Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Krosskyrkja i Olden er den mest typiske krosskyrkja i fylket, og den eine av to kyrkjer frå 1700-talet.
© Altertavla er frå 1772. Ho har ei storfelt ramme med doble søyler og er ein kombinasjon av måleri på lerret og treskulpturar.
© Interiørbilete frå skipet sett mot koret. Dei særmerkte kyrkjestolane på begge sider av midtgangen. Korskiljet med salmenummertavle. Over koropninga heng eit teppe med innskrifta "Gud signe fedrelandet". Koret med alteret og altertavla. Til høgre for koropninga er preikestolen frå 1772.
© Kyrkjebenkene i ein av krossarmane. Dei innebygde faste benkene stammar truleg frå stavkyrkja som stod fram til 1746. Dei har rike utskjeringar, og nokre har namn, initialar og årstal. På kyrkjestolane er det festa hatteknaggar av avborka ungbjørketoppar. Vi ser også litt av tauet til kyrkjeklokkene.
© Våpenskjoldet frå 1760 er måla treskurd, 63 x 46 cm. Det heng over hovudinngangen. Dei stiliserte bokstavane P. P. T. og E. C. T. er initialane til kyrkjeeigar Peder P. Tonning og kona, Else Cathrine Tonning. Den latinske teksten er frå Romarbrevet 8,31: "Når Gud er med, kven kan då vera mot."
© I juli månad 1999 heldt Oline Ragnhild Løvlid (t.v.) og Pauline Heggen ein stemningsfull konsert i Olden gamle kyrkje.
©

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Det vesle tårnet står midt over krossfirkanten. Det er bygt lågt for at den sterk vinden i Olden ikkje skal få tak. Seinare påbygningar er forklaringa på at dørene som går inn i kyrkja frå våpenhuset og sakristiet er så låge. Begge desse dørene var opphavleg ytterdører.

Olden gamle kyrkje

Olden gamle kyrkje er ei krosskyrkje i tre på staden Sjøatunet i bygda Olden i Stryn kommune. Kyrkja, som har 250 sitjepalssar vart bygd i 1759. Byggmeister var Jon Langeland. Olden gamle kyrkje var soknekyrkje for Olden sokn i Innvik prestegjeld fram til den nye kyrkja i Olden vart vigsla i desember 1934.

1700-talskyrkje

Olden gamle kyrkje er den einaste krosskyrkja i Nordfjord. Årsaka til at ho vart bygd i krossform, var at ho skulle tole kraftig vind. Den førre kyrkja bles ned i ein vinterstorm, og hendinga sette ein kraftig støkk i bygdefolket. Noko slikt ville dei ikkje oppleve ein gong til. Kyrkja har tolt vinterstormane i snart 250 år, og har vorte reparert dei gongene uvêret har gjort skade. Lite er endra innvendig.

Olden gamle kyrkje den eine av to 1700-talskyrkja som står att i fylket. 1700-talet var eit hundreår med svært lite kyrkjebygging, og Olden gamle kyrkje er såleis ein sjeldan skatt.

Kyrkjestolane

Dei eldste minna i kyrkja er nokre av dørene i dei innebygde faste benkene i kyrkjerommet. Dei er frå stavkyrkja som stod i Olden fram til 1746. Kyrkjestolane har dører med rike utskjeringar. Somme av dei har namn, initialar og årstal. Kyrkjestolane har vore fordelte på dei ulike slektene. Alle hadde faste plassar, med dei beste plassane til embets- og handelsstanden. Særleg interessant er det at to stolrekkjer nærast inngangsdøra mot nord vert kalla Fonten. Her stod døypefonten tidlegare, og dåpen vart utført der som symbol på at dåpen er inngangen i kyrkjelyden. Font har sitt opphav i det latinske ordet fons som tyder kjelde. Sitjeplassane var for dåpsfølgjet og fadrar. Då døypefonten vart flytta fram i koret, vart desse stolane fordelte på ulike slekter.

Hatteknaggane, kreksene, som er sette opp over endestykkja på fleire av stolane på mannfolksida er frå då kyrkja var ny. Knaggane vart laga av avborka ungbjørketoppar med fleire greiner, avskorne i høvelege lengder.

