.
|
|
Artikkelnummer:
|
|
SFFkl-102110
|
| |
|
Forfattar og datering:
|
|
Arne Eikenes, 2001.
|
| |
|
Prenta kjelder:
|
Osmundnes, Randi: Osmundnes - heimstaden min.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band IV.
|
| |
|
Uprenta kjelder:
|
Munnleg informasjon frå:
Anders Osmundnes, Gloppen.
Tone Morken, Gloppen.
|
| |
| |
|
Kopier lenkje til denne artikkelen:
|
|
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=530&spraak_id=1&ptype=single
|
|
Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no |
|