Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
90test 200
Foto

 ForrigeSide 2 av 5
Fann 90, viser 19 - 36
Gå til liste
Neste 

Olav Øren og Margit Nese Finden. Dei har her bytt klede med kvarandre. Olav har fått på seg kåpa hennar og har lånt handveska. Margit har dressen og hatten hans. Margit er gift med Erling Finden og bur på Hemnes i Høland.

Sjå datapost | Stort bilde


Gunnhild Nummedal med ein mjølkekagge på ryggen. Ho skulle her av å mjølka kyrne på Hatlevikkvina på Indretåa og måtte då ro over fjorden. Etter dei slutta stølsdrifta i Dunevollen i 1939, var kyrne på den andre sida av Finnafjorden om sommaren frå 20.mai til 1.sept. Kyrne symde over fjorden.

Sjå datapost | Stort bilde


Brita Finden og Artur Egeland sitt bryllaup. Brita er dotter til Ingvald og Anna Røyrvik. Dei flytte frå Finden til Vik i 1964, men var ute og feira bryllaup i Ingvaldgarden etter dei var vigde på Nese. Bak brudeparet ser me Laurits Hustavenes. Husa med torvtak er sjøbu og naust til Øyragarden.

Sjå datapost | Stort bilde


Folk og hus i Øyragarden. Det er frå venstre Gunnhild Øren, Ola Øren med ei ølkjenge, Marta Øren, Birger Frivik og Øyvind Øren. Bak ser me fjøsbygningen med ein sau attmed og mellom fjøsen og våningshus står ei kjerre.

Sjå datapost | Stort bilde


Olav Øren og systera Fredrikka Øren Finden. Fredrikka var gift med Per Finden. Dei hadde ni born og budde ei tid i Ingvaldgarden i Finden. I 1917 flytte dei til Austlandet og kjøpte garden Bunæs på Hemnes i Høland. Olav Øren hadde Øyragarden i Finden. Syskena kom frå Høyanger.

Sjå datapost | Stort bilde


Ragnvald Finden kjem heim frå Amerika. Broren Thomas med familie tek imot han på kaien i Oslo. Ragnvald var to gonger i Amerika. Fyrst i 20 år, sidan i 4 år til. Så overtok han garden på Bunæs i Høland. Ragnvald og Thomas var to av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden.

Sjå datapost | Stort bilde


Siste båten til Olav Øren i Finden. Båten var bygd av Ola Bolstad i Lånefjorden. I 1945-46 selde han båten til Birger Frivik i Høyanger. Olav Øren står bak i båten og Gabriel Bunæs framme. Dei andre på biletet er 'Store-Jo' Finden, Marta Øren, 'Jo-Brita' Finden, Maria og Fredrikka Finden. Pers.kart.

Sjå datapost | Stort bilde


Olav Øren med høybørar i robåten. Han har vore og henta turrhøy på Indretåa. Bak ser me Botolvgarden med mange hesjar på bøen, og husa på Ingvaldgarden til høgre.

Sjå datapost | Stort bilde


Søndagsmoro på Øyragarden i Finden. Dei har funne fram arbeidsreidskap og Jon L. Finden (Store-Jo) er hest. Birger Frivik styrer plogen. Olav Øren kommanderar på hesten og Gunnhild Øren styrer taumane. Bak med kjerra ser me litt av Marta Øren og Jo-Brita Finden.

Sjå datapost | Stort bilde


Øyvind Øren framfor turka i Øyragarden som no er borte. Øyvind var ein av dei fem borna til Olav og Marta Øren. Øyvind var heime på garden til han døydde av tuberkolose i 1936, 24 år gamal. Mange i Finden døydde av denne sjukdomen, mellom anna to av syskena til Øyvind.

Sjå datapost | Stort bilde


Olav og Marta Øren med dei fem borna sine. Borna er frå venstre Marta, Øyvind, Nilla, Leiv og Gunnhild. Fire av borna døydde i ung alder, berre Gunnhild voks opp. Ho tok over Øyragarden i Finden i 1940 saman med mannen Anders Nummedal. Han døydde i 1941 og Gunnhild sat att med to born.

Sjå datapost | Stort bilde


Steffen Ellingson Finden (1823-1896). Steffen var gift to gonger, fyrst med Jensina Åse og hadde desse borni: Anna, Barbra, Ingebjørg og Anna. Så var han gift med Synneva G. Nesse og fekk borni Olina, Elling, Jensina og Per. Elling fekk bruket etter faren, seks av dei andre for til Amerika.

Sjå datapost | Stort bilde


Gullak og Ingebjørg Alræk på sine gamledagar. Dei sit i korgstolar og dottera Madli står bak. Sonen Hans overtok farsgarden. Einar var i Amerika, seinare vart han kjøpmann i Bergen. Nils vart gift til Vetlesand. Hansina til Finden. Ingebjørg vart gift med Anders Brekke i Ortnevik. Madli var ugift.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå Gunnar og Turid Finden sitt bryllaup. Dette er frå båtturen til kyrkja i Arnafjord, folk sit ute på dekk i det fine været. Bryllaupet feira dei i Finden. Gunnar var ein av borna til Botolv og Hansina Finden. Han gifte seg med Turid Nedberge frå Aurland. Gunnar var snikkar. Dei budde i Årdal.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå nyefjøsen i Finden. Den 12.01.83 flytte dei inn i nyefjøsen med 90 unggeiter. Då hadde det ikkje vore geiter på garden sidan 1954. Namneliste manglar.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå Finden. Odd Nummedal spelar gitar. Ved sida av står Gunnvald og Olav Kvåle som er på besøk. Dei budde i Bjørkeviki på Sylvarnes.

Sjå datapost | Stort bilde


Brita Friksdotter Brekke Finden. Ho var frå Kyrkjebø og vart gift med Lars Jonson Finden. Dei fekk 10 born. Det var Brita, Frik, Anfinn og Berta som reiste til Amerika. Jon og Botolv fekk kvar sin halvpart av garden, Olav vart lærar og Anna vart gift til Svolsvik. Sjå og bilde VIKf-95043.0036

Sjå datapost | Stort bilde


Lars Jonson Finden (1841-1902). Han var gift med Brita F. Brekke og dei hadde 10 born. Åtte av borna er omtala på bilete VIKf-95043.0035. I tillegg hadde dei Olina som vart gift med Nils Brekke frå Kyrkjebø og budde i Ortnevik. Og Synnøve som var ugift og dreiv ostefabrikk i Oslo.

Sjå datapost | Stort bilde

 ForrigeSide 2 av 5
Fann 90, viser 19 - 36
Gå til liste
Neste