Krosskyrkje

Olden gamle kyrkje er bygd med eit grunnplan sett saman av fem kvadrat som til saman har form av ein gresk kross. Kordelen ligg i den austre krossarmen, utanpå den ligg sakristiet og i vest ligg våpenhuset. Desse to nyaste delane er heller små og smale tilbygg, og mykje av materialane skal ha vorte teke frå den tidlegare kyrkja i Olden. Kvadrata ut til kvar side frå skipet måler om lag 6 m x 6 m, og medrekna midtdelen av skipet er kyrkjerommet frå nord- til sørveggen i krossarmane på vel 18 m. Sjølve skipet er vel 12 m langt.

Det vesle tårnet står midt over krossfirkanten, og er bygt lågt på grunn av dei harde vêrforholda. Seinare påbygningar er forklaringa på at dørene som går inn i kyrkja frå våpenhuset og sakristiet er så låge. Begge desse dørene var opphavleg ytterdører. Innvendig er stolane bygde slik at golvet opp til koret har form som Jesu kross, den latinske krossen. I samband med gravferd skulle kista plasserast der Jesus hang på krossen. På same staden heng tauverket til kyrkjeklokkene, og her står kyrkjetenaren og styrer klokkeklangen.

Bibel frå 1550 og skriftestol

Korskiljet går tvers over heile koropninga, men er ope opp mot himlingen. Delar av skiljet er laga i traleverk, men nedste delen er laga som ein heil vegg. Inne i koret er der innebygde stolar for klokkaren. Her finst også dei to delane i inventaret som er måla; både døypefonten og den runde preikestolen på åttekanta fot, truleg frå 1772, er kvitmåla.

Det mest verdfulle inventaret i kyrkja er vel den gamle Bibelen som vart utgjeven så tidleg som i 1550 av kong Christian III. Fram til kring 1970 låg dette klenodiet framme på alteret, men er no trygt plassert i ein safe. Turistar og andre interesserte får gjerne sjå dette flotte eksemplaret frå den fyrste sendinga av biblar som kom hit til landet. Eit meir folkeleg minne er skriftestolen i sakristiet. Truleg er dette ein leivning frå dei eldre kyrkjene som har følgt over i krosskyrkja. I golvet attmed krakken er det slite djupe spor etter skosolar og hæljarn.

Gjennom åra har det skjedd nokre endringar med den gamle kyrkja. Alterringen var frå fyrst av mindre enn no, og femkanta. I dag er han avrunda i forma. På dei eldste fotografia som finst ser ein at tårnet er noko forandra. Det var tidlegare ikkje så breitt som i dag. Vindauga er små, men var frå fyrst av berre halvparten så store som no. Kvelvingane i taket er opphavlege, og umåla som resten av kyrkja.

Utgravingar

I 1969 vart det utført ei større restaurering av sjølve kyrkjebygningen og det vart føreteke utgravingar under golvet. Alt inventaret vart mellombels sett på lager. Då fann folka frå Riksantikvaren restar av tidlegare kyrkjer, eit golv under det øvste golvet, med mykje grovare dimensjonar. Desse leivningane frå stavkyrkja vart tekne opp og lagra. Det vart funne mange interessante ting, m.a. eit pilegrimsmerke frå høgmellomalderen og ei mengd myntar. Det vart vidare avdekka fleire graver ifrå 1600-talet, og det vart teke opp om lag 150 øskjer med aborterte foster. Restane frå gravene vart samla i jorda før det nye golvet i kyrkja vart lagt på. Abortøskjene vart samla for seg og ligg i dag oppe på kvelvingen over kyrkjerommet.

I utgravingane kom det også for dagen mange glasbitar frå det som kan ha vore farga og måla glasruter i stavkyrkja. Etter utgravingsarbeidet, vart sjølve kyrkjebygget løfta opp i alle krossarmane. Under kyrkja vart det lagt gråsteinsmur, og det vart støypt fundament under alle innvendige hjørne. Utvendig har taket vore reparert fleire gonger, sist etter orkanen i 1992.

