Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Anna (f. 1917) og Ragnvald Lunde (f. 1914) var A-klasse-dansarar med springar i Hornindalstradisjon og har fått mange gode plasseringar. Ragnvald har òg vore ein flittig kappleiksspelemann, og er A-klassing både på hardingfele og vanleg fele. Anna var aktiv med å føre den folkelege songtradisjonen vidare.
© Lars Brendefur (1782-1879) tok med seg fela i felten då han vart utkommandert til Napoleonskrigane 1807-1814. Han tente pengar på spelinga og hadde med seg 400 speciedaler og tre feler heim frå krigen.
© Leif Thomasgaard (1896-1979). Han levde mesteparten av livet i Bergen, der han spelte i divisjonsmusikken. Han gjorde eit stort arbeid med å skrive ned slåttar, både etter eldre spelemenn og slåttar som han hadde komponert sjølv.
© Magne Maurset (1825-1915) lærte først å spele av mor si, Margrete Maurset. Seinare vart Lars Kroken og omstreifaren "Blinde-Rasmus" sentrale læremeistrar. Jens Maurset frå nabogarden på Maurset lærte mykje av Magne Maurset sitt spel.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Honndalstausene. Framme frå venstre: Bente Tomasgård, Torunn Raftevold, Marianne Tomasgård. Bak frå venstre: Synnøve Hjellbakk Hole, Gunn Sølvi Gausemel, Gunnhild Sindre, Tone Lien.

Folkemusikk i Hornindal

Hornindal er ei bygd der folkemusikken og dansen har vore halde i levande tradisjon fram til vår tid. Bygda merkjer seg og ut ved at det i speletradisjonen og har vore mange kvinner som har spela fele.

Kvinnelege spelemenn i Hornindal

Frå slutten av 1700-talet har det vore mange kvinnelege felespelarar i Nordfjord, spesielt i Hornindal og Stryn. Dei har dyrka folkemusikken og spelte fele både i bryllaup og i andre lag. Av femten kvinnlege spelemenn ein kjenner til frå Nordfjord-Sunnmøre-distriktet i ein hundreårsperiode på 1700- og 1800-talet, er heile sju av desse frå Hornindal (jfr. S. H. Geitvik, 1952).
Ei av dei første kvinnene ein kjenner til var Brit Aurstad, f. Ottredal i Hornindal i 1775, busett i Austefjorden på Sunnmøre. På omtrent same tida var det fleire kvinner som spelte, m.a. Suffi (Sofie) Solheim. Ho var mor til Margrete Maurset (1789-1888) og bestemor til Magne Maurset. Marte Bjørdal (Bø-Mari f. Støverstein), (1797-1885) var svigerinne med Margrete Maurset, og desse to skal ha spela mykje i lag. Også Lise Maurset, g. Dybevoll (Jyvall) (1791-1873), frå nabogarden på Maurset, spelte fele.

Samuline Seljeset (1804-1874) frå Hornindal var den mest kjende av dei kvinnelege felespelarane. Ho hadde lært av Blinde-Rasmus og Loms-Jakob. "Samelina-springaren" er ein kjend slått som har fått namn etter henne. Det knyter seg ei spesiell historie til henne om første gongen Loms-Jakob møtte henne. Historia fortel at ho imponerte Loms-Jakob med spelet sitt slik at "han gav henne storeplagget". Ei anna kvinne, Lukris Vik, var òg felespelar, og ho hadde opplevd Blinde-Rasmus som småjente, kring 1850.

I samband med kvinnelege spelemenn må ein sjølvsagt nemne Honndalstausene, sju jenter frå Hornindal som på 1980-talet vakte stor merksemd då dei danna sitt eige spelemannslag med berre jenter. Laget har delteke på mange kappleikar og festivalar opp gjennom åra, og dei kom med si første plate, "Honndalstausene" i 1988. Seinare har det blitt to cd-utgjevingar til med slåttemusikk og runddansmusikk både frå Hornindal og elles i Nordfjord.
Den siste tida har endå fleire jenter frå Hornindal gjort seg bemerka med folkemusikken. Unni Løvlid (song/hardingfele), Liv Merete Kroken og Britt Pernille Frøholm (hardingfele) er aktive som formidlarar av tradisjonsmusikken, samstundes som at dei har gjeve musikken eit nytt og modernisert uttrykk tilnærma vår tid.

