Back to database list Nytt søk Skriv ut Go to help Gå til den norske versjonen!
 
 Record 1 of 1
Back to the list
 
© Olav Saltskår med aggregatet som spionane nytta til å drive radiosendaren oppe i ura over Staveneset.
© Minneplate over to norske flygarar som omkom i eit Mosquito-fly som vart skote ned over Staveneset i juni 1943.
© Det gamle skulehuset i Holevika vert no nytta som museum med andre verdskrigen som hovudtema.

Spennande historie i nedlagt skulestove

Det nedlagde skulehuset i Holevik ved Staveneset har vorte innreidd til museum med hovudsakleg andre verdskrigen som tema.

Eit område fullt av krigsminne

På Staveneset bur i 2001 Olav Saltskår, son til Chester og Petrine Saltskår som under andre verdskrigen husa spionar her, og som i 1942 rømde over til Skottland med flybåt. Saltskår har samla mykje historisk materiale, særleg frå andre verdskrigen. På veg frå Staveneset til Holevika er minneplater sett opp til minne om engelske og norske flygarar som omkom i 1943.

Verdskrig og kystkultur

Ved vegs ende i Holevika står den gamle skulen som vart nedlagt i 1956 då krinsen vart slått saman med Stubseid krins. I 2000 står alle pultane framleis og minner om ei tid då det budde mykje meir folk her, og Saltskår er omvisar i ei samling som ikkje berre inneheld krigsminne, men som også gjev eit innblikk i ein kystkultur som held på å døy ut. Skulen er eigd av Kystmuseet i Florø.
Her står gjenstandar som gamle oppfyringsmaskiner, deler frå havarerte fly inkludert ei vengje, aggregatet til radiosendaren som agentane på Staveneset brukte, samt gamle radioar og eit hakekorsflagg. Veggene er dekorerte med sjøkart og plansjar med avisutklipp og anna stoff som fortel om hendingane her ute under krigen.


Artikkelnummer:
SFFkl-101112
 
Forfattar og datering:
Gaute Losnegård, 2001.
 
Litteratur:
Bakke, Else: Stavenes høsten 1942. I: Sogehefte for Askvoll nr. 11. Askvoll 1998.
Haga, Arnfinn: Kystens partisaner. Oslo 1980. Losnegård, Gaute: Spennande historie på Staveneset. I: Sogehefte for Askvoll nr. 13. Askvoll 2000.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
. Lutentun, John: Overfarten til Shetland med m/b Solrenning hausten 1941. I: Sogehefte for Askvoll nr. 11. Askvoll 1998.
Saltskår, Olav Johan: Stavenes i Sunnfjord: For Secret Intelligence Service. I: Sogehefte for Askvoll nr. 10. Askvoll 1997.
 
 
Cupy URL to this article:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=981&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no