Kulturskatt

I dag er den gamle kyrkja i Olden heller sjeldan i bruk. Det vert halde gudstenester 17. mai og olsokdag, og sommarstid vert det ein sjeldan gong skipa til engelske gudstenester. Elles står kyrkja open i turistsesongen. Kyrkjelege handlingar som dåp, vigsle og gravferder vert forretta i særskilde høve. Bygdefolket set pris på den gamle krosskyrkja si, noko som tydeleg kom fram då det på 1920- og 1930-talet vart diskutert om kyrkja skulle moderniserast, eller om det skulle byggjast ny. Mange var imot at det skulle gjerast endringar, dei var redde for å skamfere kyrkja, og det enda med at gamle-kyrkja fekk stå i fred i Sjøatunet.

Altertavla

Altertavla frå 1772 er truleg laga av Jan Vallentin Wedel, etter inspirasjon frå Andrea Pozzo og med bruk av stilelementet sitjande søyle. Tavla har ei storfelt ramme med doble søyler og er ein kombinasjon av måleri på lerret og treskulpturar. Kunstnaren er truleg ansvarleg for heile arbeidet. Kyrkjeeigaren, Peder Pedersen Tonning, har fått initialane sine på tavla og mange andre stader i kyrkjerommet. Nedst på tavla står innskrifta, eit sitat frå 1. Kor. 10,16: "1 C 10,26 Welsignelsens Kalk, som vi velsigne, er den ikke Christi Blods Samfund? Det Brød som vi brÿde, er det ikke Christi Legemes Samfund?"

Innskrifta understrekar med dette alteret som nattverdbord, og at nattverden er eit fellesskapsmåltid. Det same gjer det måla biletet i hovudfeltet som syner Jesu innstifting av nattverden. I same høgde og framfor dei doble søylene står to måla treskulpturar. På venstre sida står Moses med stav, som peikar på lovtavlene, og på høgre sida står Johannes Døyparen med krosstav og eit lam. Det siste er ei tilvising til orda hans då han peika på Jesus og sa "Sjå, der er Guds lam som ber all verdsens synd". (Joh. 1,29). Den øvste delen viser Jesu krossfesting og dei to røvarane på kvar side som måla treskulpturar. Bakgrunnen er eit måla landskap.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i messing frå 1600-talet. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå mellomalderen, begge i sølv og forgylte; ei brødøskje, ei vinmugge og eit krus med kross.

Dåpsfatet frå 1700-talet er i tinn, dåpsmugga og kruset med kross er udaterte. Over koropninga heng eit teppe med innskrifta "Gud signe fedrelandet". Her er i alt sju måleri frå 1600- og 1700-talet. Dei to eldste er eit måleri som viser Christian IVs si openberring på Rosenborg slott og eit som framstiller "Kvinna som vart gripen i hor" (Joh. 8). To måleri frå 1688 har ein ung og gammal mann som motiv. Måleriet frå 1711 er eit barneportrett, motivet er truleg Rasmus P. Tonning. To portrettmåleri frå kring 1750 framstiller Peder P. Tonning, kyrkjeeigar frå 1724, og kona, Else Cathrine Lund Tonning. Eit portrettmåleri frå 1788 framstiller Ole P. Tonning og eit frå 1798 Peder P. Tonning d.y.

Silketeppet og statuen av Jomfru Maria med Jesusbarnet, er begge frå 1950-åra og gåver frå fru Singer. Det fargelagde fotografiet frå 1910 av Olde-bønder er laga og gitt av fotograf R. A. Liset, USA. Orgelet er eit harmonium. Her er to kyrkjeklokker. Den eine vert kalla Brusten, og er laga i 1722 av M. Thomas Lydersen, Bergen. Den andre er laga i 1663 av Hans Meyer, København.


Artikkelnummer:
SFFkl-102349
 
Forfattar og datering:
Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen, 2000.
Redigert av: Anders Gjerde, 2003.
 
Prenta kjelder:
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Olden kyrkje
Utvik kyrkje
Innvik kyrkje
Ljosheim kapell
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=124&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no