Nokre av dei eldste kjeldene

Hornindal har òg andre tradisjonsberarar, og vi tek med ein omtale om nokre av dei.
Lars Brendefur (1782-1879) har truleg stått sentralt som utøvar og formidlar av gammalt slåttetilfang, særleg til dei viktigaste utøvarane i den neste generasjonen, Kroka-Lars og Magne Maurset. Brendefur var mykje nytta som spelemann i Hornindal og bygdene omkring. Truleg var han den første som kom med valsespel til Hornindal. Lars vart kommandert til krigsteneste under Sju-års-krigen (kring 1808), og då tok han fela med seg. Her fekk han spele for prins Christian August av Augustenborg. Ein gong spelte han ein vals som prinsen likte veldig godt, og denne valsen er seinare blitt kalla Prinsevalsen eller Augenstenborgaren i Hornindal.

Lars Knutsen Kroken (Kroka-Lars) (1807-1889)

Kroka-Lars var kanskje den første storspelemannen i Hornindal. Han lærte mykje spel etter Lars Brendefur, og elles hadde han òg mykje frå omstreifaren Blinde-Rasmus. Det seiest at Kroka-Lars kunne "forhekse" andre sine feler, og at han kunne spele slik at folk "måtte danse". Kroka-Lars var mykje på farten med fela, slik både Lars Brendefur og Blinde-Rasmus var. I tillegg til heimbygda Hornindal var han mykje på Sunnmøre. Den posisjonen som han opparbeidde seg som spelemann gjer at namnet hans framleis er knytt til mange slåttar, særleg i Hornindal.

Lars Hjellbakk (1889-1976)

Lars Hjellbakk var gardbrukar, felemakar, treskjerar, spelemann og slåttediktar frå Hornindal. Han har vore den sentrale tradisjonsberaren av folkemusikk i Hornindal den seinare tida. For meir informasjon om Lars Hjellbakk, sjå eigen artikkel om han.

Leif Thomasgaard

Leif Thomasgaard (1896-1979) var fødd i Hornindal, men levde mesteparten av livet sitt i Bergen, der han spela i divisjonsmusikken. Men han var aktiv med fela også, og i Bergen spelte han mykje saman med Jon Rosenlid. Dei gjorde m.a. mange innspelingar på plate.
Leif laga mange slåttar sjølv, både springarar og gammaldans, og desse skreiv han ned på notar. Han gjorde òg eit stort arbeid med å skrive ned slåttar slik dei vart spela av mange spelemenn. Leif var ein habil spelemann som meistra dei vanskelegaste slåttane med posisjonsspel og dobbeltgrep. Han fekk god tone ut av fela, og spelet var klårt og reint.

Ragnvald Lunde

Ragnvald Lunde (f. 1914) er arvtakar av det gamle honndalsspelet og eit viktig bindeledd til den yngre generasjonen. Han har m.a. vore lærar for fleire av medlemene i Honndalstausene. Ragnvald lærte først å spele av far sin, Matias, seinare av Lars Hjellbakk, og spelestilen har han utvikla i nær kontakt med honndalstradisjonen. Gjennom ei lang årrekkje har Ragnvald delteke aktivt på kappleikar. I spel har han brukt begge feletypane, både vanleg fele og hardingfele. I dans har han fått gode plasseringar i nordfjordspringar saman med kona Anna. I 1979 vart Ragnvald Lunde heidersmedlem både i Landslaget for spelemenn og Hornindal spelemannslag. I 1980 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid for folkemusikken. I 1986 fekk han Hornindal kommune sin kulturpris, og i 1994 fekk han saman med Anna Lunde Folkemusikkprisen frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag.


Artikkelnummer:
SFFkl-100958
 
Forfattar og datering:
Liv Fridtun, 2002.
 
Prenta kjelder:
Sæta, Olav: Slåtter for vanlig fele. Bd. 3: Nordfjord. Oslo 1995.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982.
Geitvik, S. H.: Spelemenn Volda 1952.
Informasjonsskriv til plata Honndalstausene. Heilo. Oslo 1988.
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Lars Hjellbakk - spelemann og slåttediktar
Spelemenn i Cyberspace: Honndalstausene
Musikkbasen til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=668&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no