Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Her på Kirkøy stod Husøy kapell frå 1717 til 1897, med tilhøyrande gravplass.
© Dristig kyrkjekunst frå Husøy kapell.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Slik såg gamlekyrkja på Husøy ut. Ho vart rivi etter at det vart bygd ny kyrkje i Straumen i 1896.

Kyrkjestaden Husøy

Husøy kapell vart truleg bygt hausten 1717 eller våren 1718. Samstundes vart kapellet på Utvær rive. Husøy kapellsokn var ein del av det store Eivindvik prestegjeld. 1. januar 1888 vart Solund prestegjeld oppretta, og kapellet fekk status som soknekyrkje. Kyrkja var for lita, og då det skulle byggjast ny, vart denne bygd i Straumen. Kyrkja på Husøy vart rivi i 1897 og seinare sett opp att som bedehuskapell i Lindås.

Kvitmåla med lågt tårn

I 1718 vart Husøy ny kyrkjestad for kapellet frå Utvær. Husøy er ei lita øy litt vest for Ytre Sula. Her stod ei lita og kvitmåla kyrkje med eit lågt tårn over vestgavlen. Sjølve skipet var om lag 7,5 m langt og 6,3 m breitt og hadde plass til 120 menneske. Storleiken stemmer nokolunde med måla på Utvær kapell, og det kan vere rett at tømmerkyrkja vart flytta til den nye kyrkjestaden, og ikkje bygd ny. Både tårnet og våpenhuset var tjørebreidde. På sørsida var der to firkanta vindauge i skipet og eitt i koret, medan kapellet på nordsida hadde eitt vindauge i skipet, og eitt vindauge og ei dør i korveggen. Eit sakristi var bygt til koret, på sørsida, og dessutan var der eit lite galleri i vestenden.

Frådømd eigedomsretten

Under ei synfaring i 1755 kunne futen Annanias Christopher Harberg, som då eigde kyrkja, saman med den utsende lagretten på i alt sju menn, ved sjølvsyn konstatere at kapellet alt då var rotna nedanfrå. Endå verre stod det til med gravplassen. Der var det ikkje att jord til å dekkje kistene med. Det var høgst aktuelt å flytte kyrkja, men ingen tok ansvaret. Fyrst i 1787, etter at den dåverande kyrkjeeigaren var frådømd eigedomsretten, vart det sett i gang arbeid med å reparere det falleferdige kapellet. Kapellanen Jacob Barkmann Dresing gjekk i brodden for bergingsarbeidet, og kapellet var i bruk i hundre år til.

Soknekyrkja flytta

I mellomtida hadde soknet vakse til om lag 500 menneske. Husøy vart eige sokn i 1888 og det var på høg tid med ei ny kyrkje. Etter kvart budde det fleire menneske innanfor Straumfjorden enn ute på dei minste øyane. Kyrkja var blitt altfor lita og trong ei skikkeleg vøle. Eit anna argument for flytting var å finne ein mindre vêrhard stad. Dessutan var det naudsynt med ein betre kyrkjegard. Øybuarane stod hardt på sitt, og ville ha kyrkja oppattbygd der ho hadde stått. Mot dei stod både sokneprest Kvaale og Kyrkjedepartementet. Det enda med flytting, men òg med kløyving i kyrkjelyden. Øybuarane deltok verken med pliktarbeid eller pengar då byggjearbeidet starta i Straumen våren 1896.

Rive og sett opp att i Lindås

Samstundes som den nye kyrkja stod ferdig sende øybuarane ein søknad til Kyrkjedepartementet om å få halde på Husøy kapell med inventar, og at dei måtte tildelast nokre årlege gudstenester. Dersom dei fekk avslag, varsla dei utmelding frå statskyrkja. Saka var oppe både i soknestyret og kommunestyret. Ordførar Johs. K. Lågøy kalla heile saka ein gordisk knute som best kunne løysast om kapellet vart rive og selt til inntekt for heile soknet. Og slik vart det.

Kapellet vart selt i 1897 og gjenreist fire år seinare som kombinert bedehus og kapell på Leirvåg i Lindås kommune i Hordaland. Huset er der påbygt og endra, men har framleis ein sal som i hovudsak er bygt opp av materialar frå den gamle kyrkja. Huset løyner truleg også tømmer frå det som eingong var Utvær kapell. Og slik enda historia om kyrkjene på Utvær og Husøy. Nokre få menneske gjorde alvor av trugsmålet om å melde seg ut av statskyrkja. Dei må ha kjent på stor harme og sorg over tapet av kyrkjehuset sitt.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1600-talet er utskoren i furu, og har eit høgt relieff. Tidlegare var tavla tilskriven Eivindvik kyrkje, men skal no vere godtgjort å vere frå Solund, og må i så fall fyrst ha vore i Utvær kapell og deretter i Husøy kapell, fram til ny altertavle kom i 1724. Ein har meint at dei tre personane på biletet skulle vere Jakob, Esau og Isak, far deira, men det må truleg vere Job, saman med to av dei tre venene hans. Då ulukka råka Job, og han tapte alt, tok han eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen. (Job 2,8).

Kyrkjeklokka frå 1641 er av bronse med innskrifta "Sidevs Valqvor Brodersen til komer denne klocke: Pronobis qvis contra nos anno 1641". Klokka var fyrst i kyrkja på Utvær og så i kyrkja på Husøy, men kom ikkje til nyekyrkja i Straumen.
To utskorne figurar, truleg frå perioden 1772-1790. Figurane kan vere frå kyrkja, men var i om lag 100 år i privat eige og veggpryd i eit hus. Til kyrkjekunst å vere er det for oss oppsiktsvekkjande og dristig. Den eine figuren viser ei kvinne som held opp sine eigne bryst. I visse tider har ein framstilt kyrkja som ei mor, som gir bryst til sine nyfødde og hjelpelause born.

Det omtalte inventaret er no i De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum i Sogndal.


Artikkelnummer:
SFFkl-101526
 
Forfattar og datering:
Margrethe Henden Aaraas, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2003.
 
Prenta kjelder:
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Kyrkjestaden på Utvær
Husøy kyrkje
Gulen kyrkje
Hersvik kyrkje
Solund kyrkje
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=7&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no